Terningkastet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Er det noko eg hatar med filmkritikk, så er det terningkastet. Terningkast byr til latskap, og kvaliteten av filmkritikken går ned. Norsk filmjournalistikk er prega av dette, og filmblad, filmspalter i avisar og innslag i fjernsynsprogram inneheld svært ofte dårleg filmmeldingar. Meldingane er lite informative, og stundom verker dei som om det mest er lysingar eller lesarbrev i staden for redaksjonelt stoff. Dei vektlegg karaktergjevinga alt for mykje, og det gjev lite rom til drøfting av filmen som heilskap. Karakteren framstår jamvel ofte som ganske vilkårleg, og det er mest som om filmskribentane faktisk har kasta ein terning for å koma fram til terningkastet.

Kva er filmkritikk?

I The McGraw-Hill Film Viewers Guide omtalar David Bordwell tre typar skriftlege arbeid:

A short screening report asks you to demonstrate your understanding of a film and its relationship to a course topic. It’s somewhat like an essay answer on an examination. Another type of assignment is the film review, which lets you try writing the sort of evaluate commentary you might find in Newsweek or Rolling Stone. Third, there is the analytical essay, a longer piece that digs more deeply and develops a sustained argument about the film.

Det Bordwell her kallar «film review», er det som folk flest tenkjer på om filmkritikk i tidsskrifter. Boka Mørkets Øyne går litt djupare inn i filmkritikken, og Anne Gjelsvik skriv her at finst fire grunnelement i filmkritikk:

  • Handlingsreferatet
  • Bakgrunnsinformasjonen
  • Vurderinga / dommen
  • Grunngjevinga

(Gjelsvik skriv òg at det ikkje er noka fast rekkjefølgje på desse grunnelementa, og at dei ofte flyt litt inn i kvarandre.)

Ei filmmelding inneheld eit kort handlingsreferat av filmen, miljøskildring, kanskje litt bakgrunnsinformasjon, og ei vurdering med grunngjeving. Handlingsreferatet lyt vera så kort som mogleg, og aller helst berre handsama det aller mest grunnleggjande i handlinga. Dei som har sett filmen, veit jo kva handlinga er, og dei som ikkje har sett filmen, ynskjer (som regel) å vera uskjemd når dei skal sjå han. Difor er det berre dumt å skriva mykje om handlinga. Bortkasta spalteplass som ingen seriøse filmtittarar ynskjer å lesa.

Eg liker bakgrunnsinformasjon veldig godt. Dette er ting eg kjem til å leita opp på veven sjølv om det manglar i filmkritikken, så du får bonuspoeng av meg om du syner at du har filmkunne nok (eller er god nok med Google og ACV-metoden) til å gjeva litt bakgrunnsinfo. Denne informasjonen kan vera nokre ord om dei som er med og om karriera deira. Eg liker til dømes å finna nærskylde filmar, kanskje filmar som har same tema eller utspeler seg i same miljø. Viss du til dømes skal skriva om Sweeney Todd, så lyt du i det minste fortelja at filmen er basert på ein teatermusikal, og at manusforfattar John Logan ofte skriv nyinnspelingar (The Time Machine) og oppfølgjarar (Star Trek: Nemesis). Du lyt òg få med at regissør Tim Burton har nytta skodespelar Johnny Depp i tidlegare filmar. Så kan du få med at filmen utspeler seg i eit miljø som har mykje sams med ein tidlegare Burton-film med Depp i, Sleepy Hollow, som handlar om den hovudlause ryttaren. Og då høver det å ta med From Hell, ein tredje film med Depp i (men pass på å presisera Burton ikkje hadde noko med denne å gjera) og som utspeler seg i same miljø, og denne gongen om Jack the Ripper. Når du no har Sweeney Todd, den hovudlause ryttaren og Jack the Ripper, så manglar berre Jekyll/Hyde i denne assosiasjonsrekkja. Derifrå kan du tala om galen vitskapsmann-filmar som Frankenstein, og slik kan du halda på. Men trekk det ikkje alt for langt ut, då vert det keisamt!

