«

»

Trøbbel i dokkehuset

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Fyrst må eg berre få sagt at eg slettest ikkje er ein whedonist. Joss Whedon skriv godt, men det er ikkje alt som er like bra. Eg tykte Buffy-serien var keisam (det vesle eg såg av den, i det minste), og Alien: Resurrection var berre fæl. Eg har heller ingenting til overs for Angel, og Toy Story hugsar eg beint lite av. Whedon var derimot inne på noko då han skreiv Firefly. Diverre såg ikkje Fox det før etter at dei hadde rævkøyrt (eller kanskje revkøyrt?) serien. Dei prøvde å gjera ting godt att med Serenity, og etterpå lét dei honom utvikla ein ny serie, Dollhouse. Men Fox, revate som dei er, svikta Whedon midt under utviklinga.

Alt var vel til å byrja med. Fox var positive til serien. Dei tinga tretten episodar. Ikkje berre skulle dette vera ein del av eit nytt konsept som heiter «Remote-Free TV» – som går ut på ei halvering av reklametida per time, eller seks minutt ekstra i snitt per episode – men dei hadde planlagt å senda honom på måndagar før 24. Måndagar er veldig fin seriedag, og å vera oppvarmar til 24 er jo nesten garantert suksess same kva serien måtte handla om. Jau, forresten, serien handlar om eit superløynd firma som leiger ut folk til kva oppdrag som helst. Men ikkje berre det, folket dei leiger ut er ekspertar, så særs spesialisert at ein kunne tru at dei var skreddarsydd til nett det oppdraget. Og det er faktisk det dei er. Dette firmaet, Dollhouse, kan programmera folk med nye personlegdomar, eigenskapar og kunne. Vil du ha ein ninja som kan steika knallgode pannekaker? Ikkje noko problem. Har du lyst å ha sex med ein fotballmaskott som er råflink til å spela piano? Det kan dei fiksa. Vil du ha ein nærsynt og astmatisk forhandlar i kidnappingssak? Berre betal den svært dyre prislappen, og du skal få det. Den spesialiserte eksperten veit ikkje ein gong at han eller ho er der på tinging, og når oppdraget er over vert alle minna fjerna og attende står eit tomt menneske – ei dokke – klart til å få eit nytt program i hovudet. Dette er sjølvsagt høgst ulovleg. Slaveri, meiner FBI-agenten som er på sporet. Samstundes byrjar ei av dokkene å hugsa.

Spennande, ikkje sant? Men kanskje litt komplisert. Fjernsynsseriar og filmar som kan oppsummerast på maks tjue ord har større sjanse hjå Fox enn dei som krev litt meir. Dollhouse krev litt meir, men Fox lét Whedon utvikla serien lell. Men ikkje utan innblanding. Allereie i juni i fjor spurde dei om (og med det meinast sjølvsagt: kravde dei) omvølingar i den fyrste episoden. Til å byrja med verka det berre som om det var litt ekstra materiale som måtte til, for å fylla opp dei seks ekstraminutta, men det viste seg faktisk at heile episoden vart vraka. I juli byrja hugfolk å laga opprop om å redda dokkehuset, eit halvår før serien faktisk skulle på lufta. Det lovar ikkje godt, eller kva? Og verre vart det.

I september stogga produksjonen. Ein mellombels pause for å gjeva litt tid til å få ferdig fleire manus. Dette er særs ulagleg. Hugs at studioleiga til settet og løningane til skodespelarar og alt mannskap held fram sjølv det er ein pause i produksjonen, og er det noko folk på rekneskapsavdelinga til Fox ikkje liker, så er det unaudige utloger. Og straffa? Undergraving. Fox har ein annan fjernsynsserie som nyttar litt meir pengar enn dei liker. Denne serien, Terminator: The Sarah Connor Chronicles, har hatt minkande sjåartal sidan fyrste dag. Når Fox har ein serie dei ikkje liker, til dømes av di han nyttar mykje pengar men trekkjer lite folk, så flytter dei han til fredagar. Fredag er den verste dagen for dramatiske seriar. Så kvifor flytta ein serie som slit med sjåartal til fredagar? Logisk: for då vil sjåartalet ramla heilt i golvet, og så kan dei kvasigodt samvit leggja ned serien med dette som grunngjeving. Eg trur i alle fall det er planen, men det finn me ut av ein gong i mai, når haustprogrammet til Fox vert offentleggjort. Terminator gjorde det i alle fall særs dårleg på fredagsplassen sin. Sesongavslutninga fekk berre ei Nielsenrate på 1,3 %. Til og med reprisa av Konebytet gjorde det betre!

