Filmsensur(r)

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Film- og fjernsynssensur, og då serskild i USA, er noko med det sprøaste eg veit. Det finst ingen logikk bak det. Ingen meiningsfull logikk, i alle fall. Ein film får høgare aldersgrense di «fælare» han er, men ofte er kriteria for kva som er «fælt» langt frå det som eg ville sjå på som fælt.

Filmsensur byggjer på eit einaste prinsipp: at levande bilete har enorm (ja, mest gudeleg) påverknad på folk. Dei fleste medieforskarar er samde om at dette er feil. Det er lell ei seigliva myte som nektar å døy, og det hjelper ikkje stort at denne myta til og med finst i Kongeriget Norges Grundlov (§ 100): «Forhaandscensur og andre forebyggende Forholdsregler kunne ikke benyttes, medmindre det er nødvendigt for at beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder» (mine uthevingar). I den norske grunnloven ligg det altså tre idear om film:

  1. Film kan påverka.
  2. Påverknaden er skadeleg.
  3. …men berre på ungar og ungdom.

I den publikumsforskninga eg har lese, er berre den fyrste av desse tre rett. Film kan påverka, men verknaden treng ikkje å vera stor eller farleg. Eg ser film(ar) kvar dag, og merker at eg vert påverka. Verknaden avhenger sjølvsagt av kva film det, og kva huglag (engelsk: mood, bokmål: humør) eg sjølv er i når eg ser filmen. Eg kan verta glad av å sjå ein film, trist av ein annan, og redd, trøytt, nyfiken og så bortetter av andre igjen. Dette er direkte verknader som eg kan merka medan eg ser filmen, men det finst òg indirekte verknader som endrar haldningane mine over tid og kanskje til og med lærer meg noko. Kanskje får eg utlaup for paranoiaen min ved å sjå X-Files (eller fôrar eg berre han?), eller kanskje lærer eg noko om krig og fred og religion og politikk og sånn frå Planet of the Apes (eller er dette berre vranglære?). Indirekte verknader er vanskeleg å sjå, men ein indirekte verknad eg kan peika på, er at filmsmaken min endrar seg. Eg liker ikkje dei same filmane i dag som eg gjorde for tre år sidan. Det som slår meg er at ingen av desse verknadene er i nærleiken av den mytiske påverknaden som filmmediet visstnok skal ha om me trur på ålmenta. Eg leitar ikkje fram maskingevær etter å ha sett ein Rambo-film, og eg trur ikkje at dei kvinnelege funksjonærane i posten vil ha sex med meg etter å ha sett ein erotisk spenningsfilm. Det er heller ikkje forsking som seier at dette vil henda. Så kvifor trur vittuge folk på dette prinsippet då?

Det er påfallande at haldninga som rår både hjå publikum, og faktisk i industrien sjølv, strir imot forskinga. Denne motsetjinga gjer at eg ikkje stoler det spøtt på filmsensuren eller utsegn frå synsarar og filmtilsyn om verkekrafta til filmmediet. Filmsensurering baserer seg på faktafeil og naivistisk tru på eit ålmektug filmmedium, og skuver bort seriøs forsking til fordel for skremselstaktikkar. Det er direkte tortur å sjå ein Disney-film, så politisk korrekt som dei er. Dei nytta til dømes millionar av kroner på å digitalt forminska puppane til Linsey Lohan i Herbie: Fully Loaded. Kunne dei ikkje teke ein promille av dei pengane til å investera i sports-BH til henne i staden? Eller gjera som med prinsesse Leia i Star Wars: teipa puppane fast? Eller slutta å tenkja på puppane hennar og heller oppdaga at det er tittelen som er det skitnaste med den filmen? Makan!

