«

»

Kosmorama 2008

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Kosmorama-superheltane 1

Det har vore filmfestival i Nidaros, og eg har i år som i fjor delteke med hug og iver. Dette er det tredje Kosmorama eg har vore på. Røynslene mine frå dei føregåande åra gjorde at eg valde å sjå litt færre filmar, og med betre tid mellom visningane. I løpet av festivalveka, såg eg 23 filmar og deltok på 2 seminar.

I år hadde Kosmorama mange fleire filmar, men eg fekk inntrykk av at det var færre sær-filmvisningar av typen Haisommer i Pirbadet og Grease på Ikea-parkeringsplassen. I år synte dei Jeanne d’Arc i Nidarosdomen, og på treningssenteret 3T kunne du sjå High Fidelity under ein spinning-time.

Undervegs har eg skrive ei lita dagbok frå festivalveka:

Dag ein: Ulvenatta

Ein litt b-filmaktig eksplosjon frå Ulvenatten

Ein litt b-filmaktig eksplosjon frå Ulvenatten 2

Ah, endeleg er Kosmorama i gang att. Tidlegare i år enn i fjor. Det er kaldt i vêret og det ligg mykje slaps utafor. Dimed vert det litt for fuktig og litt for varmt inne, men det får berre vera. Det er jo filmane som tel!

Festivalen starta for min del litt uheldig. Kosmorama hadde nemleg motteke feil utgåve av filmen Partes usadas. Filmen, som hadde spansk tale, var teksta på fransk! Mitt franske ordtilfang er om lag fire ord stort, og det hjelper ikkje stort at eg forstår om lag like mykje spansk som fransk. Men dei hadde fått tak i engelske tekstar, som dei projisere på lerretet ovanfor fransken. Denne teksten måtte bytast manuelt, så han var støtt ute av takt. I tillegg var bokstavane fargelagt i den mest gyselege grønfargen eg nokon gong har sett på undertekstar.

I år klarte eg å skaffa meg billett til opningsfilmen. Det var ganske løye. Superheltane frå Kosmorama-bumerket dukka opp, og det var fyrverkeri i salen. Festivalsjefen heldt opningstale med sin uhyrleg dårlege engelske uttale (kanskje til og med verre enn meg sjølv!), men det lét ikkje som om det var noko hinder for dei engelskspråklege gjestane i salen. Etterpå overtok Trond Giske talarstolen, og opna tala si med eit sitat frå Telegrafisten. Tala hans var kveikjande og god. Opningsfilmen var Ulvenatten. Forutan eit par ganske middelmåls spesialeffektar, var filmen underhaldande og til og med litt spennande.

Høgdepunktet i dag var Blade Runner. I fjor gav Ridley Scott ut endå ein omvøla utgåve av filmen sin, og det var denne utgåva dei synte fram. I digital 4K. Med fritt seteval. Og det beste av alt: i THX-salen! Filmen har aldri sett så bra ut og høyrtest så lekkert ut før. Men det vart seint før eg kom meg heim. Klokka er no halv eitt, og eg har enno ikkje fått laga meg kveldsmat.

Dag to: John Sayles-festival

Honeydripper 3

Dagen starta med ein gammal John Sayles-film, The Brother from Another Planet. Ein litt annleis vitskapsdikting, om me kan kalla det det. Filmen var småartig, og ein fin start på dagen.

Etterpå såg eg A Massacre Foretold, men følte meg litt lurt av programkatalogen. Dokumentarfilmar står med få unnatak i eit eiga «kapittel» i katalogen, og dei som ikkje står der, har ein liten merknad om at dei er dokumentarar på katalogsida si. A Massacre Foretold stod korkje saman med dei andre dokumentarane og hadde ikkje merknad om at det var ein dokumentar. Lommeprogrammet plar òg ha ein liten merknad, men heller ikkje her kunne eg lesa at filmen var ein dokumentar. Eg er ikkje så veldig glad i dokumentarar. Eg kan sjå dei, men då må eg ha lyst til å sjå dei. Og eg vil helst vita på førehand at det er dokumentarar.

Elles såg eg Mad Detective og Honeydripper. Den fyrste var pur underhaldning om ein steingalen politietterforskar som kunne sjå det indre til folk, og den andre var ein hyllest frå John Sayles til sørstatsblues på femtitalet. Med unnatak av Blade Runner, men den tel ikkje av di eg har sett han før, er det ingen av filmane eg har sett til no som har vore skikkeleg gode. OK, heilt greie, middels gode, men dæven-faktoren har mangla. Men det er enno mange dagar att…

Dag tre: Ventetid

Small Gods 4

I år har eg færre filmar i festivalplanen min. I fjor og forfjor hadde eg nesten fullstappa program utan pusterom mellom filmane. Eg stod opp grytidleg, rakk nesten aldri å eta noko på heile dagen og kom ikkje heim før langt utpå kvelden. Dette ville eg unngå i år, så eg valde å sjå om lag ti filmar mindre enn dei førre åra. Det viser seg at også dette vart feil for meg. I dag har eg gått rundt og venta meir enn eg har sett film. Ein time, to timar – det er grueleg keisamt! Eg har tid til å eta, men det får då vera måte på kor mange måltid eg kan ha gjennom ein dag.

