The third gathers – the backstroke of the west

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har ikkje stor respekt for piratmarknaden i filmverda. Film er best på kino, ikkje på ustø, uklåre opptak av ei framsyning i ein asiatisk kino gjort med eit digitalt videokamera til 500 kroner der me stundom ser ein kinesar vandra forbi for å kjøpa meir popkorn. Alle vala regissøren av filmen har teke vart gjort med tanke på kinoopplevinga – alt frå breiddeformat og ljos til farge og akustikk. Det er ei kjennsgjerning at du aldri får den same biletkvaliteten frå ei DVD-plate på fjernsynsskjermen din heime som frå ein 35-millimeterfilm på lerretet i kinosalen. Du kan eiga den største og nyaste plasmafjernsynsmodellen på marknaden med den dyraste bluray-spelaren som finst, og jamvel er du ikkje i nærleiken av kvaliteten som regissøren meinte du skulle sjå. Det er rett og slett for mykje informasjon på celluloid-rullen som (enno) ikkje er mogleg å fanga opp med bitar og bytar. Så kvifor i helvete finst det dei som ynskjer å få tak i film med endå dårlegare kvalitet enn DVD? Nokre av desse piratversjonane har dårlegare biletkvalitet enn ein tolv år gammal VHS-kassett i sitt hundrede gjennomsyn (og ja, eg har faktisk røynsle med VHS-kassettar med hundre gjennomsyn!).

Eg har ikkje så veldig moralske innvendingar mot piratkopiering. Snarare tvert om. Eg tykkjer at somme MPAA-muta medieaktørar fokuserer for lite på format og for mykje på moral. Skal ei trettan år gammal jente som aldri har vorte fortald at nedlasting av åndsverk er ulovleg verta stempla som forbrytar og til all æve ha eit rulleblad som dimed stengjer henne frå mange arbeidsplassar? Er det ikkje foreldra som er skuldige i å vera ignorantar? Eller nettleverandøren for å vera litt for snill? Eller styresmaktene for å vera ukunnige og handleslamma? Eller dei piratane som faktisk fyrst la ut filmen på nettet? Eller kanskje MPAA sjølv, som trass alt nyttar seg av ulovlege middel i kampen sin mot piratane. Eller er det kanskje dei mange utro tenarane i filmbransjen sjølv, som lekkjer filmar til piratane? Mange av dei piratkopierte Hollywood-filmane kjem frå medlemer av Akademiet. Kvart år får dei tilsendt tittekopiar av storfilmar i samband med Oscar, og to-tre dagar etterpå dukkar alle desse filmane opp i DVD-format på Internett. Men kva med alle andre filmane som dukkar opp før kinopremiera? Eg meiner det er heilt openbert at dei er kopiert av nokon med tilgang til kjeldematerialet, altså kan det ikkje vera snakk om ein tilfeldig datanerd som opererer frå loftstova til mora si. Desse filmane vert lekkja av ein bransjeaktør, ein profesjonell klyppar eller produsent (eller til og med regissør), som i USA nesten utelukkande er fagorganisert i MPAA! Ironien og dobbeltmoralen er tydeleg viss me samanliknar dette med krigen åt Hitler: han var sjølv kvartjøde og latent homofil, og hadde ikkje særskilt ariske trekk.

Hmmm, kor var eg? Jo, nedlasting av ulovleg kopiert materiale er ikkje ei god handling, men dei som gjer dette er ikkje forbrytarar jamsides valdtektsmenn, svindlarar eller bokmålsbrukarar. Nedlastarar er idiotar, toskar og fjols, men dei er ikkje forbrytarar. Film er best på kino, og dei som lastar ned eller kjøper pirat-DVD-ar går glipp av ei vesentleg del av filmopplevinga. Men frå tid til annan kan piratkopiert DVD vera verdt å få med seg. Som eit tillegg, ikkje erstatning! Kjøper du piratkopiert DVD-r frå til dømes Taiwan, kjem dei ofte komplett med menyar, litt ekstramateriell og ikkje minst engelske undertekstar. Det er denne underteksten som er interessant. Han plar nemleg ofte å vera heilt vill, og svarar sjeldan til det som faktisk vert sagt på skjermen.

Den «engelske» tekstinga er omsatt frå engelsk til mandarin og attende til engelsk att utan at dei faktisk har sjekka kjeldematerialet. Eit glimrande døme er pirat-DVD-en til Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith, eller Star war: The third gathers – The backstroke of the west som piratversjonen frå Taiwan seier.

Under den grandiose, adrenalinfylte og fantastisk artige opningssekvensen i Episode III, kjem Anakin og Obi-Wan med ganske mange løye replikkar. Ein av desse replikkane var «This is where the fun begins» i den ordentlege versjonen. I piratversjonen sa dei at «Game time started». Anakin og Obi-Wan vert skote på, og Obi-Wan gjev Anakin snøgg instruks om dette: «Missiles! Pull up!». I Taiwan seier han derimot den lange og nokså grammatisk underlege meldinga «Notice the guided missile pull out high». Og kan du gissa kva Obi-Wan meiner når han seier? «Like, reach the man. Good good good let us counter-attacking»? Nei, han har ikkje teke Dødspinnar, men pratar til roboten sin: «All right, R4. No, no, nothing too fancy».