Mistrua og bagatelliseringa av medieforskninga er kanskje ikkje så nøye for den gjengse filmtittaren, men kan volda skade i enkelte høve. Eg tenkjer serskilt på når nokon har mista livet og skulda leggjast på film. I fjor mista over 30 personar livet på grunn av ein galen valdsutøvar ved ei skule i Virginia. Det tok ikkje lang tid før nokon la skulda på valdsfilm, og den namngjevne filmen var i dette høvet Oldboy. Viss me eit augneblink ser bort i frå at det er vrøvl at film har slik verknad, så er denne påstanden framleis litt vel mykje å svelgja. Av di valdsfilm som oftast fokuserer på handling føre historie, er det ikkje rom for svært nyskapande rollefigurar eller vanskeleg forteljing. Denne typen filmar tek difor ofte i bruk stereotypar. Du har helten, jomfrua i naud, hjelparane til skurken og skurken sjølv. Skurken er alltid vondskapsfull, og det er ikkje tvil om at helten gjer rett når han utøver vald mot skurken og hjelparane hans, og det er heller ikkje tvil om at det er gale av skurken å utøva vald mot helten. Helten er valdeleg av di det er den einaste måten å redda jomfrua og kanskje resten av verda på, og det er det einaste rette å gjera. Veldig enkel, men òg tilsvarande vanleg oppskrift på valdsfilm. Dei som ser slike filmar, er indoktrinert til å vita at valdsbruk berre er OK mot dei slemme. Viss dei som ser desse filmane ikkje forstår denne skilnaden, at dei ikkje veit rett frå galt, så vil dei aldri kunne forstå desse filmane heller. Viss film hadde ein gudeleg påverkande kraft, ville ikkje folk gå laus på uskuldige menneske, men snarare tvert om. Men det finst valdsfilmar med svært original forteljing og kompliserte figurar. Oldboy er ein av desse. Me har framleis ein skurk og ein helt, men valdsbruken er i denne filmen totalt vonlaust. Viss denne filmen verkar inn på nokon, så er det ved å gjeva dei ei forståing om at vald ikkje fører til noko som helst godt. Viss film hadde denne gudelege påverkande krafta, ville ingen ha utførd vald etter å ha sett Oldboy.

Eit anna døme på ei sak der medievald får skulda, er Silje-saka i Nidaros i 1994. Vesle Silje mista livet i leik med to jamnaldre gutar. Eg hugsar ikkje alle detaljane, men i følgje media hadde gutane sett Teenage Mutant Hero Turtles, og imitert det dei såg. Det endte i tragedie. Saka var i alle avisane, og praten gjekk i nyhendesendingane på fjernsynet og i radioen. Til og med læraren min prata om det. Ho var veldig sint på dette fjernsynsprogrammet som visstnok hadde øydelagt det sarte sinnet til desse gutane, og påla oss om å slutta å sjå på det. «Viss ikkje kjem hjernen dykkar til å rotna bort til fordømminga!» (Læraren min var pedagog av den gamle skulen, og ho ville nytta handspåleggjing om det ikkje hadde vore for at det er forbode) Eg var ikkje gamle skrotten då dette ordskiftet gjekk, men hugsar kjempegodt at eg var redd. Eg var redd fjernsynet og eg var redd læraren, men mest av alt var eg redd for at nokon i klassen min skulle sjå serien og verta mordarar dei òg. Eg trudde på det som vart sagt: ser du valdelege fjernsynsprogram eller filmar, då vert du dobbelt så valdeleg sjølv. Det var det mange som trudde. TV3 slutta til og med å senda Power Rangers, ein annan populær kampsportinspirert ungdomsserie på den tida. I ettertid er det sådd tvil om at fjernsynet var syndebukken. Men frå det eg har lese, var nærmast alle samde om kven som var skuld i tragedia den gongen. Verdt å merka seg var at medieforskarar sjeldan uttala seg – og når dei gjorde det, trådde dei varsamt og valde orda sine med grannsemd for ikkje å skilja seg alt for mykje ut frå den rådande meininga. Dette fortel meg kor sterk og skummel denne haldninga er. Nesten som bokmål!

Eg har eigentleg ikkje tenkt å gå så djupt inn i problemet, så eg tenkjer at eg difor skal byrja å runda av her. For å letta på stemninga, vil eg koma med eit par litt festlege døme på paradoksal sensur. Dei fleste kjenner vel til serien The Simpsons. I ein episode, eg hugsar ikkje kva, sit Homer på ein benk i idrettsanlegget under ei eller anna sportshending. Han vert, utan å vita det, filma og synt fram på storskjermen. Og kva anna gjer han akkurat i dette augeblinket enn å klø seg i skrittet? I kommentarsporet til denne episoden fortalde animatøren at Homer klødde seg mange gongar i i dreieboka, men at sensuravdelinga til Fox (fjernsynskanalen) nekta dei å animera det. I den ferdige versjonen klør han seg berre ein gong. Rett før episoden vart sendt, hadde Fox laga ein reklame for han, og då hadde dei vald nett denne scena. Dei spelte henne av i ei gjentakande løkkje, slik at det såg ut som han klødde han seg fem-seks gonger, opp og ned. Dobbeltmoral?