I dag starta masterclass-seminara! Fyrst ut var John Sayles, som har mange av filmane sine på festivalprogrammet. Han hadde mange artige anekdotar, og innrømma opent at han snylta på Hollywood-systemet ved å skriva manus til drittfilmar for å skaffa pengar til sine «uavhengige» filmar. Skjønt heilt uavhengig er dei jo ikkje, ettersom pengane til filmane kjem frå dei store studioa lell.

Endeleg fekk eg sjå ein film med dæven-faktoren eg etterlyste i går: den belgiske Small Gods. Fantastisk god film. Råbra!

Dag fire: Dårlege planar

Den man elsker 5

Eg fekk ikkje sett så mange filmar i dag. Dårleg planlegging og teite tidspunkt på dei spennande filmtitlane gjorde at eg ikkje gidda å sjå den siste filmen i kveld. Det vart ei ventetid på tre timar om eg hadde gidda, men fy faen det hadde vorte keisamt.

Ein av filmane eg såg i dag var Den man elsker. Filmen handla om valdelege makar og dei forvirra kjenslene til den utsette partnaren. Filmen teikna kanskje eit litt falskt bilete av at det alltid er menn som slår og kvinner dei som vert slått. Trass i at menn oftast mishandlar kvinner, er det ikkje så at kvinner aldri mishandlar menn. Dette temaet vert handsama av ein annan festivalfilm som eg ikkje får tid til. Kor som er, eg oppdaga snøgt under visninga at eg ikkje høyrte heilt heime blant tilskodrane. Eg kjente meg ganske aleine der eg sat i den stappfulle salen. Ein sal fullsett av kvinner i alderen 25–60, med ein og annan ektemann sporadisk mellom dei. Eg har ikkje kjent meg så bortkomen og malplassert sidan eg drog aleine på kino og såg Titanic i 1997.

I kveld var årets andre masterclass-seminar, og det var Peter Greenaway som hadde teke turen til kalde midt-Noreg. Eg vart litt skuffa over seminaret. Alle dei andre masterclass-seminara eg har vore på, har vore ein samtale mellom gjesten og ein lokalaktør innan filmbransjen/-faget. Greenaway ville visst ikkje dette, og stod heilt aleine på scena og prata ustoppeleg i to timar i strekk. Av og til om film. Ofte om kunstprosjekt. Mykje om kor teit me i salen var som drog på kino. Mest om kor teit kino var. Eg er ikkje så glad i filmane hans, og no er eg heller ikkje så imponert over fyren sjølv.

Dag fem: Diktomentar

Svensking av Driving Miss Daisy i filmen Be Kind Rewind 6

Eg hadde det hektisk i dag. Det vart fem filmar. To lågmælte asiatiske. Trur eg har sett nok av den typen film på ei god stund no. Såg ein diktomentar (eit ekte ©boba.no-nyord, avløysar til mockumentary, jukse-dokumentar) om drapet på den danske statsministeren: AFR. Heilt OK diktomentar, men mangla den litle ekstra galskapen som gjer ein diktomentar til ein diktomentar. I Blair Witch Project er jo den vondskapsfulle heksa som «avsløyrer» at filmen er fiksjon, og i Loch Ness Incident er det Loch Ness-monsteret. Sjølv om du ikkje treng så valdsamt sprøe hendingar, så skal diktomentarar byggja seg opp til å verta så galne at sjølv dei tregaste blant publikum etterkvart skjøner at det er ein falsk dokumentar dei ser, som i Forgotten Silver der det går fram at fyren fann opp både filmopptak, fargefilm, actionfilm og ikkje minst pornofilm før den historiske oppfinninga. AFR, dagens diktomentar, kom aldri med så sprøe framlegg at eit inkjeanande publikum kunne ha avsløyrt filmen som fiksjon, og hadde eg ikkje visste sanninga på førehand, ville eg ha tenkt at dette var ein uvanleg keisam dokumentar.

Og berre for å ta ordet ein gong til: diktomentar.

