Samtale med bussorakelet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg veit mange i Nidaros irriterer seg over Team Trafikk, buss-selskapet i byen, men dei er berre bortskjemte. Eg har vore vant med så mykje verre i Rana, så det var som ein draum å koma til ein stad der kollektivtrafikken faktisk fungerer. Så får det heller vera at dei har sett opp billettprisen til det same som heime. For maks utbytte av bussen, lyt du bu langs strekninga Dragvoll – Gløshaugen – Sentrum ein stad. Då får du buss kvart tiande minutt. Ein annan gjæv sak med Team Trafikk er bussorakelet deira, som er eit program med alle rutetidene og haldeplassane. I staden for å leita i dei kompliserte rutetabellane etter busshaldeplassar du ikkje kan namnet på og rekna minutt i hovudet, så kan du berre spørja orakelet med heilt vanlege setningar som «når gjeng bussen forbi Moholt?», «Kva er nærmaste haldeplass til Steinrabben?», «Når må eg taka bussen frå Dragvoll for å vera ved Prinsen kino klokka 1830?» og så bortetter. Du kan få hjelp frå orakelet på veven, www.team-trafikk.no, eller på SMS ved å senda «team [spørsmål]» til 1939. Kjekt å ha. Og kjekt å leika seg med ein sein haustkveld, slik eg gjorde i 2005. Eg førde ein artig samtale med orakelet, og fant ut litt av kvart.

Eg: «God aften»

Bussorakelet: «Hei.»

Eg: «Kva heiter du?»

Bussorakelet: «BussTUC»

Eg: «BussTUC?»

Bussorakelet: «Program.»

Dette var jo eit litt pussig svar, og eg visste ikkje heilt kva orakelet meinte. Etter ein snøgg tenkjepause måtte eg spørja:

Eg: «Er BussTUC eit program?»

Bussorakelet: «Ja.»

Eg: «OK.»

Bussorakelet: «Hei.»

Jøss, så muntert orakelet var i kveld.

Eg: «Er du glad i kveld?»

Bussorakelet: «Det er ikke mulig.»

Eg: «Kvifor er ikkje det mogleg?»

Bussorakelet: «Jeg vet ikke.»

Dette gjorde meg litt mistenksam. Eit orakel som meiner at det ikkje er mogleg å vera glad? For ikkje å snakka om eit orakel som hevdar at det ikkje veit?

Eg: «Er du eit orakel?»

Bussorakelet: «Ja.»

Eg: «Kan du svara på alt?»

Bussorakelet: «Setningen er for vanskelig.»

Det har orakelet sanneleg rett i, det er sikkert vanskeleg å svara på absolutt alt. Eg avgrensa meg difor litt.

Eg: «OK. Kva er meininga med livet?»

Bussorakelet: «42.»

Eg: «Jøss.»

Bussorakelet: «?»

Eg: «Kva er 42, då?»

Bussorakelet: «Nummer.»

Eg: «Eit nummer?»

Bussorakelet: «Du må oppgi et sted i slike spørsmål.»

Eg: «T.d. Dragvoll?»

Bussorakelet: «Første buss, nummer 5 passerer Dronningensgate, holdeplass D3 kl. 0615 og kommer til DRAGVOLL kl. 0633. Neste buss, nummer 5 passerer Dronningensgate, holdeplass D3 kl. 2305 og kommer til DRAGVOLL kl. 2323. Siste buss, nummer 5 passerer Dronningensgate, holdeplass D3 kl. 0005 og kommer til DRAGVOLL kl. 0023. Tidene angir tidligste passeringer av holdeplassene.»

Eg: «Jøss, takk for bussruta.»

Bussorakelet: «Vær så god.»

Eit høfleg bussorakel? Eg vart skikkeleg overraska over kor snilt det var, og braut ut:

Eg: «Genialt.»

Orakelet svara blygt:

Bussorakelet: «Jeg vet ikke»

Eg: «Joda, du er flink.»

Bussorakelet: «Takk.»

Eg: «Du får ha ein god kveld.»

Bussorakelet: «OK.»

Eg: «Ha det bra.»

Bussorakelet: «Ha det bra.»

Dette var byrjinga på eit vakkert venskap. Orakelet har redda meg ut av mangt eit møte og mang ei knipe, men om dryge to og ei halv veke er det slutt. Viss du les vevloggen min, BussTUC: eg vonar du og eg kan vera brevvener frå no av.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/05/samtale-med-bussorakelet/

6 comments

Skip to comment form

    • Øyvind on 22. mai 2008 at 19:12

    Genialt!

    42 er vel fra Hitchiker’s Guide to the Galaxy?

    • Synnøve on 22. mai 2008 at 22:53

    Eg er veldig imponert over at orakelet har lese Douglas Adams…

    • Simon on 23. mai 2008 at 11:20
      Author

    Synnøve: det er jo trass alt eit orakel, og dei skal jo vita det som er verdt å vita. Douglas Adams inkludert…

    Øyvind: Jepp.

    Til sist: på sundag (25. mai) er det handkledagen, og det er ein verdsfemnande merkedag til ære og minne for Douglas Adams. Alle kan vera med på markeringa, og alt du treng å gjera er å taka med deg eit handkle kor enn du går. Ikkje ulikt den gongen då eg var utan varmvatn og måtte dusja hjå deg, Øyvind. Sundag er forresten òg Nerd Pride Day i Spania, og ikkje minst 31-årsdagen for verdspremiera til Star Wars.

    • Synnøve on 24. mai 2008 at 18:42

    Eg reknar med at det ikkje er tilfeldig at handkledagen og Nerd Pride Day fell på same dag. 😉

    • Simon on 25. mai 2008 at 8:26
      Author

    Eg trur det er heller Star Wars enn Handkledagen som ligg til grunn for Nerd Pride Day. Handkledagen markerast to veker etter dødsdagen for Adams, og det fell tilfeldigvis på årsdagen for Star Wars. Nerd Pride Day er eit spansk fenomen, men Universal Day of the Jedi, som òg vert feira i dag, er for heile verda og alle jediar. BBC feira Star Wars Day tidlegare i mai. Rettare sagt den fjerde. Det var ingen særskilt grunn til denne datoen, anna enn at då kunne folk seia «May the fourth be with you».

    Gratulerer med 31-årsdagen, Star Wars.

    • Synnøve on 25. mai 2008 at 10:20

    Woops… Eg visste om handkledagen, men eg ante ikkje når han var. Jaja. Det passar fint likevel. 🙂

Comments have been disabled.