«

»

SmiN.no

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Hurra, no har SmiN endeleg fått nye vevsider: SmiN.no

For fire år sidan sat eg om lag her eg sit no (halvanna meter søraust i dette rommet, faktisk), og vurderte om eg skulle fera til Nidaros for å taka ei høgare utdanning. Det var ikkje berre studium eller hybel eg tenkte på, men lokallag i NMU stod òg høgt på sjekklista mi. Nidaros hadde lokallag, og det var studentmållaget SmiN. Eg var innom vevsidene dei hadde då. Dei hadde ymse info, men ingenting som verkeleg fortalde kva som hendte i laget. Og sjølv om dei var heilt greie, var ikkje sidene så veldig gjæve. Full av HTML3-dritt som tabellar og font-taggar, og sidemenyen var eit biletkart. Vidare var det litt ulogisk oppbygging (m.a. viss du klikka på «Dette er SmiN», så fann du ikkje ut av m.a. kven som sat i styret.) Og den einaste sida som såg ut til å kunne ha litt aktivitet, «Kva hender», vart sjeldan oppdatert. Seinare, då eg sjølv vart medlem av laget, tok eg med meg desse røynslene og sa til styret at eg ville veldig gjerne sjå at sidene vart nytta meir aktivt. Problemet var, fortalde dei, at det var vanskeleg å oppdatera.

Den gamle vevstaden til Studentmållaget i Nidaros

Diverre tek ting litt tid i friviljuge organisasjonar utan tilsette eller skrivarstove. T-skjortene våre, til dømes, tok det to år å få gjort. Og innan då var han som la ideen fram vekke frå laget. Eg hadde smått teke opp dette med veven medan eg sat som økonomiandsvarleg, men det hendte ikkje meir enn at sidene vart kanskje oppdatert ein ekstra gong i kvartalet. Heilt til i vår. Då nytta eg Boba-voodoo på arbeidsprogramnemnda og dei skreiv inn dette punktet i arbeidsprogrammet for 2008:

[…]velja ei vevnemnd som skal omvøla veven vår. Laget treng ein dugande nettstad som gjer det lett å lesa, leggja ut og finna fram til nyhende og innlegg av ymse slag. Vevnemnda åt SmiN skal attpå pressa på den nasjonale vevnemnda so dei får sett i stand eit forum.

Då det var tid for å velja denne vevnemnda, sneik eg meg til ein plass. Nemnda hadde eit ope medlemsmøte der alle fekk koma med innspel til korleis veven skulle vera (kva han skulle innehalda, sjå ut, osb). Det vart mellom anna sagt at han skulle vera ljos og fin, helst med tre kolonner jf. Nynorsk.no. Det var òg viktig at fleire i styret skulle få høve til å oppdatera. Dette siste ville løysa seg lett ved å nytta WordPress. Men tre kolonner og jamvel ha korrekt html/css som fungerer i dei fleste vevmysarar? Den var vrien. Til slutt gjekk eg for ei råme basert på formgjevinga me finn døme på i artikkelen In Search of the Holy Grail frå den fantastiske A List Apart. Eg er ikkje så god på fargar og samanheng mellom dei, men eg får til kjeldekode. Tone i nemnda laga eit bumerke med grøn bakgrunn, striper og krusedullar – veldig mållagsaktig – og dette vart paletten for alle dei andre fargane på veven.

Når utsjånaden var stort sett på plass, fekk eg lagt ordlistene – inkludert Realfagsordlista som til no berre var å finna i PDF – i ein søkbar database. Smått om senn vart vevstaden gjævare enn den gamle veven. Kriteria, ljos og fin, tre kolonner, og høve for heile styret å oppdatera, er etter mitt skjøn oppfylt, men det lyt vera opp til deg å avgjera om du liker den nye veven:

Den nye vevstaden til Studentmållaget i Nidaros

4 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Odin Hørthe / Velmont

    Du er veldig velkomen til å hjelpa til med NMU sentralt sine sidor på http://målungdom.no.

    Elles ligg ordskifte ute på http://målungdom.no/ordskifte, det hev det gjort lengje: MEN, det er ein sluttjobb for å gjera alt ferdig. Sjølve sida til NMU treng òg mykje sluttjobb.

  2. Odin Hørthe / Velmont

    Dei vart ikkje so linkute som eg hadde tenkt.

  3. Simon

    Heh, kan sikkert hjelpa til viss det skulle vera noko, men det ser då ut til at du har fått det bra til. Forummerknaden var forresten ikkje i mitt opphavlege framlegg til arbeidsprogramnemnda, men det vart teke opp på eit ope idémyldringsmøte og føyd på. Eller noko sånt, du lyt høyra med Kristin som sat i den nemnda.

    Hmm, tilskriftene er klikkbare i administrasjonen min. Så rart. Fiksar innspelet no, men eg har ikkje tid til å titta i kjeldekoden min i kveld.

  4. Synnøve

    Fine sider!

Gje innspel