«

»

OperaUSB

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Lat det ikkje vera noka tvil: eg er Opera-brukar. Tidlegare innlegg stadfester dette. For gryande Opera-brukarar vil eg difor koma med eit lite tips: OperaUSB. Eit glimrande stykke programvare som eg aldri går utan.

OperaUSB er det same som Opera, men er tilpassa til minnepinnar. Dette programmet legg seg ikkje i registeret, og køyrast rett frå minnepinnen (eller liknande lagringsmedium). Alle programinnstillingane vert òg lagra på pinnen, samans med bokmerka dine, infokanalane dine og alt anna som høyrer programmet til.

OperaUSB køyrer ikkje like raskt som det vanlege Opera. Dette kjem av at minnepinnen, avhengig av innstillingane dine, mellom anna lagrar tilskriftene du vitjar. Snøgglageret (bilete anna filer som vert lasta ned av nettlesaren for framsyning) vert dessutan lagt dit.

Men programmet er elles like gjævt, like lekkert, like trygt og like godt som den vanlege utgåva. Og du kan taka han med kor som helst. Aldri meir Internet Explorer 5 på gamlemaskinene på Dragvoll-datasalane, aldri meir Firefox på maskina til litlebror Tobias! Eg tek med min eiga nettlesar.

Last ned frå www.Opera-USB.com
PS. Den nynorske språkfila kjem sjølvsagt med om du vel den internasjonale utgåva.

Gje innspel