«

»

Æ glær mæ

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Tenkte eg skulle gjeva livsteikn frå meg. Det byrjar å verta lengje sidan førre innlegg. Me er midt i juli, og snart kjem Lynvingen att til kinolerretet. Eg sat og funderte på dette her om dagen, og det slo meg då at filmsmaken min har truleg endra seg mykje på dei tre åra ved filmvitskap. Det vil seia, eg veit at smaken har endra seg – dei filmane eg gler meg mest til i år har ikkje premiere i juli. Det er på sin plass med ei topp ti-liste her vel, ikkje sant? Og slapp av, eg lovar at Harry Potter, James Bond eller The Dark Knight ikkje er her!

Før eg listar opp dei ti filmane eg gler meg mest til ut året, vil eg tipsa om eit par filmar som ikkje kjem med på lista mi. Fyrst den tyske filmen Jakthunder, som har premiere neste fredag. Veldig fin film, men eg såg han for over eit år sidan på kino i Nidaros. Ein annan film med heilt same lagnad er den thailandske filmen Ploy, som har premiere på den store bryllaupsdagen (08.08.08). Eg oppmodar alle om å sjå desse.

Viss eg hadde budd i Nidaros eller ein annan stad med digitalkino som satsar på 3D, ville eg ha vore heilt i ekstase etter å sjå Journey to the Center of the Earth den 26. september. Dette er den fyrste ordentlege spelefilmen som prøver seg i dette spennande formatet. Til no har det berre vore kortfilmar, animasjonsfilmar (m.a. barnefilmen Meet the Robinson og den ikkje fullt så barnevenlege Beowulf) og ein Hannah Montana-konsert. Digital 3D er digg, og har eg tid og råd, så skal eg pinadø taka turen til Nidaros og sjå filmen! Sissel, Ola, Kristin eller andre nidarbuarar, kan eg få sova hjå dykk då om det kjem til dette? Vel, vel, det er enno lengje til, men eg trur ikkje filmen er like digg i vanleg 2D, og han kjem difor ikkje med på lista.

#10: De gales hus

Ingrid Bolsø Berdal kjem me til å sjå i i Fritt Vilt 2 denne hausten. Den fyrste Fritt Vilt var på ingen måte ein god film (ikkje at eg meiner dette hadde med Berdal å gjera), så eg tipper at heller ikkje nummer to klarar å få filmhjartet mitt til å banka. Derimot trur eg at De gales hus, også denne med Berdal i hovudrolla, klarar dette. Det einaste eg har å utsetja er at fagre Ingrid ikkje får lov å nytta det flotte inderøymålføret sitt i filmen. Det er synd, for i fjor fekk ho dialektprisen frå Norsk målungdom for dette målet. Me lyt vona på mykje trønder i Fritt Vilt 2 i staden. Dette til side, eg trur nok at De gales hus er ein betre film enn Fritt Vilt 2, same kor lite dialekt me får i denne. Og med kjeldematerialet til Karin Fossum er dette ein spennande hausttittel. Eg gler meg!

Premiere: 12. september

#9: Den siste revejakta

Basert på ein bok av Ingvar Ambjørnsen, handlar filmen om «overgangen frå den uskuldige idyllen på 1970-talet til den beinharde individualismen i jappetida». Hippiar, jappar og ein god dose hasj. Eg gler meg!

Premiere: 29. august

#8: Fatso

Med ein premiss om å vera «tidenes mest uromantiske komedie» , er dette eit sjølvskrive punkt på innkjøplista. Dessutan speler Jenny Skavlan endeleg i ein kinofilm att. Då eg var elleve år og såg henne i Jakten på nyresteinen som det søte raude blodlegemeet Alveola, vart eg sånn passe småforelska. Ho var visst i ein reklamefilm for Grandiosa, men eg er jo i mitt femte år med passiv fjernsynsboikott, og har difor ikkje fått med meg så mange slike reklamefilmar. Kor som er, ho speler òg i zombiefilmen Rød Snø (fyrste norske zombiefilm?), som eg òg gler meg valdsamt til. Men den kjem ikkje før i januar. Kor som er, Fatso, arbeidstittel Knullegutt, vert sikkert kjekk, same om Skavlan berre har ei mindre rolle. Barten og hårsveisen til Kyrre Hellum aleine er verdt ein kinobillett! Eg gler meg!

