Topp ti kjendistreff

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I dag flyttar eg. Eg tykkjer tida i Nidaros har vore veldig kjekk, og eg vonar at eg får tilbringa meir tid her seinare. Nidaros er ein flott by. Det er ei frygd å vandra på promenaden langs Nidelva og titta på domkyrkja, husa, Bakklandet og bruene. Det er skikkeleg kjekt med to kinosenter, båe med THX-salar og digitalt utstyr (og 3D-briller). Byen er akkurat passeleg. Ikkje for liten, ikkje for stor. Det artige med å bu i ein by som er større enn Mo i Rana (men så liten at du vågar deg utafor døra etter klokka 18), er at du stundom møter kjente fjes som er litt meir vidgjeten enn til dømes Inge Myrvoll eller Tor Jacobsen. Ikkje at Myrvoll og Jacobsen er keisame folk, altso, men det er ikkje like mange som nikkar samtykkjande når dei høyrer desse namna sør for Helgeland. Gjennom dei tre åra her, har eg møtt både små og store kjendisar (i alle fall sånne som eg kjenner att (med eitt unnatak)). Dei fleste gjennom filmfestivalen Kosmorama, men eg har møtt nokon elles òg. Eg har vridd hovudet mitt no for å koma på alle eg har møtt, og det syner seg å vera fleire enn eg har plass til på ei liste med ti. Faktisk fleire enn ei liste på femti, men når me kjem opp i tjue-tretti vert dei etter kvart meir keisam og meir ukjend (har du til dømes høyrt om Dagur Kári?). At ein kjentmann er på lista, treng ikkje tyda at eg liker arbeidet hans – og motsett: det treng ikkje tyda at eg misliker arbeidet til ein kjentmann som ikkje rekt opp (eg likte både Nói albínói og Dark Horse av Dagur Kári veldig godt).

Desse rekt ikkje heilt opp:

  • Jens Kihl, noverande leiar i Norsk Målungdom. Han budde hjå meg eit par dagar då han var på målferd i distriktet.
  • Synnøve Midtbø Myking, tidlegare leiar i Norsk Målungdom.
  • Sigbjørn Hjelmbrekke, tidlegare leiar i Norsk Målungdom.
  • Joachim Trier, filmskapar (Reprise).
  • Petter Vennerød, filmskapar. Ja, det er Vennerød frå Wam og Vennerød.
  • Olaug Nilssen, forfattar.
  • Bent Hamer, filmskapar (Eggs, Salmer fra kjøkkenet, O’Horten).
  • Mira Craig, artist
  • James Schamus, filmskribent og produsent (Brokeback Mountain, Snikene tiger skjult drage, Hulken).
  • Espen Klouman-Høiner, skodespelar.
  • Hans Petter Moland, filmskapar (Aberdeen, The Beautiful Country, Gymnaslærer Pedersen).
  • Per Olav Alvestad, tidlegare programleiar i Newton. Sat attmed meg på to kinofilmar (den eine var Ice Age 2, og den andre hugsar eg ikkje)
  • Mikal Olsen Lerøen, filmjournalist (tidlegare programleiar av Filmplaneten). Sat attmed meg på ein kinofilm (hugsar ikkje heilt kva film. Anten Tsotsi eller Nordaust).
  • John Sayles, filmskapar (The Brother from Another Planet, Casa de los babys, Honeydripper).
  • Peter Greenaway, filmskapar og kunstnar.

#10: Ari Behn

Du veit, han sleske forfattaren som gifta seg inn i kongeslekta. Det var vel i november/desember ein gong i 2006 at eg møtte Behn. Eg trur han var i Nidaros for å signera ei ny bok. Denne dagen var det eit helvetes regnvêr ute, nesten sklette, og vinden bles frå alle kantar. Det var særs utriveleg. Eg hadde skunda meg inn under eit tak då eg plutseleg høyrde ei herrerøyst attom meg. Eg kjem ikkje på nett kva det var som vart sagt, men eg minnest at det var eit eller anna om vêr og årstida, og at eg tykte det høyrdest skikkeleg pompøst ut. Eg glytta bak for å sjå kven det var, og der stod Ari Behn. Eg gjekk ut i regnet att.

