Byt ut snøggvalbileta i Opera

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Snøggval, eller «Speed Dial» som det heiter på godt bokmål, vart introdusert i Opera i mars 2007, og var ein av dei mange kjekke funksjonane som kom med versjonnummer 9. Desse snøggvala er ei slags startside om du vil, der du kan leggja inn opptil ni av favorittvevstadane dine (fleire, om du ikkje er redd for å endra på ini-filer). Då kan du enkelt klikka på den sida du vil utan å måtte bla deg gjennom bokmerka dine (og dei er det mange av, om du er som meg) eller skriva inn tilskrifta. Om du ikkje har snøggval-vindauget opent, kan du faktisk skriva inn talet på vevsida i tilskriftlina. Skriv du 7 som tilskrift, vert du sendt til vevstad nummer sju. Eller endå betre, du trykkjer berre CTRL+7 på tastaturet. Veldig kjekt. Eg tenkte eg skulle dela noko anna veldig kjekt du kan gjera, og det er å byta ut bileta du ser på snøggvalsida.

Automatiske snøggval-bilete

Bileta i snøggvala er automatisk generert frå vevsida. Dette er jo litt kjekt, men stundom kan det vera litt vondt å sjå nett kva dei ulike sidene faktisk er. Skrifta vert uleseleg lita, og det er ikkje sikkert at vevsidene du legg til har eit godt synleg og gjenkjenneleg bumerke. Då er det gjævt at du faktisk kan byta desse ut. Og det gjer du slik:

  1. Finn ut kvar dei automatiske bileta ligg. Du finn dette ved å glytta i hovudkatalogen til Opera (sjå i opera:about for å finna denne). Der skal det vera ei thumbnails-mappe.
  2. Endre eller byt ut biletet. Det nye lyt helst (men treng ikkje) vera 256×192 pikslar stort. Hugs å lagra det med same filnamn i same format (png). For å hindra at Opera endrar det automatisk att, kan du skriveverna biletet (høgreklikk -> eigenskapar -> Attributt: skriveverna)
  3. Start Opera.

Eigenlaga snøggval-bilete

Takk til superoperabrukar Tamil for tipset.

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/04/byt-ut-sn%c3%b8ggvalbileta-i-opera/