Haihopping i New Mexico

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg vil orsaka for lengda på dette innlegget. Eg veit at mange ikkje liker å lesa lange tekstar på veven, men eg lét meg riva med under kladdinga av innlegget. Eg vonar at folk les det lell, men innrømmer at det er mykje synsing og lite handfaste argument mot slutten.

«Jumping the shark» er eit frykta omgrep i fjernsynsverda. Når ein fjernsynsserie hoppar over haien, tyder det at serien har gjort noko som til sist fører til at han vert lagt ned. Utsegnet kjem frå ein episode av den amerikanske fjernsynsserien Happy Days, kor Fonzie hoppa på vasski over ein hai. Etter dette følte mange av sjåarane at skaparane av serien hadde gjort han til noko dei ikkje ynskte eller likte. Vevstaden Jumptheshark.com var visstnok dei fyrste til å nytta «jumping the shark» som metafor for dødsdømte fjernsynsseriar:

[Jumping the shark is] a moment. A defining moment when you know that your favorite television program has reached its peak. That instant that you know from now on…it’s all downhill.

Vidare listar dei opp ein del vanlege hendingar som typiske teikn på at serien er dauden nær. Desse hendingane er kanskje uopprettelege feilgrep frå skaparane, men eg tenkjer sjølv at dei er uunngåelege. Det vil seia, nedleggjinga av ein serie er uunngåeleg. Det er berre to typar serie som kan halda fram i ekstrem lang tid, og det er det me kallar såpe og det me kallar nyhende. Dagsrevyen og Days of Our Lives kan halda fram til all æva, av di desse seriane er mindre avhengig av ein overordna samanhengjande historie enn dei andre fjernsynsseriane. Eg trur alle kan vera samde om at nyhende er eit format som ikkje krev noko kunne på førehand for å vera med på forteljingane (som i dette høve er dokumentasjon på noko som hender nett no, redigert frå eit «uavhengig» synspunkt). Såpe krev litt eigeninnsats, men av di forteljingane vert fortald med møysemd og med svært mange gjentakingar (historia vert mest mata inn med teskje), så vil du kunne hoppa inn når som helst utan å gå glipp av mykje. Dessutan er du ikkje avhengig av forkunnskap til karakterar og hendingar, sidan såpe meir eller mindre ignorerer dette. Eit giftemål ein sesong er ein skilsmisse den neste, og plutseleg kan bitre fiendar verta bestevenar. Kva har til dømes forholdet mellom Georg Anker-Hansen og Ninni å seia for folka på Hotel Cæsar i dag? Difor kan såpa halda fram lengje. Resten av seriane kjem derimot til sin «best føre»-dato før eller seinare, men eg tviler på at ei einskild hending fører til nedleggjing.

Det siste året har eg fokusert meir på fjernsynsseriar og miniseriar enn film. Eg har tidlegare nemnt at eg har ein passiv fjernsynsboikott, men eg har på inga vis brote denne ved å sjå seriar. Ein del seriar er i DVD-samlinga mi, og resten har eg hatt tilgang til på biblioteket. Kor som er, eg har sett nok seriar til å sjå haihoppingfenomenet på nært hald. Krondømet er Roswell.

Eg hugsar kjempegodt då Roswell gjekk på TV 2 for åtte år sidan. «Alle» på ungdomsskulen prata om serien, men det endra seg snøgt. Det som såg ut som vitskapsdikting, var tenåringsromansekliss i ekte kiosklitteraturnivå (serien starta forresten som kiosklitteratur lengje før han kom til fjernsynsskjermen, så det var kanskje ikkje så rart). Men det var ikkje difor han hoppa over haien. Vel, OK, kanskje litt difor, men serien var eit togvrak frå tidleg i sesong ein.