#9: Klaus Sonstad

Sonstad er kanskje best kjend som rollefiguren Odin i Are og Odin. For eit par år sidan vann denne duoen den gjævaste prisen du kan tenkja deg: dialektprisen til Norsk målungdom. Ein vårdag i april var eg innom Platekompaniet, som eg jo so ofte er (det vert poplært kalla mitt andre heim i Nidaros), og eg stod og rota rundt i dei alt for dyre men svært gilde Criterion-videoane i andreetasjen. Plutseleg vandra ein kar forbi meg med famnen full av kule filmar. Det var Klaus Sonstad. Eg må innrømma at eg ikkje er den som høyrt eller sett so veldig mykje til arbeidet hans, og difor hadde eg ikkje den store iveren etter å koma i prat med honom, og eg hadde dessutan ikkje tenkt å handla noko den dagen, so eg drog heim.

#8: Harald Zwart

Harald Zwart er ein norsk regissør som lagar film i Hollywood. Det er sjølvsagt ikkje ofte me har norske regissørar i draumefabrikken, men filmane hans er under medels. Ingenting å ropa hurra av, i alle fall. Tida hans i Hollywood har sett sitt preg på honom; for tre år sidan leika han «bigshot hollywood producer» (med alt det inneber) med filmen Lange Flate Ballær. Denne filmen var opningsfilmen til Kosmorama, og det krydde av folk både framfor og attom kameraet der då. Mellom anna Zwart. Han stod i gangen og helste på folk. Eg kjende ikkje han att, men gjekk no bort og helste på honom og tenkte med meg sjølv at det berre var ein galen raring. Det var ikkje før eg såg bilete av han i Adressa dagen etter at eg forstod kven det var eg hadde helst på kvelden før.

#7: Tore Strømøy

Strømøy hugsar du sikker. Trønder-programleiaren frå Tore på Sporet, den mykje utskjelte programposten som gjekk på NRK tidlegare. Ei av dei fyrste vekene mine i Nidaros for tre år sidan såg eg ein politibil på den vesle parkeringsplassen attom Dragvoll. Eg var på veg heimover, og var enno litt småforvirra med skulen, hybellivet og alt. Det hjalp lite på forvirringa då eg plutseleg oppdaga at Tore Strømøy vralta rundt inni skogen attmed parkeringsplassen. Seinare fann eg ut at dei hadde spelt inn ein episode av Newton, og at du kunne skimta ryggen min borti vegen under sendinga.

#6: The Pussycat Dolls

The Pussycat Dolls er ei burlesk jentegruppe. Eg kjente lite til dei før dei var med i ein av Charlie’s Angels-filmane. Mange kjende fjes har vore gjestedansarar hjå dei, og dei seinare åra har dei prøvd seg som popsongarar (det skal ikkje so veldig mykje til no til dags). Dei deltok på UKA-festivalen, ein toårleg musikk- og (u)kulturfestival skipa til av studentar her i Nidaros. Eg var ikkje på konserten, men var nedi byen. I det eg skulle gå på bussen heim, sprang jentegjengen forbi – litt smårusa men elles veldig glade. Det er ikkje kvardagskost å møta popsongarar på busshaldeplassen, so dette var ein av dei meir minneverdige bussturane eg har teke i Nidaros. Og eg har sett og høyrt mykje rart på bussane, skal eg seia deg!

#5: Erlend Loe

Eg var på kino ein vårdag for eit par år sidan. Plutseleg var det nokon som opna døra og stakk hovudet inn. Det var Erlend Loe. Eg anar ikkje kva han gjorde dette for. Han hadde truleg gått feil, for han snudde snøgt og gjekk ut att. Særs forvirrande. Eg har sett han seinare òg. Faktisk i år, under Kosmoramafestivalen. Dei spelte inn ei scene frå filmen Nord, som han er skribent til, og køyrte att og fram på snøskuter midt i sentrum om kvelden. Det var løgleg å sjå på.

