Opera i Ubuntu

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Opera er 15 år

Sist veke kom Ubuntu 9.04, og då var det sjølvsagt på tide å ryddja vekk alt det gamle skrotet og leggja til ein frisk kopi av operativsystemet og mine favorittprogram. Ikkje uventa finn du Opera på den lista. Eg gjorde klar partisjonen, la inn Ubuntu og kom ikkje på kva eg skulle gjera for å leggja til Opera. Denne nettlesaren ligg nemleg ikkje i pakkehandsamaren (Synaptic), så du kan ikkje nytta den elles hendige Legg til-menyen. Så då var det berre å gå til Google å finna det ut. Fann fram, fekk inn Opera, fikla litt med innstillingane, og storkosa meg med ein heilt frisk kopi. Gleda var ikkje langvarig, for etter eit par timar kom eg plutseleg på at minnet mitt er på fire gigabyte, ikkje tre, og for å kunne utnytta dette må eg ha 64-bitsvarianten av operativsystemet. Eg fjerna alt på nytt, la til Ubuntu x64, kom ikkje på kva eg skulle gjera for å leggja til Opera, og gjekk til Google for å finna det ut. Dette hender mest kvar gong eg skal leggja til Opera i Ubuntu, så difor er nok lurt at eg skriv det ned denne gongen.

Det finst sjølvsagt fleire måter å leggja Opera inn i Ubuntu. Kanskje også lettare og betre enn denne, men det kan de få finna ut av sjølv.

  1. Last ned autentiseringnykelen.
  2. I Programvarekjelder (Systemet – Administrasjon), vel fana «Tredjeparts programvare» og legg til:
    deb http://deb.opera.com/opera/ stable non-free
  3. Vel så fana «Autentisering», og importer nykelen som du lasta ned (fila kan du sletta no viss du vil), lukk og oppdater.
  4. Opne terminalen og skriv inn: sudo apt-get install opera

Grunnen til at eg legg til Opera som programvarekjelde, er for å få det inn i oppdateringshandsamaren automatisk. Eg veit ikkje heilt korleis Opera 10 kjem til å fungera med dette, sidan me i dette versjonssteget endeleg får automatisk oppdatering, det einaste føremonnet Firefox har hatt over Opera. Versjon 10 er endå ei lita stund unna, men me nærmar oss.

Du finn andre vis på Opera-veven.

Gratulerer med 15-årsdagen, Opera!

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/04/opera-i-ubuntu/