Alle som ikkje har sett Roswell (og X-Files) og ynskjer å sjå den(/dei) uskjemd: det var stikkordet for å stogga lesinga. No. Høyrte du ikkje kva eg sa? Ikkje les vidare. Kvifor les du dette? Dust.
Alle andre:

Sesong ein av Roswell startar med at Liz vert skoten. Ein av personane på åstaden, Max, leggjer hendene sine over skotsåret og lækjar henne på magisk vis. Liz er sjølvsagt forvirra, og i kjølvatnet hendinga avsløyrer Max til henne at han, systera Isabel og venen Michael er romvesen. Dei gøymer seg blant folk i Roswell av di dei er redde for kva som ville henda om nokon fann ut løyndommen. Sjølv ikkje fosterforeldra hans veit sanninga, men Max hadde eit for stort hjarte til å lata Liz berre døy. Han elska henne, og no la ho merke til varmen og kjærleiken hans.

Fyrste feil: Kjærleik skal ikkje vera lett, og skal i alle fall ikkje henda allereie i pilotepisoden. Det hadde vore betre å byggja opp forholdet deira gjennom heile sesongen, kanskje fleire sesongar. Sjå berre på X-Files, der det tok Mulder og Scully seks år å innsjå at dei elska kvarandre og yttarlegare tre år å fullbyrda kjærleiken. Og me som tilskodarar til romansen fekk ikkje meir enn eitt kyss som stadfesting året etter dette. Eg hugsar at det var stor oppegging om at me skulle få sjå eit romantisk kyss allereie i filmen (mellom sesong fem og seks), men me vart snytt. Det er klart, X-Files var ikkje meint å vera ein romantisk serie, men formelen dei fulgte med dette forholdet er føredømeleg for alle dramaseriar. Ikkje lat rollefigurane dine hoppa i halmen for tidleg!

Ikkje misforstå meg, Liz og Max i Roswell var eit perfekt par. Mest alle som såg serien digga dei to saman. Men nett dette var problemet. Dei var for perfekt, og av di serieskaparane hadde ført dei saman så tidleg, mista dei mange historier om det som kunne ha hendt medan Max og Liz berre flørta. Difor følte serieskaparane at dei måtte skilja dei to på eit vis. Feil nummer to: den nye rollefiguren Tess. [sarkasme]Kva betre måte å skilja Max frå Liz på enn å intodusera eit nytt, blondt og barmfagert romvesen som var lagnadsbundi til å vera maken til Max?[/sarkasme] Tess vart dårleg teke i mot blant dei faste tilskodarane av serien, og det med god grunn. Nye rollefigurar må fortena å vera ein del av kjernegruppa, og ikkje berre slengjast inn sånn heilt utan vidare (med mindre det er ein såpeserie, då hender sånt støtt). Tess øydela dynamikken i gruppa og skapte ubalanse i serien. Det kunne ha gått bra om Tess hadde vore skrive som ein skurk, og dei hadde kutta ut alt det tøvet om lagnaden til Max, men det handsama henne heilt feil. Igjen vil eg syna til X-Files, kor den nye mannlege hovudrolla i sesong 8, Agent Doggett, vert introdusert når Scully slengjer eit glass fylt med vatn og vanvyrdnad i trynet hans og går ut av biletet i sinne. Skaparane av X-Files visste at ingen kom til å lika Doggett som erstatning for Mulder, så difor skreiv dei honom som ein antagonist som måtte fortena stillinga si i x-arkivet. Scully fungerte i denne episoden som røysta til tilskodarane, og det var særs brilliant handsama. Roswell-skaparane kunne ha trengt ein leksjon der: Ikkje set inn ein ny rollefigur i gruppa og tru at sjåarane vil godtaka han!

Feil nummer tre: Med Tess kom òg ein heilt ny mytologi som meir eller mindre ugilda den gamle og kjære mytologien. Stor, stor tabbe. Når du har klart å selja eit serieprodukt, kan du ikkje berre heilt utan vidare endra dette i neste sesong. Dette var feilen (og substantivet feil står i eintal av di eg meiner dette var det einaste feiltrinnet i den serien) til X-Files då dei kasta syndikatet på bålet (bokstaveleg tala) i 1999, og dette var ein av feilane Twin Peaks gjorde då dei oppklara mordet på Laura Palmer tidleg i sesong to. Som Fry forklarar i Futurama:

That’s not why people watch TV! Clever things make people feel stupid. Unexpected things make them feel scared. […] TV audiences don’t want originality. They want what they’ve seen 1 000 times before. […] [That’s the secret of all TV shows:] At the end of the episode, everything is right back to normal.