Eg meiner at vurderinga er det viktigaste i filmkritikken, og difor lyt denne vera velskriven, drøftande og godt argumentert. Viss filmskribenten ikkje likte filmen, så skal vurderinga innehalda både argument for og imot å sjå han. Vurderinga kan taka for seg skodespelarprestasjonane, dramaturgien, bodskapet til filmen, sjangeren, målgruppa, filmatiske grunnelement og så bortetter, og til slutt ein endeleg konklusjon som skal vera godt grunngjeve basert på resten av innhaldet i filmkritikken.

Diverre er det sjeldan at me får lesa slik filmkritikk. I staden bognar det av filmkritikk med alt for lange handlingsreferat, mest ikkje noka vurdering, og ein konklusjon som berre er eit bilete av ein terning utan forklaring på kvifor. Dette er dårleg filmkritikk, og jamvel er det dette me finn i filmspaltene til riksavisene og i tidsskrifter – som til dømes FilmMagasinet, det største og mest kjende norske filmtidsskriftet (men slettest ikkje det beste og mest interessante).

Eg skreiv om dette i ei oppgåve for eit par semester sidan. Då nytta eg omtalane til filmen 40 year old Virgin som døme. I FILM nr. 4/2005 var til dømes handlingsreferatet fire avsnitt langt, men vurderinga fekk berre to setningar:

Dette er først og fremst en komedie som tiltaler de som synes at brødrene Farrelly er best når de er skikkelig vulgære. Carrell er både rørende og morsom og scenen der han skal fjerne kroppshår med voks hører med til de mer smertefulle i manns minne. (Rehlin, s. 21).

Og konklusjonen? Ikkje eit einaste ord, berre eit bilete av ein terning med tre auge på. Dette trass i at det ikkje stod noko som helst i heile artikkelen som kunne stø opp om at filmen skulle få denne karakteren. Som du ser gav skribenten ikkje uttrykk for at filmen var god eller dårleg, og sitatet kunne like gjerne vore til ein toar-film eller ein femmar-film. Eit tidsskrift det er logisk å samanlikna FILM med, er FilmMagasinet (så like er dei faktisk, at dei slo seg saman seinare). I nummer 7/2005 av FilmMagasinet kom meininga til filmskribenten (Lund, s. 28) mykje betre fram. Her vart handlingsreferatet unnagjort snøgt og godt, og så nytta skribenten resten av artikkelen til å trekkja fram dei dummaste episodane av filmen. Grunngjeving på kvifor desse døma var dumme var det totalmangel på, og det var heller ingen annan form for vurdering eller konklusjon. (Vel, med unnatak av karakteren då.) Heile teksten framstod som rein drittslengjing, og eg fekk inntrykk av at dette vart totalslakt. Det var difor særs overraskande å sjå at konklusjonen var terningkast 3. Viss filmen var så ille, kvifor vart han då vurdert som middels?

Skribenten og tilskodarrolla

No gjekk eg kanskje litt langt fram. Før ein skribent kan skriva filmkritikk, må han faktisk sjå film. Skribenten er altså ikkje noko anna enn ein heilt vanleg tilskodar i starten, og er difor påverka av det same som alle andre tilskodarane. I Syn og Segn nr 4/1988 skreiv Stig Kulset om tilskodarrolla. Han meiner – til forskjell frå den gjengse oppfatninga folk flest har om filmmediet – at film ikkje er eit passivt tidsfordriv. Sjølve essensen til film krev ein tilskodar. Film er ikkje anna enn 24 stillbilete i sekundet, og for at desse bileta skal få rørsle og verta «levande bilete», så nokon sjå på dei. I boka Introduksjon til film (Braaten m.fl., 2003: s. 38), hevdast det at illusjonen av levande bilete byggjer på fenomenet «tråleik i auget»; dette vil seia at hjernen held på eit synsinntrykk ei stund etter at ljosimpulset som framkalla det er vekke. Film utan tilskodar er dimed ikkje er anna enn små gjennomsiktige bilete på ei lang plaststrimle.

