Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Indy byrjar verta sliten. Med eit så eventyrleg liv er det ikkje anna å venta. Film nummer fire i rekkja ber preg av at aktørane er ute av dagsformen, og korkje doktor Jones eller Harrison Ford er ikkje like snøgg og sprek som dei ein gong var. Men gløym dette, for filmen er tøff. Han tek ikkje seg sjølv så høgtideleg, og nyttar kvart høve han får til å rekkje tunge til seg sjølv og sine eigne veikskaper, slik at du og eg slepp å gjera det. Filmen leiker med det me likte frå dei gamle filmane, men gjer samstundes mykje ut av den nye tidsånden – både i fiksjonsuniverset og i den røynlege verda.

Fyrste akt er reint gull. Livleg rock, jenter med pastell-klede, gutar med sleik. Og for å yttarlegare gjera det klart kva tiår me er i, får me snart sjå at me er ved ein løynleg millitærbase uti ørkenen i New Mexico (jau, her talar me Roswell, Area 51 og heile den pakka). Fienden, kommunistane, gjer innbrot her, på jakt etter ein artefakt. Med seg i bagasjerommet har dei eit uslåeleg våpen: ein mann. Ein mann med lærjakke, pisk og fedora. Ein mann viss tidlegare eventyr har fylt mang ei kasse i det lagerbygget me no står utafor. Ja, det er den fræge doktor Jones, og han hatar kommunistar nesten like mykje som han hata nazistar eit tiår tidlegare. Diverre står han på feil ende av femten rifler, så han har inkje anna val enn å hjelpa dei. Sjefen for denne vesle utflukta heiter Irina Spalko, ein femme fatal like galen som ho er skummel. Om du kjenner Indy, veit du at det ikkje kjem til å ganga fredleg for seg. Snart vert det kuleregn, nevekamp (ah, så deileg det er å sjå knyttnever i rå mann-mot-mann-kamp. Her talar me Bud Spencer-stil!), jetdrivne lyntog, eksplosjonar, jordrotter og den desidert artigaste kjøkkenscena nokon gong festa til ein filmrull. Og hovudhandlinga har ikkje byrja enno!

Etter desse fyrste ville hendingane, roar filmen seg litt ned. Her følgjer me deilig aristotelisk dramaturgi, med ei spenningskurve som har fungert i gjennom 2300 år, og ho fungerer som faen enno – jamvel om dagens ungdom er vant med ei spenningskurve der det hender noko heile forbanna tida. Kor som er, det verkelege eventyret startar fyrst når Jones vert oppsøka av den unge Mutt Williams (kva for eit namn er «Mutt»!? Hehehe). Mora til Williams er, samans med professor Oxley (ein tidlegare kollega av Jones), kidnappa medan dei glytta etter ein krystallskalle. Det er no opp til Indiana og Mutt å løysa gåta, slik at dei kan redda fru Williams og professor Oxley. Frå no er det berre å lena seg attende og nyta popkornet. Du vil få servert biljakter, fossefall, menneskeetande kjempemaur, skorpionar, mumifiserte lik, hydrauliske feller, fleire kommunistar, Tarzan-imitasjonar, sverdkampar, fleire barske nevekampar og ikkje minst hatten. Den fantastiske hatten, som er ein rollefigur for seg sjølv i desse filmane. Viss du berre er ute etter underhaldning, er det ikkje eit keisamt augeblink frå no av, og for kjennarane er det plenty med snadder å kosa seg med. Og eg plar ikkje nytta ordet plenty om noko!

OK, nok skryt. Det merkest sjølvsagt at dette er ein attpåklatt. Dialogane er annleis, kinematografien er feil (trass heiderlege forsøk på å kopiera stilen frå dei gamle filmane), Indiana er eldre, Lucas er eldre, Spielberg er eldre, og sumarblockbustarar er berre slitsame. Heldigvis tek Indy IV seg tid der det høver, og er ein sumarblockbustar for dei av oss som er litt lei sumarblockbustarar. Diverre klarar ikkje filmforteljinga å halda seg oppe heile vegen. Me får tidleg høyra om El Dorado, ein by av gull – vakta av levande daude. «Ein perfekt stad for Indy», tenkjer me, og fantaserer om kva han kanskje vil møta der. Vonbrotet er difor stort når filmen er over og me oppdagar at han slettest ikkje handla om El Dorado. Det verker nesten som om manusforfattaren gløymde det bort undervegs.

Og så var det skurkane då. Det er deilig det er å sjå russiske kommunistar som skurkar. Ei stund i amerikansk film var kommunistar erkeskurkar, men etter at den kalde krigen kjølna (eh, gjev dette meining?), forsvann gradvis denne skurkestereotypen frå lerretet. Det vart ikkje stovereint å ha raudnasa, vodkastinkande russarar som skurkar lenger, for USA og Russland skulle jo no vera kameratar. I Indy 4, derimot, er stereotypen attende, og eg koser meg nesten like mykje som med dei smådumme, teikneserieaktige og lite treffsikre nazistane i Raiders og Crusade. Når det er sagt, merker eg at eg saknar nazistane.

Filmen fekk mykje dårleg kritikk då han kom. Det gjekk mykje i «Ikkje i nærleiken av dei gamle», «Originalane er best» og så bortetter. Eg meiner dette er feil. Eg tykkjer sjølvsagt at dei gamle er underhaldande, men lat no ikkje nostalgien hengja eit romantisk slør over dei! Dei tre fyrste filmane var ikkje fantastiske, episke, gigantiske, heilage, gudelege, [set inn superlativ her]. Dei var rein underhaldning då dei kom, og er rein underhaldning i dag. God underhaldning på grunn av godt samarbeid, korkje meir eller mindre. Nett som med denne nye filmen. Den dårlege kritikken han fekk er på grunnlag av det kritikarane ynskte at han skulle vera, ikkje kva han faktisk var.

Ikkje all kritikken tok for seg dette. Mykje gjekk òg på at dei valde å plassera filmen i ein litt annan sjanger enn dei gamle. Rett nok er me framleis i det eventyrlege som me er vane med frå Indy ein, to og tre, men no med litt vitskapsdikting innblanda. Eg skjøner at det er vanskeleg å forstå dette utan å ha grunnleggjande filmhistorisk kunne. Dette går på tidsånden. Dei fyrste filmane var tidfesta på tredvetalet, og på tredvetalet i den røynlege verda var eventyrisk laurdagsmatiné ein sjanger med stor oppslutning (du må rett nok ut av det akademiske for å sjå dette, av di denne filmtypen ikkje vert sett på som veldig seriøs eller «god»). Dei tre filmane var inspirert av tredvetalsfilmane til Republic Pictures og tredvetalsbøkene om Doc Savage. Av di den nye filmen er tidfesta til femtitalet, var det logisk at han gjev litt ære til den tilsvarande underhaldningsforma det tiåret. Og på femtitalet var det nett vitskapsdikting som rådde (og som akademia ser på som useriøst og «ikkje god»). Til dei som klaga over at denne slutten var dårleg av di han var så lite røynleg: var det meir røynleg med at skrømt i Paktas ark tok livet av eit tjuetals nazistar i fyrstefilmen? Eller at Mola Ram kunne riva ut hjartet ditt utan at du døydde i andrefilmen? Eller at ein ridder av det fyrste krosstoget framleis var i live inni ei hule etter hundrevis av år?

Alt i alt var dette ein løye film, om du ikkje tek for mykje forventingar med deg når du skal sjå og dømma han.

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/03/indiana-jones-and-the-kingdom-of-the-crystal-skull/