«

»

No kjem Terminator-serien

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

No kjem Terminator-serien

Gler meg til sesong 2!

Sesong 1 av Terminator: The Sarah Connor Chronicles byrjar på norske fjernsyn måndag den 26. august. Diverre er det den udugelege reklamekanalen TVNORGE (med store bokstavar, utan bindestrek og på bokmål…) som skal syna han fram. Dei er treige jæklar. Dei har ruga på serien sidan i vinter. TVNORGE er eigd av ProSiebenSat1, som m.a. òg har den forferdeleg masate musikkanalen The Voice. Det var også dei som for litt sidan kjøpte opp radiokanalen Kanal 24 og kvitta seg med mest alle dialektbrukarane der. For å seia det rett ut: eg liker ikkje dei.

Fyrstesesongen av Terminator såg eg på alternativt vis, og det kjem eg til å halda fram med så lengje ProSiebenSat1 er leverandøren til fjernsynet. Eller til serien kjem på videomarknaden. Den 8. september, altså om ein knapp månad, byrjar sesong 2 på amerikansk fjernsyn (og på den ikkje namngjevne alternative kjelden), og gjett om eg gler meg!

7 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Magnus

    Hmmm… eg såg to eller tre episodar av serien, men den fall ikkje heilt i smak. Burde eg prøva på nytt? Er det noko serleg utvikling i den, meiner eg.

  2. Simon

    Nja, han er litt treig, så om du ikkje likte han etter tre episodar kjem du neppe til å lika han. Men litt utvikling er det. Den fjerde fridomskjemparen frå episode to dukkar opp seinare, og han heiter Derek Reese (jau, av den Reese-slekta). «Cromartie», roboten frå fyrsteepisoden, er på jakt etter Connor-ane. FBI-agenten Ellison kjem nær sanninga. Connor-ane jaktar på frøa av det som skal verta Skynet. Men alt i alt er det berre Summer Glau som held interessa mi oppe. Digger henne frå Firefly, og ho var fantastisk i The 4400. Fyrstesesongen er berre ni episodar (pga forfattarstreiken i vinter), så det tek ikkje så frykteleg lang tid å sjå han.

  3. Ola

    Veldig fin plakat!

  4. Simon

    Såg episode 1 av sesong 2 her i stad. Gløym alle fordommar og negative ord om sesong 1. Dette var jævla bra.

    Summer Glau eig rolla som terminatoren Cameron, og dei fyrste ti minutta av episoden var geniale. I staden for å opna med høge eksplosjonar, kular og krutt til høgtalarane mine sprengde, så opna dei med ein deilig song, Samson and Delilah (du får dessutan ei herleg lita scene heilt til sist som spegler denne bibelhistoria, utan at eg skal gå så mykje inn på dei bibelske likningane i Terminator-universet… John Connor treng ikkje vera Jesus Christ berre av di dei har sams initialar), til ein nesten draumeaktig sekvens der alt gjeng litt saktare enn 24 fps, men ikkje så sakte at dei gjeng i Passion of the Christ-modus som berre gjer ting teit. Nei, dette var fantastisk. Handlinga under denne songen var spennande, og dei kunne ha prøva å gjera denne handlinga meir spennande med billege triks som å rista på kameraet og spela ein dustate hardmetallsong. Det gjorde dei ikkje, og det gjer meg varm og god og særs spent på resten av sesongen.

    Dessutan var høgdepunktet i episoden – den store showdown frå western-sjangern der skurk og helt møtast fjes til fjes – noka med det mest spennande, kjenslelada og tankevekkjande dei har hatt til no. Denne scena reiste mange interessante eksistensielle spørsmål, langt meir enn sluttreplikken i Terminator 2.

    Det einaste eg har å utsetja på sesong 2 no, er rollefiguren til Shirley Manson. Eg kjøper ikkje henne. Det var platt skodespel frå ein musikar som plutseleg har funne ut at ho skal halda på med skodespel. Høyrt det før? Åjadå, men kor ofte har det gått bra før? Men eg skal lata tvilen koma til gode, og gje henne eit par episodar på å verta varm i trøya som ei femme fatale og ein av hovudslemmingane (for det kryr jo av slemmingar i serien, og den tilsynelatande uforanderlege Framtida med stor F er den slemmaste av dei alle).

    Gler meg til episode 2 neste veke.

  5. Simon

    Ah, og Summer var skikkeleg heit!

  6. Simon

    … Synd resten av sesong 2 så langt ikkje har heldt same standard.

  7. Simon

    … og sesong 2 vart den siste sesongen. Det er no offisielt: serien er kansellert.

Gje innspel