Når du fyrst har ein tilskodar, så er det tilskodaren som set saman dei levande bileta til ei forteljing. Forteljinga skjer ikkje på plaststrimla eller lerretet, men i hovudet på dei som sansar ljosbileta. Kulset nyttar den vidgjetne dusjscena i Psyco som døme på dette. Me ser at det står ei dame i dusjen, me ser ein person koma inn på eit bad, me ser ei hand som lyftar ein kniv, me ser handa hogga med kniven og me ser at det renn blod ned i ein sluk. Kvar for seg har desse innstillingane (feilaktig kalla «filmklipp» – eit filmklipp kan du ikkje sjå med mindre det er du som sit med saksa. Innstilling eller «filmklipp» er altså det du ser mellom to klipp) ingen tilhøve. Det er ingenting som seier at dusjen og badet er same rom, det er ingenting som seier at handa med kniven høyrer til personen som kom inn på badet osb, men når tilskodaren ser innstillingane i denne rekkjefølgja, diktar han opp i hovudet sitt at han nett har vore vitne til eit mord:

I gjennomgangen av baderomsscena gjekk det klart fram at ein del av tilskodarrolla gjekk ut på å sette saman brotstykke av ei handling til ein heilskap. Vi hadde eit underskot på informasjon som vi kompenserte for ved å førestille oss noko som vi streng tatt ikkje hadde sett. (Kulset, 1988: s. 331)

Det er dette informasjonsunderskotet som fører til at tilskodaren forstår kva som har hendt, eller i det minste gjera seg opp ei meining om det. Kulset skriv vidare at eit overskot av informasjon vil i staden føra til at tilskodaren får forventingar om kva som (kanskje) kjem til å henda. I Haisommer ser me ei haifinne i vatnet, og me ser ei jente som sym rundt i vatnet. Tilskodaren forventer at noko kjem til å henda, og opplever spenning kring denne (kanskje) komande hendinga. Vert hypotesen til tilskodaren faktisk utfallet? (Her: kjem haien til å eta jenta?) Spenningsfilm og skrekkfilm nyttar seg ofte av dette.

Tilskodaren er med andre ord aktiv i filmforteljinga, og nyttar logikk, kjensler og ikkje minst subjektivitet til å dana seg eit bilete om både handlinga og kvaliteten til ein film. I akademia er subjektive meiningar ikkje heilt stovereint. Filmteoretikarar tek ofte for seg materialet til filmen – altså forteljingsstruktur og teknikk (alt frå kamerabruk til sjølve plastikken som er filmstripa) – medan tilskodarrolla vert mest ignorert:

For example, The Cinema Book, a text which claims to provide a comprehensive summary of the major areas in film studies, gives very little space to the discussion of audiences. Even in the section entitled «Narrative and the Audience», the analysis of audiences remains abstract. (Willis, 1995: s. 174)

I filmkritikk er det derimot lov med litt subjektivitet. «Her er kritikerne mer på linje med publikum, en god film treffer oss i magen eller i hjertet» (Gjelsvik, 2002: s. 106). Her lyt eg koma med ein merknad om at subjektivitet («eg opplevde filmen som keisam») ikkje er det same som synsing («eg tykkjer at filmen syg, basta»). Tilskodarrolla går ut på å føla handlinga, og denne kjensleopplevinga kan du godt trekkja fram i vurderinga di:

«Oldboy» er nesten som et to timer langt opphold i tørketrommel for full maskin, så skaket og provosert blir tilskueren. Hun føler seg filleristet i kropp og sjel etter å ha overlevd dette langvarige raserianfallet, sprunget ut av et mørkt syn på det aller meste som det er. (Haddal, 2005)

Dette skreiv Per Haddal i Aftenposten om filmen Oldboy, og som du ser, peiker Haddal nett på tilskodarrolla. Haddal var sjølv tilskodar då han såg filmen, og vart sjølv «skaket og provosert». Haddal peiker òg på opplevinga av filmatiske verkemiddel, og nyttar dette som argument for vurderinga si. Og han kjem heile tida att til opplevinga og kva tilskodaren (han sjølv) følte under filmvisninga:

Vi pirres av de estetisk, langtdrevne bildene fra en filmmaker som uhemmet hengir seg til sine fortellerlyster, ofte av dyster, altfortærende og svart art. Kamera-kjøringene får det til å risle frydefullt langs ryggraden. (Haddal, 2005)

Filmkritikaren og tilskodaren er her heilt like. Ein kritikar er ein tilskodar, og opplev filmen nett på same viset som alle andre i kinosalen. Det vil seia, nett kva han opplever kan vera personleg og ulikt for den einskilde, men mekanismen for opplevingane er sams for alle. Det som skil filmskribenten frå den gjengse filmtittaren er at skribenten må gå eit steg vidare. Han må fingranska både filmen og si eiga oppleving av han, og etterpå setja ord på det. Dette siste er på same tid det lettaste og det vanskelegaste i filmkritikk. Alle og ein kvar kan seia «det va tytje så tøft» om det fyrste bilsamanstøytet i Death Proof, men dette held ikkje i ein artikkel om filmen. Ikkje som argument, i alle fall. Skribenten lyt ha mykje kunne, mellom anna om kinematografi – måtar å nytta kameraet på. Iscenesetjing – mise-en-scène på fagspråket – er vel så viktig, og det er ein føresetnad at skribenten kan skriva om korleis kulissar, kostyme, skodespel, ljos og så bortetter vert aktivt nytta til å gjeva deg nett den opplevinga du får av filmen. Viss du tek med ljodbruk og redigering, har du det som tradisjonelt vert kalla dei fire grunnelementa i film, og kritikaren lyt vita kva desse er og korleis dei kan manipulera deg. Den gjennomsnittlege tilskodaren kan sjølvsagt leggja merke til alt dette sjølv, men filmkritikaren skal ordleggja tankane sine. Her, ved skrivebordet, skil rolla til kritikaren og tilskodaren seg, men ikkje så langt at desse rollene ikkje lenger har noko samband:

Under skrivinga vil skrivaren heile tida vere styrt av tanken på lesarens reaksjonar og den samanhengen teksten skal brukast i. Sjølv om vi fysisk sett er åleine medan vi skriv, fører vi gjennom skriveprosessen heile tida ein indre samtale med lesarane. Skrivinga blir såleis ei sosial handling der skrivaren kontinuerleg interagerer med lesaren. (Hoel, 2000: s. 131)

Filmkritikk er ein dialog mellom skribenten og lesaren om ein gjeven film. Av di lesaren både kan vera ein heilt vanleg person som går på kino ein gong i kvartalet, og ein fagperson som ser film langt oftare, har kritikaren ei utfordring. Same kven lesaren er, så skal filmmeldinga vera skrive til honom. Om kritikaren ikkje likte filmen, er det ikkje dimed sant at filmen er dårleg. Difor er det viktig at kritikaren argumenterer, gjev gode døme og opnar for dryfting i staden for berre synsing og klaging. Ei god filmmelding skal kunne lesast både før og etter filmen, og har som fyrst som funksjon å gjeva hug til å sjå filmen og etterpå å vera ein del av det offentlege ordskiftet rundt han.

Redde for å tapa andlet?

Det florerer av filmmeldingar med ovlange handlingsreferat og dårlege argument og terningkast i staden for skikkelege konklusjonar. Kvifor? I eit intervju fortalde Anne Gjelsvik at «[f]ilmanmeldere legger ofte vekt på å skrive underholdende og populært, og bruker ofte magefølelsen istedenfor faglige begrunnelser i sine anmeldelser» (Hugubakken, 2001). Dette heng nok saman med at filmen ikkje har høg status som kulturuttrykk i norske avisar. Film vert diverre sett på som rein underhaldning for ungdom, og at det ikkje finst noka intellektuell interesse for filmmediet.