#4: Ane Dahl Torp

Ane Dahl Torp spelte fantastisk i Gymnaslærer Pedersen. Scena mellom henne og Kristoffen Joner når kona hans har kasta honom ut, gjev meg frysningar på ryggen. Herleg! Fyrste gong eg møtte henne, hadde ho på seg ein søt kjole, og var sikkert på veg til ei premierevisning eller noko. Det slo meg at ho var svært lita og nett. Ho var mykje lågare enn meg. Det var litt sprøtt, for me er jo vant til å sjå henne på det digre lerretet, og då ser ho alltid mykje høgare ut. Men det er ho altso ikkje. Eit par dagar seinare var ho bidragsytar under eit seminar om Gymnaslærer Pedersen. Ho tala mange då/når-feil og hadde ei snusleppe, so eg fekk ikkje med meg alt det lure ho sa. Men det var heilt sikkert lurt.

#3: Trond Giske

Giske er etter mi meining den beste kulturministeren Noreg har sett! Filmpolitikken hans er råbra. Viss dette var ei rangering over kjentfolk eg har møtt oftast, ville Giske vera på topp. Han har sete bortom meg under ein kinofilm, han har vandra rundt i gangane på det trappetunge Nova, og eg har helst på honom fleire gonger. Stundom prata politikk, stundom om film (aldri om målsak, og det er litt dumt. Skulle gjerne høyrt kva han meiner om nynorsk kinoteksting). Og han tek gjerne ein prat om han har tid, for han er den joviale trønderen me får inntrykk av frå fjernsynet.

#2: Viktoria Winge

Fagre Viktoria Winge. Modell, skodespelar, kunstnar. Kåra til Noregs mest sexy kvinne av eit mannfolkblad for eit par år sidan. Spelte fantastisk i den beste norske filmen som er laga, Reprise (men ikkje fullt so bra i den keisame Fritt Vilt. Skjønt, der var ho motspelar til Ingrid Bolsø Berdal, som har vunne den gjævaste prisen du kan tenkja deg). Då eg såg den spanske filmen DarkBlueAlmostBlack, kom den vene Winge plutseleg vandrande oppover radene og plasserte seg attmed meg. Det er sjeldan eg får skikkeleg stjernefeber, men her vart eg heilt sett ut. Hadde heldigvis god støtte i føregangar min i SmiN, som òg var der då. Etter filmen tok eg mot til meg og helste på Winge. Smilet hennar var nesten like varmt og flott som hennar Audhild. Men berre nesten.

#1: Liv Ullmann

Den einaste ordentlege filmstjerna me har i Noreg. Den einaste som er kjend på den internasjonale filmmarknaden, i alle fall. Det er berre so synd at ho skal knota so frykteleg. Og at ho klamrar seg til riksmål (som ungdom var ho til og med tilsett på skrivarstova deira). Kor som er, eg har møtt Ullmann to gonger her i Nidaros. Fyrste gong sat eg på Britannia og drakk ein kopp kaffi (ikkje spør kvifor eller korleis eg hadde hamna der). Plutseleg dukka Ullmann opp. So snøgt har eg aldri drukke kaffi før. Den andre gongen, eit halvår seinare, var eg meir budd på å møta henne. Ho var i Nidaros for å taka i mot tittelen som æresdoktor ved NTNU. I dette høvet var ho på Dragvoll og helde ei koseleg førelesing om karrieren sin. Det var til og med bilete av meg i Adressa (eg sit fire rader opp, den tredje frå høgre, i kvit genser). Etterpå gratulerte eg henne med utnemninga. Koseleg dame. Synd ho knotar og klamrar seg til riksmål…

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/06/topp-ti-kjendistreff/