«

»

Ventinga er over: endeleg attende

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Oj, dette vart visst litt lengre ventetid enn forventa, men no er Boba.no endeleg attende. I ny bunad.

Grunnen til at det har teke så frykteleg lang tid, er at mange av skripta slutta å fungera då eg byta vevtenar. Eg tenkte at det kom til å taka så lang tid å fiksa på dei at eg like gjerne kunne drita i det. Til no har eg nytta meg av eit heimesnekra publiseringssystem som eg har bygga på gjennom to år. Det har vore veldig artig, men det kom ein dag då det ikkje var meir eg kunne byggja ut, og då mista eg interessa for det. Det er difor på tide å flagga ut denne delen av veven. Frå no av nyttar eg WordPress til publiseringa. Diverre synte det seg at det tok mykje lengre tid enn forventa å overføra innlegga og innspela frå det gamle til det nye.

No er alle innlegga og innspela lagt til. Enno står det att småjusteringar og sånt, og eg har enno ikkje funne heilt ut korleis eg skal få Videoteket og filmloggen til å samarbeida med WordPress. Med bytet av publiseringssystem fann eg òg ut at eg skulle byta litt på utsjånaden. Som vanleg held eg litt på det gamle i det nye, så du kan kjenna att veven sjølv om han no ser annleis ut. Eg vonar at oppfriskinga fell i smak hjå lesarane mine. Legg gjerne att innspel, og om du finn feil eller rare ting som sikkert ikkje skal vera sånn, så set eg stor pris på at du seier i frå.

Gje innspel