Muggsopp

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

På nasjonaldagskvelden, medan andre folk låg og kosa seg i sofakrokene sine etter ei lang feiring, måtte eg reingjera heile rommet mitt. Eg oppdaga nemleg ei fuktskade attom skåpet mitt, og det var byrja å spreia seg med muggsopp. No skal eg rett nok flytta her i frå om ikkje så alt for lengje, men eg vil jo ha eit godt inneklima den siste månaden, så eg måtte ta vaskebytta og eit provisorisk munnbind fatt.

Muggsopp

I følgje den tidlegare religionen min (min og min, fru Blom. Var berre konfirmant av di alle andre i klassen var det. Men no er eg heidningen i familien – høyrer ikkje til statskyrkja), er det eit digert omstende å få vekk muggsopp frå hus. Fyrst må du rydda vekk alt i rommet, og så må du tilkalla ein prest. Viss presten meiner at skadane gjeng djupare enn overflata, må du halda huset stengd i ei veke (og du må ikkje finna på å gå inn i huset denne tida, for då vert du rekna som urein heilt til kvelden). Presten kjem så attende etter ei veke, og viss soppen då har spreidd seg, så må du riva ned dei skadde veggplatene, frakta dei til ein urein stad utafor byen før du kan setja opp nye. Viss dette ikkje hjelper, skal presten forkynna at heile huset er ureint. Du må då riva heile huset, og alt må kastast på den ureine staden utafor byen. Om det derimot hjelpte, så kan du ikkje flytta tingane inn att enno. Presten må nemleg koma attende endå ein gong og fortelja at huset er reint. Med seg har han to fuglar, og den eine drep han. Den andre dyppar han i blodet av den den fyrste, og så skvetter han det på huset sju gonger før fuglen får sleppa laus. veit du, eg er glad eg er heidning…

Eg gjorde det ikkje så vanskeleg. Ei bøtte med varmvatn, litt klorin og ein skrubb, så fekk eg då bort overflatemuggen. Ingen prest, inkje fugleblod og ingen turar til ureine stader utafor byen. Eg lufta skikkeleg ut. Dette var ikkje akkurat ein artig ende på dagen, men eg er glad eg slepp å taka rekninga. Rivinga av veggplatene let eg husverten min taka seg av når eg flyttar. No vonar eg berre at eg slepp problem med dette under alle heimeeksamenane mine.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/05/muggsopp/