«

»

Når kjem Simpsons 11?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det er jaggu ikkje lett å svara på. Eg har venta, og venta, og venta. Men no ser det endeleg ut til at me snart for vita ein sleppdato. Sesong 11 kjem kanskje ut i august. I august?! Det er jo på andre sida av sommaren!

Det er fleire grunnar til at det tek så lang tid. Den fyrste grunnen forstår eg ikkje: The Simpsons Movie. Men han kom jo ut 27. juli i fjorsommar. Og 7. august gav dei ut sesong 10. Dei har hatt massevis at tid sidan då. Det er her grunn nummer to kjem inn i biletet, men heller ikkje denne kjøper eg: forfattarstreiken i Hollywood. Av di det var streik, kunne ingen kommentarspor spelast inn. Men…men…men… streiken starta jo ikkje før 5. november, og han endte jo 12. februar no i vinter. Viss eg har forstått det rett, speler dei inn eit spor om dagen medan dei held på med ei DVD-utgjeving. Det er rundt 20 episoder i ein sesong. Det har vore 90 dagar før streiken og 69 dagar etter streiken. Tek me bort helgene og fridagane, sit me att med rundt 110 dagar. Dei kunne altså ha laga kommentarspor til sesongane 11-15 og halve 16 på den tida! Og dei gav jo dessutan ut The Simpsons Movie, med kommentarspor og heile pakka, midt i streiken i desember!

No skal det seiast at DVD-utgjevingane til Simpsons har ført til meir ventetid enn tittetid. Då The X-files vart utgjeve i Noreg, tok det fem månader frå sesong 1 til sesong 10 kom ut. Det er vanleg at det går eit par månader frå ein sesong er ferdig på fjernsyn til han kjem ut på DVD. Og med somme seriar gjeng det endå snøggare. Halve sesongane av dei ganske teite seriane Heroes og Prison Break kom t.d. ut medan den andre halvdelen framleis trilla over fjernsynsskjermen! Og kva med The Simpsons, den mest suksessfulle teikneserien sidan The Flintstones og verdas mest populære animerte satiren gjennom tidane? Fleire år mellom utgjevingane!

  1. Sesong 1: september 2001
  2. Sesong 2: august 2002
  3. Sesong 3: august 2003
  4. Sesong 4: oktober 2004
  5. Sesong 5: mars 2005
  6. Sesong 6: oktober 2005
  7. Sesong 7: april 2006
  8. Sesong 8: oktober 2006
  9. Sesong 9: mars 2007
  10. Sesong 10: august 2007

Held dette fram, vil den noverande sesongen, sesong 19, ikkje vera tilgjengeleg for oss utan Viasat 4 eller piratkopieringsynskje før om åtte år! Eg fryktar at DVD-formatet har dratt til den ævelege jaktmarka saman med HDDVD, VHS, LaserDisc, Video2000, Betamax og andre tidlegare videoformat. Dette er både frekt og slemt gjort overfor oss hugfolk og ihuga samlarar!

Eg vil ha sesong 11 no, og innan utgangen av 2009 vil eg ha sesong ≤ 19! Eg tykkjer dette er heilt rimeleg med tanke på at det faktisk er 6 år og 7 månader sidan sesong 1 kom ut!

4 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Simon

    Og «≤» tyder mindre enn eller lik, om nokon lurer.

  2. Ola

    Heroes og Prison Break er då ikkje teite? Dei er jo dritkule.

  3. Simon

    Heroes er ikkje anna enn ein bleik kopi av The 4400 kombinert med X-Men, og Prison Break er berre masate. Og tittelen på Prison Break gjer at alle sesongar etter den fyrste er heilteite. For dei flykta vel i sisteepisoden av fyrstesesongen, så vidt eg fekk med meg. Eg veit eg har folket mot meg. Eg liker heller ikkje Lost eller The Wire. For ikkje å snakka om [set inn tittel på ein kva som helst populær sjukehusserie som ikkje er Riget].

  4. Simon

    ENDELEG: Sesong 11 kjem den 15. oktober.

Gje innspel