Gutane har mange gullkorn i piratversjonen, og fleire av dei er av litt tvilsam natur. Kenobi klagar til dømes over at «The disgusting thing came». Ein kvafornoko ting kom? Eg høyrte då vittarleg at han sa at «Flying is for droids». Og kva tyder utbrotet «Do you fuck on I»? Seinare, når Palpatine og Anakin pratar løynleg samans, skryter Palpatine av Anakin: «You make out quite good». Ehem, javel? Dette set det framtidige forholdet mellom keisaren og Darth Vader i eit nytt perspektiv. Dette vert forsterka når dei seinare vert fanga i eit kraftfelt. Anakin seier at R2-D2 snart kjem for å redda dei, og leggjer til: «Then can make we out». Plutseleg forstår eg så alt for tydeleg kvifor Darth Vader løper rundt i lakk og lær…

Viss du vil sjå fleire døme frå Backstroke of the West, kan du lasta ned undertekstane eller glytta på Winterson.com, som har bilete frå piratfilmen.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/02/the-third-gathers-the-backstroke-of-the-west/

7 comments

Skip to comment form

    • Ola on 2. februar 2008 at 23:33

    I same klasse som den kjende «All your base are belong to us», verkar det som.

    • Simon on 17. februar 2008 at 23:59
      Author

    Om lag. Forskjellen er at Zero Wing var japansk som vart omsatt til engelsk av ein japanar som ikkje var heilt stø i engelsk, medan desse piratutgjevingane er engelske omsatt til mandarin og attende til engelsk att utan å sjekka samsvar mellom ljod og tekst. Eitt hakk dummare, med andre ord. To, om du reknar med det faktumet at biletkvaliteten er dårlegare enn original-DVD og kino.

  1. Vel. 35mm film er ikkje alltid supert. Råfilmen er ganske hard, men du mistar ekstremt mykje kvalitet når me byrjer kopiera upp filmane optisk. No hev ting vorte mykje betre med ein digital arbeidsflyt; scannar inn filmen og gjer alt i DI (digital intermediate) – og so vert filmen skrive ut att; men frå der vert dei ofte kopiert optisk. Ikkje bra.

    Men det er eit norsk firma som hev utvikla ein rask filmskrivar; so det ser litt betre ut for film no. Likevel er det mykje betre å sjå film på ein digital 2k-prosjektor (eller 4k, som eg såg her i Oslo ein gong). Eg hev sett 72mm (eller er det 75?) film; det var veldig imponerande – men eg vart framleis meir imponert av å sjå forskjellen på ein 35-rull og å sjå det digitalt. Digitalt eig 35mm so ekstremt i desse dagar.

    Eg meiner Bluray er betre enn ein vanleg 35mm-filmkopi. Ikkje betre enn ein answer-print frå råfilmen, men mykje betre enn det me plar sjå i kinosalene… Sjølvsagt må du hava supert utstyr heime for at du skal få mest utav det, so eg er ein flittig kinogåar (det er berre alt for dyrt).

    • Simon on 20. februar 2008 at 13:34
      Author

    Men meiner du at betre digitalfilm rettferdiggjer piratkopiering?

  2. Eg er no for fri kultur og deling, ja. Men det var no ikkje det eg svara på heller; det var meir denne setningi her:

    «Du kan eiga den største og nyaste plasmafjernsynsmodellen på marknaden med den dyraste bluray-spelaren som finst, og jamvel er du ikkje i nærleiken av kvaliteten som regissøren meinte du skulle sjå. Det er rett og slett for mykje informasjon på celluloid-rullen som (enno) ikkje er mogleg å fanga opp med bitar og bytar.»

    Det meiner eg altso er feil.

    • Salt on 27. februar 2008 at 19:44

    Når det gjelder piratkopiering, enten det er på gamlemåten eller via internett, så er alle aktører kriminelle hvis de forbryter seg mot rettighetshaver.
    Man kan ikke frikjenne nedlastere fordi man føler for det. En nedlaster har unnlatt å inngå en frivillig avtale med kunstner/rettighetshaver, og utsetter dermed denne for en form for tvang ved å ta produktet uten å spørre (hvilket er både høflig og etisk) hva skaperen/rettighetshaveren ønsker for produktet sitt.
    En skrev overfor at han er for fri kultur og deling. Men det må vel være opp til kunsteneren om han ØNSKER å dele verket sitt, eller om han ønsker e motytelse.
    Det handler om å respektere andres rettigheter slik vi selv ønsker respekt.
    Hvis arbeidsgiveren vår sa at han ønsket vi skulle arbeide gratis fordi han var for fri jobbing og deling og slikt, skulle jeg tro vi ble ganske forbannet og med god grunn.

    Kan ikke ha én regel for oss, og én for andre.

    • Simon on 20. mars 2009 at 2:54
      Author

    Å, herleg. Endå fleire bilete: http://winterson.com/2009/01/episode-iii-backstroke-of-west-redux.html

Comments have been disabled.