Med Grimm og Gru

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Med Grimm og Gru

Eg har særs gode barneminne om Med Grumm og Gru. Fin musikk, spennande forteljing, fantastisk verd. Den siste gongen eg såg filmen før eg vart vaksen var i 1994, og då såg eg han ikkje att før joleavslutninga til Trondheim Filmklubb i 2005. Eg var veldig spent på om det gode barneminnet ville verta øydelagt på same viset som med t.d. Gremlins 2 eller Batman Forever. Heldigvis vart det ei positiv gjenoppleving og byrjinga av ein ny joletradisjon. NRK sendte filmen i 2005 og 2007, og sjølvsagt møtte eg opp på joleavslutninga til filmklubben.

Rada og Titi Suru

Filmen er ein rockemusikal-utgåve av eventyret om ulven og geitekillingane. Rada Geit, aleinemor til fem geitekillingar, bur i skogen. Dei leiker og har det artig heile dagen, og sola varmar skogsbotnen. Familien Sau, familien Bjørn og familien Svale bur òg i nærleiken, så killingane har mange vener å leika med. Diverre er familien Geit òg nabo til den einsame og gretne ulven Titi Suru. Han er skrekkeleg sint, har skarpe klør og blodig lyst, og no ynskjer han å få kloa i geitekillingane. Kanskje kan han lura dei når mor Rada går på marknaden?

Geitekillingane

Det er mange feil med filmen. Kontinuitetsproblem, dårleg røystomsetjing («dubbing»), urealistisk snøgg skifte av årstidar og så bortetter. Replikkane er litt gjentakande, og persongalleriet er særs overdrivne. Men ingenting av dette går ut over filmopplevinga som heilskap. Kulissane er utruleg flotte og dansarane er flinke. Ikkje så rart, sidan dei kom frå mellom anna Bolsjojteateret. Og så har du dei heilt fantastiske kostyma. For ikkje å snakka om songane og musikken. Eg gjeng rundt og nynnar på Mom is home i fleire veker etter å ha sett filmen.

Me får høve til å sjå denne fantastiske musikalen NRK3 fyrstkommande måndag, den 22. desember, klokka 19.30. Han går på ny på NRK Super laurdag 3. januar klokka 16.00. Om du skal sjå berre éin film på fjernsynet denne jola, så lyt du sjå denne!

Titi Suru

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/12/med-grimm-og-gru/