Eit litt løye teknisk problem hendte mot slutten. Plutseleg byrja biletet å dirra valdsamt. Etter eit minutt eller så, vart lerretet svart og ljoset kom på. Inn kom ein audmjuk kar frå festivalgjengen og orsaka seg: filmrullen hadde ramla i golvet! Den var ny. Tidlegare har eg opplevd filmar som rauk, som brann opp, som plutseleg mangla ein scene, som mangla ljod, som hadde asynkron ljod, som mangla tekst, som hadde for mykje tekst (sjå dag ein), som ikkje kunne spelast av av di framvisaren var kaputt, og så bortetter. Ein del av sjarmen med filmfestival; du veit aldri heilt kva som kan henda!

Kvelden min vart avslutta med premiera av Be Kind Rewind, ei morosam hyllest til VHS-kassetten og heimevideokameraet. Ein triveleg film med mange latterframkallande scener, men han er desidert best i kinosalen med hundrevis av andre. Tviler på om eg hadde flira like mykje om eg såg filmen aleine på hybelen. Filmen handla om ei videosjappe som svor til VHS lengje etter at alle andre hadde gått over til DVD. Ein dag vert Jack Black magnetisert, og klarar dimed å sletta alt innhaldet på videokassettane. For å blidgjera ein av dei faste kundane, ei halvsenil gammal dame som ynskjer å leiga Ghost Busters, finn dei på at dei skal spela filmen inn på ny i ekte gerilja-stil. Dei hevdar for kundane at filmen er svenska (eng.: sweded), og fenomenet vert umåteleg populære. Regissør Michel Gondry har svenska filmreklamen til filmen:

Dag seks: Prisfest

Confessions of a Superhero 7

I dag hadde eg billett til to seminar på morgonen. Eg droppa dei til fordel for klesvask og oppvask. Det trongst. Fyrste filmen i dag vart i staden dokumentaren Confessions of a Superhero. Tragikomisk er det fyrste ordet som eg kjem på. Etterpå såg eg den franske filmen In the City of Sylvia. Han var berre rar. Til slutt skulle eg sjå Searchers 2.0, men filmrullen hadde visst ikkje dukka opp enno, så visninga vart avlyst.

Eg har reflektert litt over kor liten festivalen kjennest i år. Det verker som om dei har nytta størsteparten av budsjettet på å få tak i fleire filmar, men at det har gått utover kjendisfaktor og glamour. I år har eg ikkje sett ein einaste kjendis på vanlege filmvisningar. Støyter på Trond Giske innimellom på premierevisningar, men elles er det heilt kjendistørke bortpå Nova. Dei tidlegare åra har eg sete og sett film rett attmed Filmplaneten-Mikal, Newton-Per Olav, Liv Ullmann, Ane Dahl Torp, Harald Zwart, Viktoria Winge, og fleire som eg ikkje kjem på i farta. Og Trond Giske innimellom på premierevisningar…

I kveld var det prisutdelingar og sånt bortpå samfunnet. Dette var vinnarane:

  • Kosmoramaprisen: Alexandra
  • Ungdomsprisen: Respekt
  • Pitchetevlinga: Stian Angel Eriksen for manusideen Somnium
  • Debutantprisen: Respekt
  • Importprisen: Ploy
  • Kanonprisen:
    • Kvinnelege hovudrolle: Marian Saastad Ottesen i Tatt av kvinnen
    • Mannlege hovudrolle: Trond Fausa Aurvåg i Tatt av kvinnen
    • Birolle: Trond-Viggo Torgersen i O’Horten
    • Lydutforming: Christian Schaanning for Blodsbånd
    • Klipp: Inge-Lise Langfeldt for Tatt av kvinnen
    • Foto: John Andreas Andersen for Blodsbånd
    • Regi: Marius Holst for Blodsbånd
    • Manus: Bent Hamer for O’Horten
    • Produsent: Jørgen Storm Rosenberg for Switch
    • Filmmusikk: John Erik Kaada for O’Horten
    • Beste nyskapar: Bent Hamer for O’Horten
    • Folkets kanonpris: Kill Buljo

Dag sju: Snart over…

Lars and the Real Girl 8

Såg, eller prøvde å sjå, XXY klokka ni i dag tidleg, etter å ha vore oppe til klokka to i går kveld. Fekk i grunnen ikkje med meg så veldig mykje av filmen, og eg trur eg duppa av undervegs. Anten det, eller så var filmen ekstremt kort og heilt utan ei logisk forteljing. Ikkje veit eg, men ljoset kom i alle fall plutseleg på og folk var på veg ut or salen.

Heldigvis var det ingen andre filmar på formiddagen. Av di det var prisutdeling og sånt i går kveld, så det var få frå festivalgjengen som var vakne så tidleg på dagen no. Eg drog heim etter filmen, og fekk ein times tid på sofaen. Fekk òg rydda og vaska litt, og ete ein stor middag (relativt til dei andre dagane denne festivalveka). Møtte òg eit par SmiN-arar på Prinsen for ein fotoseanse i høve ein Under Dusken-artikkel. Eg stivnar heilt når eg får eit kamera trøska inn i trynet, så dette var ikkje det artigaste eg har gjort denne veka. Etterpå var det på han att med årets to siste festivalfilmar.

