«

»

Traumatisk fjernsynsoppleving

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har tenkt litt på dette med oppleving av film og fjernsyn gjennom eit barns auge i det siste. Mange ungar kan du plassera attmed ein fjernsynsskjerm, så vert dei tyst med ein gong. Men når dei vert større, er det slettast ikkje sikkert at dei hugsar alt det dei såg, eller at minna er rett. Eg forstod ikkje alt som gjekk på fjernsynet då eg var berre ein liten snørrunge. Eg tykte til dømes at Albert Åberg var råtøft, og at eg av ein eller annan grunn ikkje lita på Max Mekker. Kvifor er uvisst, men eg kan alltids spekulera. Insisterte eg til dømes å sjå vermeldinga kvar kveld av di det minna meg om teiknefilm? Eg veit ikkje. Eit av dei skumlaste, mest traumatiske fjernsynsaugeblikka eg kan hugsa frå barndommen hendte i fjernsynsserien Batman.

Eg har nyleg spora opp denne hendinga. Det var heilt i slutten av sesong 1 episode 13. Episodenamnet er The Thirteenth Hat. Lynvingen og Robin er i lager for eit museum eller noko sånt, og midt mellom dei står Den galne hattemakaren. Heltane trur at dei skal klara å overmana den slemme flosshattmannen, men han har eit triks i ermet. Eller rettare sagt i hatten: ein hypnosestråle!

Eit hypnosevåpen gøymd i hatten

Den galne hattemakaren skal til å skyta hypnosestrålen på Lynvingen…

… men Lynvingen har eit antihypnoseskjold (også kjend som eit spegel) i verktybeltet sitt, og kastar strålene attende til flosshatten.

Diverre dukkar skurken unna, og stakkars Robin vert utslegen

Når Lynvingen skundar seg over til sin falne kamerat, utnyttar Den galne hattemakaren sjansen til å slå honom hardt i hovudet med ei tønne.

Lynvingen fell attover mot veggen. Kva er det slags røyr som stikk ned der? Kva meinast med «super fast hardening plaster»?

Å nei, det er ei felle! Lynvingen vert dynka i gips!

Gipsen storknar med ein gong! Og episoden er over! Korleis skal dette gå?!

Og så kom pappa og reiv meg ut or fiksjonsuniverset: «Då var det slutt. Marsj i seng.» Men korleis skulle eg få sova no? Lynvingen er jo drukna i gips, og ingen kan stogga Den galne hattemakaren no frå verdsherredøme. Og eg frykta at han skulle tvinga alle til å gå rundt med sånne stygge flosshattar. Det hadde vore keisamt i barnehagen…

Heldigvis gjekk det jo greitt for Lynvingen i neste episode. Og eg klarte å skilja mellom fiksjonen og røynda (sjølv om eg ei stund var eg veldig redd). I ettertid har eg fått auga opp for Adam West og hans fartstid som Lynvingen, og gjort meg ei meining om at hans utgåve er den beste. Eg let meg ikkje skremma like lett no som eg har tilbakelagt eit par tiår mellom meg og barnehagen, men eg er like fengsla av fargane og den teiknefilmaktige stilen no som då.

Gje innspel