Premiere: 17. oktober

#7: Hellboy II: The Golden Army

Eg lova innleiingsvis at eg ikkje skulle ha med Lynvingen på lista, og dette skal eg halda. Men éin superheltfilm må vera lov å ta med, og då er Hellboy eit høveleg val. Eg veit så godt som ingenting om kva filmen skal handla om, men det er jo Hellboy! Eg gler meg!

Premiere: 22. august

#6: Australia

Eg elskar filmane til Baz Luhrman. Strictly Ballroom er ein av dei beste dansefilmane eg veit om (på mange måtar til og med betre enn Dirty Dancing!). Romeo + Juliet var ein kjærkomen filmtilpassing av den klassiske tragedien om forboden og umogeleg kjærleik. Det har vore mange forsøk på å setja denne historia til moderne tid, men dette er eit av dei få som fungerer (to andre filmar som klarar dette, om enn på svært ulikt vis, er West Side Story og Tromeo and Juliet). Den seinaste filmen til Luhrman var Moulin Rouge!, og dette er den ultimate kjærastetesten. Liker ikkje jenta denne, får ho ikkje koma inn hjå meg att. Moulin Rouge! er vedunderleg, fabelaktig, fantastisk og tvers gjennom genial, men det byrjar å verta lengje sidan no. Sju år er lengje å venta på ein film, men Luhrman kjem endeleg attende no. Eg veit lite om kva filmen Australia skal handla om, men dette er jo Luhrman! Eg gler meg!

Premiere: 26. desember

#5: Tropa de Elite

Filmfestivalen i Berlin plar å fremja god film, og viss Gullbjørn-sigeren er ein indikasjon, er denne filmen vel verdt både ein og to kinobillettar. Eg luktar at han vert oscarkandidaten til Brazil om dei vel å vera med i år, og då er det ein god sjanse at han kjem gjennom nålauget og får ein nominasjon. Kor som er, handlinga er lagt til Rio de Janeiro for elleve år sidan. Paven skulle koma på vitjing, og det vart sett i gong konfliktfulle aksjonar for å få vekk dopmiljøet. Det som verkeleg pirrer meg med denne filmen, er at han kjem med nynorsk teksting på kino. Det har ingen i min generasjon opplevd før, så det er ei historisk hending i film-Noreg. Eg gler meg!

Premiere: i september (ikkje fastsett dato)

#4: Max Manus

Dæven steike så spennande. Eg har fulgt utviklinga denne filmen frå manusforfattaren stod litt smånervøs i Nidaros under pitchetevlinga til Kosmorama for eit par år sidan. Då verka det på meg som eit lite NRK-dramadok-aktig prosjekt, men så fekk eg høyra planane og ideane, og vart overtydd om at dette vert den store norske kinohendinga. Med eit budsjett på over 50 millionar kroner, er dette ein av dei mest ambisiøse norske produksjonane – berre overgått av Rød Snø, men han har som nevnt ikkje premiere før i januar. Duoen Joachim Rønning og Espen Sandberg, som sit i registolen (kven som sit i fanget på kven er ikkje kjend), har instruert stjernene Salma Hayek og Penélope Cruz i filmen Bandidas, så dei har sikkert ikkje noko problem med å instruera Nicolai Cleve Broch, Aksel Hennie og dei andre skodespelarane i Max Manus. A propos skodespelarane: vene Viktoria Winge som gestapofrue høyrast digg ut! Eg gler meg!

Premiere: 19. desember

#3: The Day the Earth Stood Still

OK, eg var eigentleg særs skeptisk til denne nyinnspelinga av ein av dei aller beste vitskapsdiktingane gjennom filmhistoria. Klaatu, Mr. Carpenter med alle messiasliksapene sine, den übertøffe roboten Gort og heile The Day the Earth Stood Still kan då vel umogeleg gjenskapast, eller? Tidlege rapportar sa at Keanu Reeves speler Klaatu. Vidare fekk me vita at Gort ikkje kom til å vera med. Eg vart direkte sint av dette. Heilt til eg fekk sjå reklamefilmen. Keanu kan fungera som Klaatu, men viktigare: giss kven som er med. Gort! Og ikkje berre det, men dei har teke vare på den legendariske formgjevinga hans. Eg gler meg!