Eit anna slikt paradoksalt døme er Die Hard 4. Filmserien er for barske karar og tøffe kvende. John McClane røyker, banner, drikker, slår og ikkje redd for å verta skitten og sveitt. Ingen kødder med honom! Men i den nye filmen har han stumpa røyken, vaska munnen, lagt vekk flaska og teke aggresjonsterapi. Han vert framleis skitten og stundom litt sveitt, men det er det einaste han har til felles med dei tre føregåande filmane. Dette for at firer’n skulle få aldersgrensa «PG-13» i staden for «R» (tilsvarande dei norske «15 år, ned til 12 år med fylgje» i staden for «18 år, absolutt grense»), slik at filmen skulle tena maksimalt med pengar. For oss «die dard Die Hard fans» (orsak ordspelet, eg kunne ikkje dy meg) tydde dette at me kom til å mista McClane-replikken «yippee-ki-yay, motherfucker». [sarkasme]Det er jo langt meir skadeleg å høyra ordet «fuck» enn å sjå ein mann denga ei dame halvt i hel, hiva henne ned ei heissjakt og kasta ei stasjonsvogn oppå henne.[/sarkasme] Filmskaparane innsåg at me ikkje ville tillata dei å fjerna replikken heilt, så dei utførte filmmagi. I den ferdige filmen høyrer me «yippee-ki-yay, mo…[BANG]». Men til trass for at Fox (ja, dei igjen) gjekk langt for å sensurera denne replikken, snudde dei atter ein gong i døra i marknadsføringa. Eit utal filmplakatar inneheld orda «Yippee-Ki-Yay», og då DVD-en vart lansert, var det i ein «Yippee-Ki-Yay Edition», komplett med ein musikkvideo med refrenget «Yippee-Ki-Yay Motherfucker!» og ein tjue minutt lang dokumentarkortfilm med tittelen «Yippie-ki-yay MotherF*****!»

Filmsensurr på sitt beste.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/02/filmsensurr/

8 comments

Skip to comment form

    • Ola on 2. februar 2008 at 11:31

    Interessant. Eg du har nok rett i det meste her, men å avfeia at ungar kan verta lettare påverka enn vaksne, trur eg er litt vel kjapt. Born er ikkje ferdig utvikla, og må læra seg kva som er film og kva som er røynd, kva som er akseptabelt å gjera og kva som berre er lov på film. Og eg trur ikkje at berre av di det er teiknefilm, so kan ein visa South Park til 10-åringar, til dømes på grunn av språket. Dei vil ikkje utan vidare tenkja «Nei, dette er berre tull, slik må ikkje eg snakka i engelsktimane.» Nokon må fortelja dei det. Likeeins trur eg born kan læra «leikar» på film som er farlege. Eg og bror min leika ein gong at me var i eit dataspel, og at det var nokon som heiv stein på oss. Me måtte springa til sides og passa oss for det. Eg skulle passa meg, og bror min skulle hiva, og plutseleg kom det ein stein eg ikkje såg, og eg fekk han midt i panna. Me torde ikkje seia noko heime, for me skjøna jo at det var ein dum og farleg leik, men eg kan faktisk tenkja meg at det er mogleg at ein tilsvarande leik kan få alvorlegare konsekvensar om dei ikkje skjønar i tide at det er for farleg. Har du noko meir stoff om Silje-saka, som kan argumentera for noko anna?

    Det er og feil å skriva at Grunnlova seier at all påverknad frå film er skadeleg. Grunnlova handlar berre om den påverknaden som KAN vera skadeleg.

    Skrivefeil:
    Dei som ser slike filmar, er vel indoktrinert til å vita at valdsbruk berre er OK mot dei STYGGE? Ikkje mot dei snille, slik du skreiv?

    • Simon on 2. februar 2008 at 17:48
      Author

    Silje-saka: Det at du heldt munn om det som hendte, syner jo nett at du kunne skilja rett frå gale. Eg kan ikkje finna mykje om Silje-saka, men leit etter «James Bulger» om du vil lesa om ei liknande hending. Ho har langt meir mediedekning. Bulger-saka hendte året før i England. To ti år gamle gutar kidnappa den to år gamle James Bulger frå eit kjøpesenter, torturerte og drap honom, og prøvde å skjula spora sine ved å leggja honom på togbanen. I kjølvatnet på denne gruelege hendinga, skreik synsarar og forståsegpåarar om at dette var på grunn av Child’s Play 2, og den filmen var eine og aleine skuld i drapet på Bulger. Problemet er berre at synsarane sa at gutane leika at dei var Chucky, mordardukka, medan forståsegpåarane meinte at gutane leika at Bulger var Chucky. Eit større problem for den hypotesa er det at politiet konkluderte med at gutane aldri hadde sett filmen, men det brydde ikkje tabloid-svoltne folk seg om. Kor som er, gutane vart dømt. Retten fann at dei openbert visste forskjell frå rett og gale, av di dei prøvde å skjula spora sine. Poenget mitt er at du ikkje kan peika på ein einskild ting og seia at det er syndebukken. Når slike gruelege saker hender, så er det ein rekkje faktorar som speler inn. Dei to gutane budde trongt og dårleg, hadde upålitelege foreldre som tidvis drakk og slo, dei gjorde det dårleg sosialt og intellektuelt på skulen og så bortetter. Kva får leiken til å gå så gale veit eg ikkje, men det er heilt bortinatta tåpeleg å tru at det er filmen (og filmen aleine) som har skulda.