Om du glyttar i dei norske avisane, er filminnhaldet ofte gøymd bort langt nedi ein liten krok av kultursidene. Somme aviser har til og med flytta film ut av kultur og dytta det inn i ei ungdomsspalte. Til samanlikning kan bok- og teaterkritikk ofte få heilsider med godt argumenterte vurderingar. Det same ser me når filmkritikk skal få sendtetid på fjernsynet. Her er det snarare ein regel enn unnatak at film er ein del av teite ungdomsprogram med rappkjefta vertar som berre går etter trynefaktor i staden for fagleg vurdering eller argument. «Deinn hær filmen e råbra, assa! Eg bærre ælska Adam Sandler sine filma. Blablabla, knotknotknot, tærningkast ÅTTE, høhøhø!» (fritt etter noko eg høyrte i forbifarta på fjernsynskanalen The Voice), kan du til dømes høyra. Kven har skulda for lågstatusen? Filmmediet er ungt, og alle unge medium møter større motstand enn dei etablerte media. Eg var innom dette i eit tidlegare innlegg, og då peika vyrde Ola ganske rett på at medium som er yngre enn filmen, t.d. videospel, opplev endå større motstand.

Kor som er, det er ei kjennsgjerning at meininga til ålmenta er styrt av den samla meininga til media. Massen kan ikkje meina noko utan å ha fått infoen presentert gjennom eit medium. Eg tykkjer difor ikkje at det er eit stort sprang å taka når eg hevdar at (ein del av) problemet er filmkritikarane sjølv. Alt for mange av dei som får spalteplass, manglar fagleg bakgrunn. Rett nok finst det unnatak, men desse forsvinn attom dei mange handlingsreferatsvoltne femogtredveårsungdommane som skriv for dårleg til å få spalteplass elles i avisa. Eg er klar over at eg bagateliserer litt no. Tek du eit tverrsnitt av filmmeldingar til èin gjennomsnittskritikar, vil du heilt sikkert finna ei og anna god setning. Likeeins vil du sjå svært varierte meiningar om èin film, jf. dømet med 40 Year Old Virgin. Men trass i at dei to tidsskrifta i dømet, saman med mange andre kjende filmfora, skreiv mykje ulikt om filmen, vart han vurdert som ein «terningkast 3-film» av dei aller fleste.

Som eg skreiv er filmkritikk ein dialog mellom kritikaren og lesaren. Kritikaren ynskjer at meldinga skal verta lesen. Difor vil han prøva å skriva noko som verkar seriøst. Og korleis får du seriøsitet? Jo, du gjer ditt beste på å ikkje symja motstraums. Når trenden er å berre laga lange handlingsreferat og gjeva ein talkarakter i staden for å argumentera, vil ikkje filmkritikarar bryta ut av denne trenden. Dei er redde for at lesaren vil oppfatta dei som useriøse om dei går vekk frå normen (men du har det motsette, der ein kritikar gjer sitt beste på å skilja seg frå alle andre… diverre som regel ved å gjeva terningkast 1 og 6 heller enn å kutta vekk terningane og handlingsreferatet). For eit par år sidan skreiv eg filmkritikk i ei avis, og då meinte redaktøren at det var risikabelt å ikkje ha med terningkast i filmomtalane. Eg valdte jamvel å ikkje gjeva karakterar til filmane eg skreiv om. Eg speler jo ikkje Yatzy for å gjera meg ei meining om ein film! Problemet med å velja bort karaktergjevinga er at lesarane er vane til talvurderingar. Ville lesarane mine tykkja at filmmeldingane mine var keisame, useriøse eller kanskje ufullstendige? Då den fyrste omtalen kom på trykk, fekk eg sjølvsagt reaksjonar. Det var heldigvis ingen som meinte at eg var useriøs eller at filmomtalane var ufullstendige, men det var mange – serskilt unge lesarar – som tykte dei var litt keisame. Dei fleste (til og med bestefar, som ikkje visste at eg var tilsett i avisa) trudde at eg vera ein eldre person og lite difor ikkje på meg når eg skreiv om fersk ungdomsfilm.