Premiere: 12. desember

#2: Star Wars: The Clone Wars

Eg gler meg som ein unge til Clone Wars. Serien var ikkje så frykteleg mykje å skryta av. Det hadde kanskje med at fyrstesesongane hadde berre tre-fire minutt lange episodar, og at det difor vart lite tid til forteljing. Og film er i høgste grad eit forteljande medium – utan forteljinga, inga moro. Det var dessutan ein stor bakdel at eg ikkje liker Genndy Tartakovsky (Dexter’s Lab, Samurai Jack, osb), som var teiknar og regissør av serien. Det vart litt betre i den seinaste sesongen, der episodane var på over tjue minutt og difor innehalda meir enn berre skyting og lauping, men det stinka framleis Tartakovsky av dei. Men no, med framhaldet/oppfølgjaren av serien – og med filmen – har dei endeleg kvitta seg Tartakovsky, så forventingsbarometeret er høgt. Eg gler meg!

Premiere: 15. august

#1: The X Files: I Want to Believe

Oboy-oboy-oboy-oboy som eg ser fram til denne filmen. Eg gjer heimeleksa mi på over 200 timar med paranoia, paranormale hendingar og ikkje minst agentane Mulder og Scully – ni sesongar og ein spelefilm av X-Files, og ein sesong The Lone Gunmen. Frå det vesle eg har lese – og eg har lese veldig lite for å unngå avsløyringar – skal dette vera ein film som står for seg sjølv. Den fyrste filmen inneheld mange konspirasjonar og konfliktar frå serien, med tobakkmannen, den svarte olja, romvesenhybridar, kolonisering av jorda, virusberande bier, antiromvesenvaksine, status på x-arkivet, Mulder og Scully, Mulder og Skinner, Samantha og heile pakka. Eg forstår ikkje heilt korleis det gjekk til at filmen spelte inn budsjettet sitt (ikkje det, for dei innvidde var filmen knall!). Chris Carter kjem med lovnader om at denne filmen difor ikkje skal vera ei framhald på den same historia. Sjølvsagt må litt eksposisjon til, for sist me såg Mulder og Scully, var dei på flukt frå alt og alle. Korleis kjem dei att i tenesta til FBI? Er Skinner, Reyers og Doggett framleis tilsett i byrået? Er X-arkivet aktivt? Kva har hendt i liva til Mulder og Scully dei siste seks åra? Er det nokon supersoldatar i filmen? Kva med Gibson Praise? Kva skjer den 21. desember 2012? Me får neppe vita alt, men kva enn me får servert, kjem dette (vonleg) til å verta ein herleg filmoppleving! Eg gler meg!

Premiere: 01. august

Epilog

Viss eg skal konkludera med noko ut i frå desse titlane, så må det vera at filmsmaken min har endra seg mykje på somme område, men på andre er eg den same gamle. Før ville eg til dømes neppe hatt filmar frå andre stadar enn Hollywood, men her er over halvparten utan engelsk tale. Heile fire norske filmar seier sitt! Derimot er dei tre på topp heilt i tråd med filmsmaken min for tre år sidan.

Sjølv om spenninga er stor og filmhjartet bankar litt ekstra når eg tenkjar på at eg snart kan sjå desse filmane, så er det med ein liten klump i halsen: Rana Kino er ikkje ein stor kinematograf. Det er slettast ikkje alle filmane som kjem til lerretet vårt, sjølv om gode Kristin Kildal, kinosjefen vår, prøver så godt ho kan. Ljodutstyret vårt var toppmoderne for eit tiår sidan, og held enno grei stand. Tipptopp er det ikkje, men det duger. Lerretet i storsalen vart byta ut førre sumar, men det er ikkje så refleksiv som eg skulle ynskja. Det fungerer greit nok. Det gjer derimot ikkje lerretet i minisalen, som sårt treng utbyting. Me fekk nye stolar i storsalen for berre nokre veker sidan, men til trass for at dei er omtala som den viktigaste oppfinninga i kinoverda sidan ljodfilmen, så fekk me ikkje kopphaldarar under oppgraderinga.

Det verste er at ranværingane er litt late når det kjem til å gå på kino, og dette får følgjer i kva filmar som vert fokusområdet til kinoen. Du kan no sjølv gissa om det er Jakthunder eller The Dark Knight som vert sett opp her neste fredag. Nei, eg tviler faktisk på om Jakthunder i det heile teke kjem til Rana. På dei små men gode titlane vert det diverre berre laga eit mindre tal kopiar, og då tek det grueleg lang tid før Rana Kino får dei. Ta til dømes Funny Games US. Denne filmen såg eg i Nidaros den 19. april i vår, men han har ikkje Rana-premiere før den 15. august. Dette er tregt, og nesten for seint. Den 3. september kjem han nemleg på leigefilm i Noreg, og veka etter kan du kjøpa han. Allereie måndag om ei veke er han tilgjengeleg på netthandel, og har du ein sonefri spelar, har han vore tilgjengeleg for deg i over ein månad allereie.

