THX 1138

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I eit totalovervaka samfunn der eigne tankar er forbode og kjensler er dødsstraff for, finn vår protagonist THX-1138 kjærleiken i rompartnaren sin, LUH 3417, når ho kastar ut dei pålagte medisinrasjonane deira.

Menneskjet bur under bakkenivå (overflata er øydelagt av krig og forureining – der er i alle fall det propagandadepartementet hevdar), og må leva i eit facistisk storebrorsamfunn der autoritetane sit med absolutt makt og demokrati er ein ulovleg tanke. For å halda folka i sjakk, må dei eta eit dop som stoggar kjensler, sløvar ned hjernen og gjer dei heilt viljelaus. For å yttarlegare stogga nytenkjing, er mest alle inspirerande inntrykk fjerna. Alle er kledd heilt likt, ingen får ha hår på hovuda, fargekartet i byggverka er kvit, grå og svart, og folka får eit ID-nummer i staden for namn. Rundt kvart eit hjørne heng Jesus-måleri som ytrar kvasireligiøse utsegn som «Let us be thankful we have commerce. Buy more. Buy more now. Buy. And be happy» og anna hjernevaskande slagord. Når LUH-3417 vert gravid med THX-1138, må dei rømma. Den aldrande SEN-5241 avsløyrer planane, og nyttar utpressing for å få vera med dei.

Historia lyt vera velkjend – i alle fall for dei som har lese ei og anna vitskapsdikting eller berre følgjar med på røyndomsfjernsyn med kåte bergensarar innestengt i eit hus berande TV Norge-logoen – ho er sterkt inspirert av den samfunnskritiske romanen 1984 av George Orwell. Det er George Lucas som står attom filmen, og har basert han på ein kortfilm han laga som student. Kortfilmen, THX-1138:4EB Electronic Labyrinth, var svært eksperimentell (les: forvirrande og irriterande vanskeleg), og skilja seg i tillegg ut frå andre studentkortfilmar ved å vera over tjue minutt i staden for dei vanlege tre til fem. Lucas vann ein pris for kortfilmen, og då han og kompisen Francis Ford Coppola skulle laga sitt eiga Hollywood med selskapet American Zoetrope, var THX-nyinnspelinga det fyrste dei laga (det vart òg det siste, men det er ei anna sak).

I ekte aristotelsk forteljarstil, er filmen delt inn i tre klåre akter, med den klassiske dramaturgien som fungerer så mykje, mykje, mykje betre enn bang-bang-bang-modellen me står overfor kvar sommar. Filmen handlar om flukt, anten det er flukt frå dei trasige daglege vanane dine, flukt frå det mentale fengselet ditt som hindrar deg i å gjera noko med livet, eller flukt frå dei fysiske omgjevingane dine. Filmen er nok neppe for den gjennomsnittlege filmtittaren. Eg oppmodar sjølvsagt alle å sjå han ein gong, men det er ikkje den fyrste filmen eg leiter opp om nokon spør meg om filmtips. Han er ikkje like sær som kortfilmen, men du får ikkje ville biljakter, monstre og grasiøs sex her. Vel, OK, du gjer faktisk det, men du forstår kva eg meiner. Trur eg. Kjøper du DVD-versjonen, er scenefølgja litt lettare å hengja med på. Lucas har som med Star Wars-filmane vore ute med saksa si, og den omvøla versjonen har friskare fargar, endra rekkjefølgje på scenene, eit par nye datagenererte dingsebomser, osb.

Det fargefattige visuelle biletet er svært interessant å sjåast til, og med prisverdige prestasjonar av både Robert Duvall, Maggie McOmie og ikkje minst Donald Pleasence, er filmen gull verdt! Viss du liker vitskapsdikting, anten i bokform eller som film, tilrår eg THX-1138. Sluttscena gjer meg alltid mållaus, og kjenner meg heilt tom etter å ha sett filmen. På ein god måte.

Heilt til sist: Sei «THX, LUH and SEN» snøgt: «Sex, love and sin».

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/04/thx-1138/