Dette trur eg mange filmskribentar opplev. Dei kviar seg for å bryta trenden, av di det kan gå utover omdømet deira. Rana Blad den 19. mai 2005 er eit ypparleg døme på dette. Filmskribenten (Pedersen, s. 20) slakta Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith, og det var ikkje noko som helst i omtalen som tyda på at han likte filmen i det heile teke. Han var serskilt kritisk til skodespelarprestasjonane, men vektla òg på at handlinga var vanskeleg å følgja med på, og at ho var gruleg keisam. Dette vart ikkje grunngjeve. Til slutt kom vurderinga, men ho spegla absolutt ingenting av resten av teksten. Konklusjonen hadde nemleg terningkast 4 i tillegg til berre to ord: «God underholdning!» Kva i?! Eg er samd i at filmen er ypparleg underhaldning, men kvifor gjorde kritikaren denne heilomvendinga heilt på slutten? Dette strid jo heilt i mot alt som kom før. Bortforklaringa hans var at han kanskje ikkje var den rette til å skriva om ein Star Wars-film, og at han såg at andre filmskribentar gav filmen karakter 4. Difor gjorde han òg det, trass meininga si. Igjen ser me at skribentane ikkje er samde om kvaliteten, men er frykteleg så samde om karakteren. Filmskribenten i Rana Blad var, som mange fagfellar, redd for å tapa andlet:

Gjennom språklig interaksjon skapes og opprettholdes vår identitet utad og innad. […] Generelt er vi innstilt på å bevare ansikt, både vårt eget og andres […] Den som sier eller er i ferd med å si en ansiktstruende ytring, og likeledes den som mister eller er i ferd med å iste ansikt, kan ta i bruk ulike strategier som «mildner» situasjonen og gjør ytringen mer indirekte. (Rustad, H. 2005: s. 220-221)

Viss du tek del i ei gruppesamtale og nokon vitsar om noko, vil du som regel flira med sjølv om du ikkje tykkjer at vitsen er artig. Du vil ikkje tapa andletet ditt, og seier ikkje «eg forstår ikkje» eller «det var ikkje artig». Og når du flirar med, er både du og moroklumpen berga. Du er ikkje utskotet som ikkje flirer, og vitsemakaren er ikkje utskotet som fortel dårlege vitsar. Dette kan me føra vidare til filmskribentar. Skribentane vil ikkje syna at dei ikkje forstår ein film når dei tek del i den makrogruppesamtala som pågår, og ynskjer som regel heller ikkje å stilla yrkesbrørne sine i dårleg ljos. «En opptredende som i dramaturgisk forstand er disiplinert, er en som husker sin rolle og ikke foretar seg noen utilsiktede fakter eller faux pas når han fremfører den. Han er en som viser diskresjon» (Goffman, E., 1992: s. 179). Skribentane vil tilpassa seg kvarandre, og dette gjer dei enklast ved å vera tilbakehaldne – altså ved å gjeva eit terningkast i staden for ei lang og argumentert totalvurdering. Og dei passar samstundes på å ikkje vera for snille eller for slemme, for det er lettare å gjeva ein karakter 3 eller 4 til filmar dei ikkje likte eller likte litt for godt, for då slepp dei å forklara seg og jamvel framstå som seriøse.

Gode råd til sist

Det finst inkje fasitsvar på kva ein god filmomtale er, like lite som det finst ei oppskrift på å laga ein god film. Ein god filmomtale er nett som ein god film: det er opp til lesaren å vurdera. Eg har i denne teksten prøvd å målbera kva eg meiner om filmkritikk, og dette er basert på observasjonar eg har gjort som ivrig filmtittar og ikkje minst lesar av filmkritikk. Ein god omtale er slettest ikkje det same som ein omtale eg er samd i. Eg kan hata ein film som vert lovprisa av filmkritikarane, men så lengje dei skriv godt og argumenterer for meiningane sine, så tykkjer eg at omtalene er kjekke å lesa.