Eg fryktar at Tropa de Elite ikkje kjem hit opp før langt utpå nyåret, om han i det heile teke kjem. Det er synd. Og det ser mørkt ut for Clone Wars, som diverre kjem med norske røyster 1. Han går sikkert i parallellutgåver i dei største byane, men ute i distrikta er det verre. Eg trur at resten av filmane på lista nok kopiar til at også Rana Kino kan ha dei på premieredagen. Men finst det berre fem-seks kopiar på deling i heile Noreg, er det alltid Oslo, Bjørgvin, Nidaros og Tromsø som står fyrst i køen. Bur du desse stadane, er det visst lett å gløyma kinostoda i resten av landet.

  1. Eg oppdaga nett at eg har fått straumbrev frå kinosjefen. Ho skriv at ranværingar kanskje får høve å sjå engelsk utgåve i slutten av september, kanskje før, men at distributøren enno ikkje har avgjort kor mange kopiar som skal ha originalrøystene. []

11 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Synnøve

    Er Fatso-filmen bygd på romanen til Lars Ramslie? Trudde det var den dei ikkje skulle filma likevel, etter at Anders Baasmo Christiansen hadde lagt på seg 20 kg (eller noko) for å spela hovudrollen…

  2. Simon

    Ja, det var trøbbel der, og filmen vart utsett på uviss tid. Men etter to år starta dei opp att (rett nok utan Baasmo Christiansen), og no kjem han altså i oktober. Jau, og filmen baserer seg på Ramslie-romanen.

  3. Ola

    Svar på spørsmål: Ja.

    Er ikkje jappar og japsar to ulike ting?

  4. Simon

    Ah, du har rett, Ola. Eg har alltid tenkt at det var ein meining bak at både åttitalets høgrevendte forretningsfolk og japanarar gjekk under same kallenamn (ein konklusjon eg truleg har gjort basert på tekstinga i ein av Taxi-filmane, der ei gruppe japanske forretningsmenn vart kalla japsar), men no ser eg at det er feil. Rettar opp no. Rettar samstundes opp «norsk nålungdom» og «ranærvingar».

  5. Simon

    Hihihihihihi. Sjekk kva eg fann. No sit eg og tåpflirer for meg sjølv. Gler meg!

  6. Simon

    Clone Wars med ordentleg tale får Rana-premiere den 19. september. Hurra!

  7. Ola

    Medan dei har slutta å visa han med ordentleg tale i Nidaros av di ingen ville sjå han, og det før eg kom på at eg skulle sjå han. Heldiggris.

  8. Magnus

    Har du sett X-files? Eg tykte den var nokså dårleg.

    The Dark KNight, derimot, oioioi for ein film.

  9. Simon

    Magnus: Huff, nei, Dark Knight var like keisam som han var dårleg. Verste mølet eg har sett i sumar.

    X-Files metta ikkje heilt, det skal eg innrømma. Det var mange spørsmål me ikkje fekk svar på (t.d. kvifor supersoldatane ikkje drap Mulder med det same han dukka opp, eller korleis Scully har gått frå å vera ein av dei mest ettersøkte til å ha fast arbeid som lækjar), men alt i alt var det ein god «monster-of-the-week»-episode som stod godt aleine. Romvesen og UFO-ar var berre ein liten del av serien, og det var kjekt å sjå at dei våga på ein film utan dette i. Filmen hadde preg av å vera hastverkarbeid med minimalt budsjett og minimalt med tid (dei fekk klårsignal under forfattarstreiken mot at dei klarte å få han ferdig til sumarpremiere – altså under eit år), men det var likevel kjempekjekt å vera attende i Vancouver. Eg meiner at serien tapte seg etter at dei flytta derifrå til L.A. etter sesong 5. Alt i alt eit artig gjensyn, men neste film lyt handla om mytologien. Eg vonar han kjem til jol i 2012.

    Ola: Så det er med andre ord din feil at Nidaros ikkje speler han meir? Hehe.

  10. Simon

    Ola, din lystlygnar! Clone Wars med ordentleg tale gjeng framleis i Nidaros. Klokka 18 på Nova denne veka, ser det ut til

  11. Ola

    Men det var då triveleg! Eg gløymde visst ut heile Nova, eg spurde berre i skranka på Prinsen. Takk for tipset.

Gje innspel