«

»

Kjedeutfordring

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Fekk ei kjede-utfordring frå Ola:

  1. Plukk opp den næraste boka.
  2. Opna henne på side 123.
  3. Finn den femte setninga.
  4. Post dei tre neste setningane.
  5. «Tagg» nokre folk og gjev ære til han/ho som «tagga» deg.

Fyrst må eg vedgå at sitatet eg har vald ikkje kjem frå den nærmaste boka mi. Ikkje av di ho ikkje eigner seg på ein vevlogg, eller av di eg ikkje tykte ho var intellektuell nok, men rett og slett av di ho ikkje har 123 sider. Det er den ufatteleg keisame Det modernistiske mottrekk, ei 112-siders analyse av NRK-serien Kunsten å se. Så eg får heller sitera frå bok nummer to:

Too often, people feeling secure in their boat have stopped at night, dropped anchor, and dozed off. Some of these people never awoke. Zombies walking on the bottom can hear a boat approaching as well as the sound of an anchor hitting the mud.

Dette var sjølvsagt frå The Zombie Survival Guide – Complete Protection from the Living Dead, ei bok som eg alltid har i nærleiken i tilfelle zombie-epidemi, og i verste fall -pandemi.

(Eg har rett nok pakka henne ned i ei øskje (eg førebur meg til å flytta snart), men øskja ligg rett under skrivepulten min her, og boka låg øvst.)

Om du enno ikkje har skaffa deg henne, lyt du gjera det snøggast råd! Zombiane kjem, og har du ikkje grunnkunnskap om dei då, vil du anten verta zombiemat eller zombie sjølv.

Zombiar til side, eg vil gjerne vita kva bok Fridtun har. Og Salt.

Gje innspel