Det beste rådet eg kan gjeva, er at du legg vekk terningane og tek fram ei penn i staden. Eg hatar, hatar, hatar terningkast. Det at terningar vert ålment nytta i filmkritikk, gjev konnotasjonar til at heile tekstsjangeren er sjansespel og svada. Ein terning eksisterer for éi einaste oppgåve: å syna fram eit vilkårleg tal mellom 1 og 6. Det er det terningen er til for. Om du tek tak i terningen og set han på bordet med eit gjeve nummeret opp i staden for å trilla han, nektar du terningen å oppfylla livsfunksjonen sin. For å kunne gje eit terningkast, må du faktisk kasta terningen (og dette får vera nok eksistensiell filosofi om terningar for no – eventuelt analfiksering på etymologi, alt etter som…). Eg oppfattar difor at filmkritikk gjev heilt tilfeldige vurderingar av filmar. Eg trur sjølvsagt ikkje at kritikarane nyttar ein fysisk terning for å finna ut om dei liker ein film eller ikkje, men som eg var innom er det ofte at konklusjonen ikkje står til resten av teksten; at kritikarane gjev karakter basert på kva andre har gjeve i staden for sine eigne argumentar. Ein god filmkritikk har samsvar mellom tekst og vurdering (og ein skikkeleg god filmkritikk gjev vurderinga i teksten, altså kuttar ut heile terningkastet).

Om du er feig/bastant (stryk det som ikkje passar) og ikkje ynskjer å gjeva opp ei vurderingsform som kan uttrykkjast som eit tal, så tilrår eg at du går får eit system med lågast mogleg tal. Di færre val du har, di større sjans er det for at du nyttar meir tid på argumentasjon. Eg oppmoder deg då til å gå for det binære. Då kan du berre gje 0 eller 1 til filmane, som enkelt kan verta representert grafisk med til dømes tommel ned og tommel opp. Om du med tommelfingeren seier at du likte eller ikkje likte ein film, så er det ikkje automatisk slik at du kan jamføra den filmen med andre av same «karakter». Dette kjem av at tommel opp/ned ikkje er ein karakter men ei meining, og meiningar er kvalitative ikkje kvantitative, og dimed i tråd med kva filmkritikk lyt vera.

Heilt til sist kan du glytta på kva filmkritikarar sjølv meiner filmkritikk skal vera, til døme i vevloggen til Roger Ebert eller artikkelen til Lars Audun Bråten i Rushprint nr. 5/2008 og det følgjande vevlogginnlegget til Karsten Meinich.

Leseliste

  • Bordwell, D. (2004), The McGraw-Hill Film Viewer’s Guide.
  • Bråten, L.A. (2008), «Rushprint anmelder anmelderne», i Rushprint nr. 5. Lasta ned den 17.06.2008 frå http://www.rushprint.no/index.asp?section=news&newsId=1399
  • Braaten, L.T, Kulset, S. og Solum, S. (2003), Introduksjon til Film.
  • Ebert, R. (2008), «Roger’s little rule book», i Roger Ebert’s Journal. Lasta ned den 28.10.2008 frå http://blogs.suntimes.com/ebert/2008/10/eberts_little_rule_book.html
  • Goffman, E. (1992), Vårt rollespill til daglig: en studie i hverdagslivets dramatikk.
  • Hoel, T.L. (2000), «Å rydde veg for orda – eit gløtt inn i dei skjulte skrive-prosessane», i Fagskriving som dialog.
  • Hugubakken, T. (2001), «Filmvold under lupen» i Gemini nr. 5. Lasta ned den 19.10.2005 frå http://www.ntnu.no/gemini/2001-05/8_1.htm
  • Kulset, S. (1988), «Tilskodarrolla i kinosalen» i Syn og Segn nr. 4.
  • Lund, S.M. (2005), «Barnslige mennesker: 40 year old virgin» i FilmMagasinet nr. 7.
  • Meinich, K. (2008), «Kritikken av filmkritikken sprer seg», i Rushblogg. Lasta ned den 19.06.2008 frå http://www.rushprint.no/index_blogg.asp?p=1140
  • Pedersen, G. (2005), «Kjedelig stjernekrig» i Rana Blad den 19. mai.
  • Rehlin, G. (2005), «Nye filmer: 40 year old virgin» i FILM nr. 4.
  • Willis, A. / Hollows & Jancovich (Red.) (1995), «Cultural studies and popular film» i Approaches to popular film

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/11/terningkastet/