Rengakaka

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Adventstid tyder jolebaks, og det er ikkje måte på kor mykje godt som vert til på kjøkenbenken kring om i Noreg desse dagane. Peparkake, sirupssnipp, tårnkake… mykje godt. Min favorittjolebakst er eit lokalt bakverk frå Rana. Det smakar annleis enn all anna jolebakst. Rengakaka er ikkje søtt eller kakeaktig, som alle andre jolebakstene plar vera, men er grov og mettande i tillegg til å vera veldig god. Namnet kjem frå forma på bakverket: ringar/spiral (på nynorsk: ein ring – ringen – ringar – ringane, på ranværing: ein reng – rengen – renga – rengan). Sjølv om baksten av utsjånad kan minna om kanelsnurrar eller liknande, har han lite anna enn spiralen sams med dei. Rengakaka er sprø, ikkje mjuk, og etast gjerne i staden for brød eller knekkebrød.

Slik lagar du rengakaka

Fyrst treng du:

  • Ein pakke (1kg) grynmjøl (byggmjøl)
  • To matskeier hjortehornsalt
  • Ein halv pakke (250g) smør
  • Seks desiliter lettmjølk
  • (kanskje litt kveitemjøl)

Smelt smøret. Sett steikeomnen på 250 grader. Bland det tørre godt i hop. Hell i smøret og mjølka, og kna dette saman til ein deig. Arbeid godt med deigen. Spe på med kveitemjøl viss deigen er for laus eller meir mjølk viss han er for fast. Rull ut ein liten neve av deigen til ei lang, tynn strimmel. Strimmelen skal vera om lag 50 centimeter lang, og helst ikkje tjukkare enn 5 millimeter (tynnare enn litlefingeren din). Snurr den saman til ein spiral, og legg på steikeplate med bakepapir. Baksten hever seg nesten ikkje, så du treng ikkje vera raus med plassen på plata. Når den er full, set du den inn i omnen til baksten har fått ein gyllen brunfarge. Dette tek sånn om lag 10-15 minutt. Oppskrifta rekkjer til tre-fire plater.

Biletet er frå Knut / WikiMedia

Det finst andre variantar òg: Nokre oppskrifter har kulturmjølk, kveitemjøl, rjome, sukker, og til og med smult, men eg tykkjer det er denne grove rengakaka som er best. Rengakaka er allsidig, og kan verta nytta kvardag som fest. Den smakar veldig godt med brunost eller spekemat. Du kan i grunnen nytta alskens pålegg, eller berre smør, for rengakaka er knallgodt. Det kjekke er at den er mogleg å frysa ned, og det tek knapt nok eit minutt i romtemperatur for å tina den opp igjen. Du kan til og med nytta den som frukostblanding: bryt eit par av dei i stykke i ei skål, hell mjølk og sukker over. Et og kos deg så lengje kaka enno er sprø.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/12/rengakaka/

2 comments

  1. Spanande! Dette skal eg jaggu freista å laga næste jol. For du gjev bakeløyve til heidmarkingar au?

    -kf

    • Simon on 7. januar 2009 at 15:19
      Author

    Klart det! Men ikkje skuld på meg om du får trøbbel med snurringa… eg får sjeldan til ein god spiral sjølv.

Comments have been disabled.