LAMP

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Som vevutviklar og PHP-programmerar liker eg å ha ein vevtenar tilgjengeleg lokalt. Eg køyrer typisk dei følgjande programma på arbeidsmaskinene mine:

  • Apache
  • PHP
  • MySQL

(Det finst programpakkar med alle tre, som typisk vert kalla xAMP: LAMP for Linux, MAMP for OSX og WAMP for Windows.) Eg plar òg å ha PHPMyAdmin som grensesnitt mot MySQL, av di eg ikkje gidder å arbeida i eit terminalvindauge kvar dag.

Eg har nyleg formatert harddisken og lagt inn nyaste utgåve av Ubuntu (oktober 2008-utgåva), og då måtte eg leggja inn vevtenaren på nytt (kunne sjølvsagt ha lagt inn tenarutgåva, der dette er inkludert, men det gjorde eg altså ikkje). Eg plar heile tida å gløyma korleis eg gjer det, så difor skreiv eg det ned no for å sleppa å leita Google rundt etter hjelp neste gong. Det er sjølvsagt andre måtar å gjera det på, sikkert med færre trinn og styr, men det viktigaste er at sluttresultatet fungerer. Og dette fungerer for meg:

  1. Start terminalen og skriv inn: sudo apt-get install apache2
  2. Opne http://localhost/ i ein nettlesar. Viss alt gjekk godt, skal Apache vera klar.
  3. Attende til terminalen. Skriv inn: sudo apt-get install php5 libapache2-mod-php5. Skriv så: sudo /etc/init.d/apache2 restart
  4. PHP skal vera klart og Apache starta på nytt (det gjeng òg an å skriva stop og etterpå start i staden for restart). Sjekk PHP ved å skriva eit enkelt skript og leggja php-fila, til dømes med filnamnet phptest.php, til mappa /var/www/ (dette er ei verna mappe, så du må ha adminrettar for å gjera dette), og opne fila i nettlesaren: http://localhost/phptest.php.
  5. Attende til terminalen. Skriv inn: sudo apt-get install mysql-server. Når du vert beden om det, lag eit passord til MySQL-brukaren root (seinare kan du oppretta nye brukarar).
  6. No kan du prøva å logga deg på. Skriv inn: mysql -u root -p, og oppgje passordet når du vert beden om det. Om MySQL fungerer, er du no innlogga. Me har ingenting her å gjera enno, så me skriv inn exit;
  7. Me må ha eit par pakkar som skal få Apache, PHP og MySQL til å tala saman, samt vevgrensesnittet PHPMyAdmin for MySQL. Dette kan me gjera snøgt: sudo apt-get install libapache2-mod-auth-mysql php5-mysql phpmyadmin
  8. Skriv inn: sudo /etc/init.d/apache2 restart for å starta Apache på ny.
  9. Hjå meg fungerer ikkje alt heilt enno (http://localhost/phpmyadmin er ikkje der), så eg går att i terminalen og skriv inn: sudo gedit /etc/phpmyadmin/apache.conf. Denne fila lagrar eg som ho er i mappa /etc/apache2 med filnamnet httpd.conf. Til slutt startar eg Apache om att på same vis som før.

Dette fungerte perfekt hjå meg! Som sagt er det andre vis å gjera det på, og sikkert vis som er enklare og kjekkare. Før eg formaterte hadde eg ein LAMP-pakke som eg la inn med ein einaste line, men sjølv om eg ser eit føremon med dette må eg åtvara om at det då vart vrient å feilsøkja om noko gjekk gale.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/12/lamp/

2 comments

  1. Haha, for ein vandskeleg metode. Eg gjer dette sers ofte og treng normalt sett berre skriva:

    sudo aptitude install phpmyadmin mysql-server

    Og vips, so trekkjer den inn alt det du treng. httpd.conf er utgått, det er «legacy». apache.conf er det korrekte namnet. Dessutan lyt du putta slik spesialkonfigurasjon i /etc/apache/sites.available/phpmyadmin.conf og so skriva «sudo a2ensite phpmyadmin». Mykje betre. 🙂

  2. Takkar for tips, Odin! Eg liker steg for steg, pakke for pakke, men måten din er utan tvil mykje enklare.

    Vil nemna at det finst ein kjempegjæv Windows-pakke som heiter WampServer, dersom folk enno ikkje har kasta ut Windowsen sin. Med denne pakken legg eit adminprogram seg i systemfeltet, og derifrå får du full tilgang til PHP, MySQL og Apache. Og det tek ikkje mykje plass heller…

Legg att eit svar

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.