«

»

Midasfilmar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Kong Midas er kjend frå gresk mytologi for sin ekstreme godhug til gull. Han var så glad i gull, at han ynskte at alt han tok i verta om til dette gyldne metalliske grunnstoffet. Det heiter i frå mytene at ynsket vart oppfylt, men med den uheldige biverknaden at også mat og vatn han åt og drakk vart til gull. Nokre årtusnar seinare gjer den særs sexy heksa Magica frå Tryll freistnad på å skaffa seg denne evna. Kva ei heks skal med gull, det fortel Donald-blada ingenting om, men ho held no på lell. Desse forteljingane har ein moral, og det er at det er dumt å vera grisk. Gull er ikkje det viktigaste i livet. Då kong Midas oppdaga dette, vaska han bort evna si i elva Pactolus. Magica oppdaga det sjølv ein gong, då ho var nær med å klara det ho har leita etter så lengje. Ho innsåg då at det var jakta etter evna, og ikkje evna i seg sjølv, som gav livet hennar meining, og gav attende lykkeskillingen til onkel Skrue. Men ikkje alle har teke lærdom av dette. Hollywood har nemleg funne den magiske midasformelen, og som Ford-bilar på samlebåndet kjem den eine gyldne midasfilmen etter den andre.

Som namnet vitrar om, er midasfilmar gull verdt for filmstudioa. Desse filmane tener milliardar av dollarsetlar i box office-øskja. 1 Midasfilmane har gong på gong redda eit elles dårleg rekneskapsår, og difor satsar dei store studioa hardt på desse filmane. Oppskrifta er finpussa etter røynslene frå Spielberg, Lucas og den gjengen på sytti-åttitalet. Edward Jay Epstein har teke for seg alle filmane frå 1999 til 2004 med over ti milliardar dollar i innkomer, og oppdaga det han uformelt kallar midasformelen:

  1. Dei er alle er baserte på anna materale (barnebøker (Finding Nemo), teikneseriar (Spider-man), berg-og-dalbaner (Pirates of the Carribbean), tidlegare filmar (Star Wars) ).
  2. Helten i forteljinga er ung.
  3. Historia er eventyraktig, og følgjer den mytologiske skikken (les t.d. The Hero with a Thousand Faces av Joseph Campbell) med å lata den unge og naive hovudpersonen verta sterk og vis.
  4. Ingen sex! Det finst heteroseksuelle forhold, men dei gjeng aldri lengre enn kyss, klapp og klem.
  5. I birollene finn du ofte litt rare figurar, med eit utsjånad som gjer til dei ypparlege gjenstander som leikety, t-skjorter, og liknande.
  6. Konfliktane er ofte særs store, nærmast gigantiske og episke, men nesten ikkje ein dråpe blod hamnar i grusen. Vald utan blod, sløv utan dop, feit utan feitt osb…
  7. Slutten er sjølvsagt lukkeleg. Helten sigrar over skurken. Skjønt, folk vil ha oppfølgjarar viss skurken (eller, meir abstrakt, vondskapen) er i live, så det hintast ofte (og ikkje særleg subtilt) om oppfølgjarar i slutten.
  8. Spesialeffektar! Mange spesialeffektar!
  9. Skodespelarane er ikkje frå A-lista (og er såleis billege i drift).

På lista over filmane Epstein har sett på, finn du Harry Potter, Finding Nemo, Star Wars, Pirates of the Carribbean, Spider-man og Ringdrotten. Tek du ein titt på filmane frå åra etter denne uformelle røkjinga (altså etter 2004), finn du Shrek, Narnia, Cars, Transformers, Indiana Jones, Iron Man, meir Spider-man, meir Star Wars og meir Pirates of the Carribbean. Skil desse seg mykje frå dei andre filmane?

