Species II

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Ingen har påstått at Species-filmane er gode. I alle fall ikkje eg. Dei er underhaldande, ja, og formgjevinga på monsteret er like skummel som augebryna til kunstnaren H.R.Giger. Men å påstå at dei er gode, er å drøya det litt for langt. Species II har opp i gjennom åra fått mykje kritikk for både dialog, skodespel og historia. Tja…

Verdas fyrste vellukka ekspedisjon med mannskap til Mars er over, og dei tre astronautane har landa. Med seg, utan å vita det, har dei ei dødeleg last. Det einaste som vitast, er at at fem minutt av ekspedisjonen er borte, både frå ljod- og videoopptaka deira, radiokontakten med NASA og i hugsen deira. Under desse fem minutta vart genane til astronautane påverka av eit frammand romvesen – no er dei fryktelege hybridar lik Sil i førre film, og det er berre ein ting som står i hovudet deira: sex! Når me talar om Sil: Forskarane har ikkje gjeve opp dette prosjektet, og idiotisk nok laga ei klone av Sil. Klona heiter Eve, og har meir av den menneskelege delen enn Sil. Kortare hår, har ho, og er litt meir påkledd (men dei som ser filmen for å få eit glimt av Natasha Henstridge naken vert ikkje skuffa). Me møter òg Press Lenox att, som må spora opp hybridane, og Laura Baker, som no driv Eve-prosjektet.

Giger var med i formgjevinga av monsteret i denne filmen òg, men tykte at sluttresultatet var så fælt at han bad dei om å fjerna namnet hans frå produktet. Han står difor oppført som «original «Species» designer». Stakkars Giger, det har ikkje vore lett å arbeida med dei sleipe Hollywood-produsentane. Etter å ha vorte rævkøyrt av Alien-serien (dei øydela Alien-formgjevinga hans heilt med film nummer 2), så vart dette den aller siste filmen han faktisk arbeidde med (vel, i alle fall den siste filmen i Hollywood; han var med på den tyske Kondom des Grauens året etter).

Species II er nok berre for dei som likte den fyrste filmen. Alternativt dei som er så unge eller naive at dei tykkjer nakne puppar, sex og vald er spennande same kor dårleg historia er. Viss du er ein av dei sju personane eg kjenner til som ikkje høyrer til ein av desse gruppene, lyt du styra unna. Det finst ei utal andre filmar du heller kan sjå innan same filmtype – det finst til og med ein der handlinga er lagt til Mars OG har Natasha i hovudrollen (men eg vil ikkje påstå at Ghost of Mars er ein direkte god film, han heller). Når det er sagt, tykkjer eg dette er den siste i denne filmserien som er sjåande. Eg må óg innrømma at eg har godhug til filmen. Han er ikkje god, men eg liker han lell.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/03/species-ii/