«

»

Dama grip rådgivinga

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Anagram kan vera morosamt. Særskilt om dei passar særs godt, til dømes at «twelve plus one» er eit anagram for «eleven plus two», eller når dei vert noko heilt sprøtt som «vilt arisk neshorn» for Kristin Halvorsen.

Her er eit par anagram av Paradigma Rådgiving:

  • Vi angrip grådig-dama
  • Gi paradigma vingård
  • Våg paradigma-riding
  • Dån ivrig pga diagram

Dette firmaet er eit av mange som tek hintet om målform, og viss det enno finst tvil: NN. morsmål dug OK. Så kvifor ikkje melda seg inn i Norsk Målungdom?

Prøv sjølv med Alien Genesis Anagram Generator.

«Sinnahomsen» har tala.

2 comments

  1. Bykvinne Dømming Tøys

    Det NMU-diagrammet høyrest ut som eit graffitislagord, eller noko…

  2. Synnøve

    Anagram, meinte eg, ikkje diagram. Makan.

Gje innspel