Binærklokke frå ThinkGeek

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Denne klokka kjøpte eg frå ThinkGeek.com. Fantastisk nettbutikk med mykje artig og totalt unyttige ting. Kva med ei t-skjorte med høgtalar? Eller ein minnepinne som valdtek USB-porten? Kanskje treng du eit terningssett for gullfisken din? Skaff deg ein grøn laserpeikar før dei vert forbode i Noreg, og pynt dusjen din med eit smart føreheng. Dei har alt mogleg av det du ikkje treng men vil ha lell.

Eg tykte butikken var særs rask. Eg tinga binærklokka på sundag, på måndag fekk eg melding om at ho var pakka og sendt, og på torsdag føremiddag fekk eg telefon i frå DHL om dei kunne koma med pakka til meg. Det var ingen heime då, men det var ikkje noko problem, sa dei, dei kunne koma med pakken til meg på høgskulen. Frå East Windsor, New Jersey, USA til Mo i Rana, Nordland, Noreg på fire dagar, levert rett i handa! Flott!

Ah, og korleis les du binærklokka? Enkelt. Dei to fyrste kolonnane er timar, dei to neste minutt og dei to siste er sekund, med andre ord synast tida som hh:mm:ss. Den nedste rada er 1, den neste er 2, neste 4 og den øvste 8. Me ser på timane på biletet fyrst. Det er ljos i den nedste rada i den fyrste kolonnen. Det tyder at det fyrste sifferet er 1. Det er ingen ljos i den neste kolonnen, altså 0. Me er altså i timen 10. I den neste kolonnen lyser den tredje rada oppover, altså 4. Neste kolonne viser ljos i den fjerde rada oppover, altså 8. Dette tyder at me er 48 minutt inn i timen. Det er ljos i to rader i femte kolonnen, rad ein og to oppover, altså 1+2=3. I den siste kolonnen er det ljos i andre og tredje rad oppover, altså 2+4=6. Me er 36 sekund inn i inneverande minutt. Kort sagt, klokka er 10:48:36.

Denne modusen kallast «binary-coded decimal», av di det er eit desimaltalsystem1 der kvart siffer vert representert binært2. Lat oss sjå på klokka att. Ljos tyder 1, og ikkje ljos tyder 0. Om du les nedover, får du binærtal (nullar før fyrste einar kan du sjå vekk frå, 0010 er det same som 10):

110=12 
010=02
410=1002
810=10002
310=112
610=1102

Klokka har ein annan modus som kallast «true binary», og då vert timar, minutt og sekund tal representert fullt ut binært. Kvar kolonne representerer eit tal (1, 2, 4, 8, 16 og 32), og i radene finn du klokkeslettet (time, minutt og sekund). Den øvste rada vert ikkje nytta i denne modusen. Her ville klokka synt fram 1010:110000:100100.

Jukselapp for BCD-modus

Jukselapp for TB-modus

  1. Desimaltalsystem: det «vanlege» talsystemet som går frå 0 til 9, der det neste talet er 1 tiar og 0 einarar: 10 []
  2. Binærtalsystem: talsystem som går frå 0 til 1, der det neste talet er 1 toar og 0 einarar: 10 []

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/02/bin%c3%a6rklokke-fra-thinkgeek/

1 comment

  1. Eg hev lengje hatt lyst på den der. Heilt sidan ungdomsskulen. Kule greidor.

    Menneh, eg må nok hava i fyrste modusen. Greitt nok at eg skriv asm, men eg treng nok litt meir trening for å kunna sjå klokka i den andre modusen snøgt.

    Forresten visar dei Med Grimm og Gru på Cinema Neuf tysdag 10. mars.

Comments have been disabled.