Den siste filmen eg såg, var Lars and the Real Girl, og eg hadde kjøpt popkorn, lakris, drops, brus og karamell. Ein ting eg merker med mine ikkje-fullt-så-filminteressert-som-meg-vener, er at dei bind det å gå på kino eller sjå DVD heime med det å eta saltknask og søtsaker. Dei glyttar rart på meg om eg ikkje tek med meg noko inn i salen, som om eg har gjort noko kjempegale, og spør meg på engsteleg vis om ikkje eg skal ein tur i kiosken fyrst. Kven er det som seier at film er lik saltknask og søtsaker? Og dessutan sånn reint praktisk: korleis i alle dagar skulle eg klart på alt med min høge filmtittingsfrekvens? Tenk på blodsukkeret og kolestrolet, tenk på den tomme lommeboka. Eg ville vorte smellfeit og urfattig på under ein månad då! Kor som er, eg kjøpte inn mykje velsmakande, men svært overprisa, usunne og ganske tvilsame ting frå kiosken før eg gjekk inn til denne siste filmen. Som ei slags feiring. Filmen var søt, men karamellen var søtare. Popkornet hadde alt for mykje salt på, og då hjalp det lite å attpåtil eta saltlakris. Den vesle brusflaska mi vart tom allereie før Lars hadde kjøpt Bianca.

Dagen derpå

Fekk nett vita at det hadde vore 35 821 vitjingar under Kosmorama, og dimed både oppnådd målsetjing og ny rekord. «Tidenes Kosmorama» heita det i pressemeldinga. Kanskje kvantitativt, men eg er ikkje samd i at dette har vore den beste festivalen eg har delteke på. Dette var min tredje av i alt fire Kosmorama, og etter mi meining var dei to førre betre.

Som eg allereie merka meg på fredag (dag to), har festivalfilmane i år vore OK, heilt greie, middels gode (til festivalfilm å vera, må vita), men har mangla det eg kallar dæven-faktoren. Eg sit att med ei litt småskuffa kjensle. Det har berre vore Blade Runner og Small Gods som eg verkeleg storkosa meg under, og den fyrste kan nesten ikkje reknast med. Sjølvsagt kan det argumenterast at eg hadde gjort eit dårleg programval, men eg tykkjer dét hadde vore veldig rart. Rett nok såg eg berre rundt ein fjerdedel, men det skal då godt gjerast at absolutt alle dei dårlegaste/middelmåtige filmane tilfeldigvis var blant desse. Samstundes har seminarane vore veldig lite fristande. Eg sakna panelordskifte, filmpolitikk, regissør-/skodespelarmøte (som er meir lausare i forma enn masterclass-seminara, som t.d. seminaret Personinstruksjon med Hans Petter Moland og Ane Dahl Torp for to år sidan) og liknande.

Ikkje misforstå meg, eg har hatt ei fin filmveke. Eg har ein filmfilosofi som mellom anna seier at eg kan læra noko av alle filmar, òg dei dårlege, og difor er nesten alle filmar verdt å sjå. Sjølv om eg ikkje har opplevd like mange gode filmar i år som dei to førre åra, så tyder ikkje det at filmane eg har sett under Kosmorama 2008 var dårlege. Dei var berre ikkje så kjempegode – eller, dei svara ikkje til forventningane mine om kva festivalfilm skal vera.

No trur eg at eg skal blåsa støv av dvd-spelaren min. Han har jo stått heilt aleine i ei veke no.

  1. Biletet er frå katalogen Kosmorama 2008, utgjeven av Filmfest Trondheim AS. []
  2. Biletet er henta frå Filmweb, og tilhøyrer Nordisk Film. []
  3. Biletet er frå katalogen Kosmorama 2008, utgjeven av Filmfest Trondheim AS. []
  4. Biletet er frå katalogen Kosmorama 2008, utgjeven av Filmfest Trondheim AS. []
  5. Biletet er henta frå Filmweb, og tilhøyrer Arthaus. []
  6. Biletet er henta frå Filmweb, og tilhøyrer Sandrew Metronome. []
  7. Biletet er frå katalogen Kosmorama 2008, utgjeven av Filmfest Trondheim AS. []
  8. Biletet er henta frå Filmweb, og tilhøyrer Euforia Film. []

2 innspel

  1. Odin / Velmont

    Koseleg innlegg 🙂 Eg fekk lyst til å sjå film. Meg og Rebecca ser ein film annan kvar dag omtrent no.

  2. Simon

    Kosmorama er alltid kos!

Gje innspel