Kyle Katarn er tøff

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

For å sitera meg sjølv: «Stormtroppsoldat, rebelagent, jediriddar, mørk jedi, jedimeister, elskar, medlem av jedirådet, krigar…» Eg digger Katarn-spela:

  1. Dark Forces
  2. Jedi Knight: Dark Forces II
  3. Jedi Knight: Mysteries of the Sith
  4. Jedi Knight II: Jedi Outcast
  5. Jedi Knight: Jedi Academy

Kyle Katarn er den tøffaste i heile galaksen – ja, i heile Universet. Universet utvider seg faktisk av di det er redd for å vera i nærleiken av honom.

Kyle Katarn er så tøff at hyperrommet finst av di det er redd for å vera i same dimensjon som honom.

Kyle Katarn er så tøff at han kan fanga eit skot frå ei blasterrifle med tennene sine!

Det er ingen grunn i å gråta over spilt blåmjølk – med mindre det var Kyle Katarn si blåmjølk, for då er du ille ute.

Kyle Katarn er så tøff at han kan laga ljossabelkrystallar av kol med berre berr-nevane.

Kyle Katarn er så tøff at han kan laga kol av ljossabelkrystallar med berre berr-nevane!

Kyle Katarn er så tøff at han tek kaffien sin utan blåmjølk, sukker og vatn.

Kyle Katarn er så tøff at vikingane lét seg kristna i frykt for å møta honom under vikingferdene sine, trass i at me bur i ein heilt annan galakse og at vikingskipa deira ikkje dugde til romfart.

Kyle Katarn er så tøff at Boba Fett klara ikkje å taka honom.

Boba Fett har gjetord på seg å vera den beste dussørjegaren i galaksen av di han er den einaste som har overlevd nærkamp med Kyle Katarn.

Kyle Katarn er så tøff at han kan dela på null.

Wookieeane byrja å byggja husa sine i tretoppane etter at Kyle Katarn vitja Kashyyyk.

Kyle Katarn er så tøff at når han gjer armhevingar, så dyttar han heile planeten under seg vekk.

Episode III er den einaste gongen i filmsoga at nokon pratar om Kyle Katarn. Darth Sidious fekk auge på den tre år gamle guten nede på gata på Coruscant, og skreik ut i skrekk: «Power! Unlimited power!»

Når Kyle Katarn nys, er auga hans opne.

Når Kyle Katarn nys, vert eit markhol i dana.

Då keisaren skulle gje namn åt den nye millitære kampstasjonen sin, oppkalla han den etter Kyle Katarn.

Når jediane talar om Krafta, er det Kyle Katarn dei meiner.

Anakin Skywalker vart unnfanga av Krafta.

Av dei tre vanlegaste dødsårsakene til stormtroppsoldatar, er Kyle Katarn dei to øvste. Den tredje er hjarteinfarkt etter å ha fått vita at Kyle Katarn er i nærleiken.

Kyle Katarn er så tøff at livsmottoet til Chuck Norris er Kva ville Kyle Katarn ha gjort?

For meir om Kyle Katarn, vitja Wookieepedia og StarWars.com Databank, eller kjøp dei fantastiske videospela.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/10/kyle-katarn-er-t%c3%b8ff/