Lat oss nytta Indiana Jones som døme, og gå gjennom listepunkta:

  1. Indiana Jones 4 er sjølvsagt ein tredje oppfølgjar til ein film laga for over tjue år sidan. Rollefiguren var dessutan inspirert av teikneserien Doc Savage samt gamle Repulic Pictures-matinéseriar frå førtitalet.
  2. Harrison Ford er ingen ungdom lenger, men det er Shia LaBeouf.
  3. Det er jo Indiana Jones. Du får det nesten ikkje meir eventyraktig. Og Mutt Williams (figuren til LaBeouf) har lært eit og anna i slutten av filmen.
  4. Reklamane før filmen inneheld meir sex.
  5. Den galne professor Ox og den fantastisk sære Irina Spalko er ypparlege figurar. Og sjølvsagt fedorahatten, som er ein rollefigur i seg sjølv.
  6. Med den kalde krigen som bakgrunn, er konflikten sjølvsagt stor (kapplaup mellom to gigantnasjonar om verdsfemnande politisk dominanse). Amerikanske atombomber, sovjetiske tankelesarar og hjernevaskarar osb. Men valdsbruken er minimal, og det er nesten berre gladvald (vald som ikkje er ekkelt å sjå på).
  7. Indiana sigrar sjølvsagt. På sin måte. Og det finst alltid ein skatt der ute i den store verda, og mange skurkar som vil prøva å få kloa i han.
  8. Mykje.
  9. Harrison Ford er på A-lista (eller har i alle fall vore det ein gong i tida). Men resten av skodespelarane er ikkje det. Sjølv om Cate Blanchett har ein oscar.

Så me kan seia at Indiana Jones er ein midasfilm, sjølv om han skil seg litt ut med å ha ein gammal gubbe i hovudrolla. Poenget er same kva at midasfilmane er særs like. Er masseproduksjon kunstnarisk verdifullt? Er kinotilbodet interessant og spennande når same filmen i ny innpakking kjem om att og om att? Når alt i livet ditt er gull, gleder du deg stort når du ser gråstein. Det fann Midas og Magica ut. Kva med draumefabrikken i Hollywood?

Kor som er, midasfilmar er berre ein av mange artige ting Epstein skriv om i boka The Big Picture: Money and power in Hollywood. Dette er ei lettlesen bok på nesten 400 sider, og tek for seg både litt kinohistorikk, politikk og ikkje minst økonomi i Hollywood gjennom filmhistoria. Det er artig å lesa kva tilhøvet mellom Sony og 20th Century Fox er, at (jøde-mislikaren) Walt Disney dreiv selskapet sitt på same viset som alle andre held på no mange tiår seinare. Boka tek for seg fjernsyn, VHS, Betamax, Laserdisc, DVD, kino, kommunist-heksejakta og mykje anna. The Big Picture teiknar det store biletet om korleis ting heng saman i amerikansk filmindustri i dag, og det er frykteleg spanande og kjempeartig å lesa om. Eg tilrår boka på det varmaste, og oppmodar deg om å skaffa deg henne i dag. Du finn t.d. på Amazon.com.

God lesnad!

  1. Dei fyrste kommersielle kinematografane hadde berre pappøskjer til å ha pengane i, inga skrivarstove eller pengeskåp – dei kalla denne øskja for Box Office, og uttrykket stend ved lag enno. []

2 innspel

  1. Synnøve

    Eg er viss på at ein finn ein del unntak frå regel nr. 9 – er ikkje folk som Johnny Depp på A-lista? – men elles stemmer det jo. Det interessante er at ein kan laga uendeleg mange variasjonar over den formelen (og det gjer ein jo òg). Eg tykkjer somme av dei filmane du nemner er gode, eller i alle fall underhaldande, men originale er dei ikkje.

  2. Simon

    Ingen regel utan unnatak, som klisjeen heiter… Joda, fleire av filmane er underhaldande – dei er jo blåkopiar av den universelle myta Joseph Campbell skriv om, og fungerer såleis godt som underhaldning. Me kjenner att «det var ein gong i eit land langt vekke…» i desse filmane, og hovudpersonen er ofte ein variant av Askeladden-figuren. Kanskje det er barndomsnostalgi, eller kanskje det er ein genetisk nedarva godhug til den munnlege tradisjonen av forfedrane våre. Kva enn det er, det fungerer. Men når du ser over 300 filmar i året, er ikkje det like underhaldande lenger. Eg storkoste meg sjølvsagt med Indiana Jones, men i fjorårets Transformers var det berre røysta til Optimus Prime som fekk meg til å kjenna kribling i magen (kanskje også Megan Fox, men det er hadde heller lite med filmen å gjera). Jaujau. Plukk opp Epstein-boka om du er interessert i å lesa meir om midasfilmar (eller den spennande økonomien i Hollywood).

Gje innspel