Då skaparane innsåg at Roswell-publikummet ikkje kom til å godtaka Tess utan vidare, gjorde dei ein feil nummer fire: deus ex machina. Ein litt eldre Max kom attende i tid gjennom ein tidsmaskindings og fortalde til Liz at om ikkje ho og den yngre Max avslutta forholdet sitt, ville Tess verta lei av å venta og reisa sin veg. Dette ville føra til at Max, Isabel og Michael ikkje kom til å vera sterke nok når fienden frå verdsrommet kom, og heile verda ville dimed gå under. Liz kraup difor til sengs med ekskjærasten Kyle vel vitande om at no-Max snart kom innom og taka dei på fersken. Max vart vonbroten, og kraup til sengs med Tess.

Uff, nei, me likte Tess endå dårlegare no. Fleire feil: Tess vart gravid. Alex døydde. Tess vart avsløyrt som mordaren av Alex. Ho vart sendt til heimplaneten i ein dings som skulle vera avgjerande for å vinna den kommande krigen. Etter at ho drog, vart dingsen aldri meir sett i serien. Med Tess ute av biletet, kasta serieskaparane heile rominvasjonen og verdas undergang ut or vindauget. Dei skapa ein ny konflikt for å halda forholdet mellom Liz og Max attende på, ein litt meir truverdig ein: faren til Liz nekta henne å sjå Max. Hadde denne kome i sesong ein, så hadde serien kanskje heldt ut lenger, men det var litt seint å koma med denne no.

Det var ikkje mogleg å berga serien, så serieskaparane fann det tydelegvis best å køyra han heilt i grusen. Isabel vart gift, Max flytta ut og kjøpte seg ein sportsbil og skinnjakke, Michael vart steingalen, Max døydde, Max stod opp att, Liz flytta på internat, Liz drakk seg drita full og flytta heim att.

Når ingenting lenger hang på greip, slutta serien med at alle rømte frå Roswell. Etter alle konfliktane, etter all dramaen, etter alle nederlaga og småsigrane, svikta rollefigurane dei få sjåarane dei hadde att og stakk av. Dei slemme vann. (Skjønt ikkje dei same slemme som i sesong 1, og heller ikkje dei same slemme som i sesong 2. Kven dei slemme i sesong 3 var, er ikkje godt å seia, og kor dei slemme frå sesong 1 og 2 vart av vitast ikkje). Det finst seriar der dette er ein god måte å enda alt på, til dømes X-Files, men det høyrer ikkje heime i tenåringsdrama.

Mykje av grunnen til at Roswell feila så grundig, var at serien hoppa frå kanal til kanal og produksjonsselskap til produksjonsselskap. Ulike eigarar førte til delte meiningar om kva serien eigentleg var. Til sist var det tilskodaren det gjekk ut over, og Roswell er i ettertid eit lysande døme på haihopping. Eller kanskje berre døme på ein dårleg serie. X-Files, derimot, er ein god serie.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/03/haihopping-i-new-mexico/

5 comments

Skip to comment form

  1. Interessant tekst!

    • Simon on 17. mars 2008 at 21:39
      Author

    Takkar. Pla du å sjå serien då han gjekk?

    • Synnøve on 18. mars 2008 at 20:20

    Nei, har aldri sett han. Og det höyrest ikkje ut som om eg gjekk glipp av so mykje, heller…

    • Simon on 18. mars 2008 at 20:39
      Author

    Nei, ikkje anna enn tittellåta «Here with Me» av Dido – men ho kan du jo ha høyrt ein annan stad…

    • Synnøve on 18. mars 2008 at 22:36

    Jepp:-)

Comments have been disabled.