    Grunnlova: Det er mykje som kan vera skadeleg, men det står då vel ikkje i Grunnlova av den grunnen? Det at det i det heile teke er gjort ei slik unnatak, er av di denne misoppfatninga er sterk. Kvifor er det ikkje gjort same unnatak for bøker, teater, musikk og biletkunst? Alle desse mediene har like stor innverknad på folk. Eg kan fortelja deg kva grunnen er: filmmediet er yngst. Det er noko nytt. Alle dei andre mediene har vore her lengje, men filmen er knappe 100 år. Og det som er nytt, møter alltid skepsis. Det finst ikkje ein einaste god grunn til å ha dette med i Grunnloven, men det er der lell.

    Skrivefeil: Eg skal retta opp no.

    • Synnøve on 2. februar 2008 at 19:51

    Eg trudde R tilsvara den norske 15-aarsgrensa (sann om lag), medan PG-13 var nettopp det – 13-aarsgrense?

    Eg har eit eksemplar av «Whale Rider» som er kjöpt i utlandet, og som har PG-13-grense, og det verkar veldig snodig om den filmen ikkje skulle vera tilleten for born under 15 aar…

    Interessant innlegg.

    • Simon on 2. februar 2008 at 21:40
      Author

    I Noreg har me ingen 13-årsgrense. Me har:

    • tillaten for alle (A)
    • 7 år (barn ned til 4 år i følgje med føresette)
    • 11 år (barn ned til 8 år i følgje med føresette)
    • 15 år (unge ned til 12 år i følgje med føresette)
    • 18 år (absolutt nedre grense)

    Det er Medietilsynet som avgjer kva grense ein film skal ha, uavhengig av kva den same filmen fekk i utlandet. Ein film som får PG-13 i utlandet vil difor kunne få 11 år eller 15 år i Noreg. Både Whale Rider og Die Hard 4.0 er PG-13, men dei er høvesvis 11 år og 15 år i Noreg. Av di 11-årsgrensa opnar for ungar ned til 8 år, så er PG-13-filmar som oftast 15 år her. MPAA, som set dei amerikanske aldersgrensene, definerer R som 17 år eller yngre med følgje. Absoluttgrensa er NC-17.

    • Synnøve on 2. februar 2008 at 22:23

    Eg visste at me ikkje har 13-aarsgrense i Noreg, men eg trudde R-filmar normalt fekk 15 aar her, medan NC-17-filmar fekk 18-aarsgrense… Men det kjem sikkert an paa filmen, som du seier.

    Veit du forresten om Medietilsynet er strengare naar det gjeld aldersgrenser enn det MPAA er?

    • Simon on 4. februar 2008 at 0:24
      Author

    Det har eg eigentleg aldri tenkt over. Amerikanarane er ofte meir opne for vald enn europearane (med unnatak av italienarane), medan det omvendte er sant for sex og nakenskap. (Utan å hevda at nordmenn er europearar.)

    Viss me ser på definisjonen på grensene, vil jo alle kunne sjå ein R-film så lengje dei har med føresette, men berre dei ned til 12 år vil kunne sjå ein film med 15-årsgrense i følgje med føresette. Såleis er Medietilsynet strengare. MPAA let sensuren liggja hjå føresette, og dimed meir i tråd med kva eg meiner om ytringsfridommen (men det er kanskje det einaste MPAA gjer rett). Sjølve vurderinga av filmane har eg ikkje eit referanseverk å halda meg til, så eg kan ikkje uttala meg der. Eg veit ikkje kva filmar som er vurdert strengare i Noreg eller i USA.

    • Ola on 11. februar 2008 at 23:00

    Eg tenkte på ein ting: Media som er endå nyare enn film, til dømes dataspel, vert sensurert endå strengare, og det er mykje sterkare og meir fanatiske krefter i sving for å sensurera dataspel mest mogleg, til dømes for å reinsa dei for blod og sex. Eg trur det heng saman med det du seier om alder på medium.

    • Simon on 16. april 2008 at 18:40
      Author

    Filmschoolrejects.com posta nett ein god artikkel om filmsensur: Is PG-13ification a New Era of McCarthyism?

Comments have been disabled.