Star Wars attende på kinolerretet!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det har lengje vore kjend at oppfølgjaren til teikneserien Clone Wars var under produksjon. I år kjem han!

Forskjellen er at denne nye Clone Wars-serien vil nytta seg av dataanimert grafikk i staden for tradisjonell grafikk (men den gamle serien var dataanimert han òg, berre så det er klart). Episodene kjem dessutan til å vera 30 minutt lange, noko som er det dobbelte av episodene i sesong 3.

Men før den nye serien startar, kjem ein episode i langfilmlengd til å sleppast på kinolerretet. Clone Wars-filmen premiere 15. august (norsk premieredato er ikkje fastsett enno). Egglermegegglermegegglermegegglermeg!

Les pressemeldinga for meir informasjon.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/02/star-wars-attende-pa-kinolerretet/

Comments have been disabled.