Og kva har alt dette med Dollhouse å gjera? Jo, det skal eg fortelja. I november tikka det inn ei melding om at Fox hadde omrokkert «litt» på sendeplanen. Serien vart flytta til fredagskveld, og skulle følgja etter Terminator. Fox må verkeleg hata Whedon, for det same stuntet gjorde dei med Firefly, og etter at den serien ikkje klara å utføra eit fredagsmirakel, så la dei han ned. Dei flytta altså Dollhouse frå klokka åtte på serievenlege måndag rett før ein av dei mest populære seirane deira, til klokka ni på hengemyra fredag rett etter ein serie som sjølv slit med sjåartal. Og viss du er overtruisk: sesongpremiera vart flytta til den trettande. Fredag den trettande. Fox nyttar altså særs skitne triks for å stogga Dollhouse, truleg av di skripta er nok avansert til at dei får «one of those things. You know, a headache with pictures» (for å sitera Fry i Futurama, ein annan serie Fox la ned av di dei såg seg blinde på rekninga, og truleg ikkje forstod alt som stod i skripta).

Undervegs blanda Fox seg mykje inn i både produksjonen og marknadsføringa. Ein ting me ikkje kan seia om Whedon, er å skriva dårlege kvinneroller. Sjå berre på Buffy. Ikkje faen om det hadde vore ei kvinne viss nokon andre hadde skrive det. Kvinnene til Whedon er sterke, sjølvrådug (på ein positiv måte) og passar ikkje inn i dei stereotype rollene som kjærast, seksuell fantasi eller mor til helten. Dei er fullstendige individ, ikkje berre objekt. Men så kom marknadsavdelinga til Fox, og kvinnene i Dollhouse vart framstilla som sexobjekt, tomme og dumme blikkfang. Rett nok er dette ein tematikk i serien, men det kjem faktisk ikkje fram i marknadsføringa.

Etter at den fyrste episoden vart vraka, gjekk Fox laus på dei fem neste episodane. Her endra dei ting, fjerna ting, la til ting og herja heilt vilt. Og det merker du når du ser dei. Det er fyrst i den sjette episoden at du tykkjer serien faktisk er god, og det er den fyrste episoden som Fox ikkje har blanda seg så mykje borti. Då Fox synte Firefly, herja dei òg ganske mykje. Dei sendte til dømes episodane i heilt feil rekkjefølgje. Serenity hadde til dømes fullt av kubæsj i lasterommet ein episode, og i den neste leverte dei fullt av kyr til ein planet, og eit par episodar seinare fekk dei kyra som last. Heilt omsnudd, med andre ord… Det hevdast at det same hender no med Dollhouse, av di produksjonsnummera til episodane ikkje samsvarer med rekkjefølgja dei er sendt i. Eg har ikkje merka noko til dette sjølv, men så har Whedon uttala at han klok av reveskade har skrive dei slik at rekkjefølgja kan endrast litt på utan at du går glipp av så mykje.

For eit par dagar sidan kvitra Felicia Day (The Guild, Dr. Horrible), som skulle vera med i episode 13, at Fox ikkje skulle senda den episoden. Dette høyrast dramatisk ut, men i følgje talsmenn for Fox lyt me ikkje lesa for mykje inn i det. Fox hadde altså tinga 13 episodar. Den fyrste episoden vart vraka, så dei sat då att med tolv. Difor vart det skrive og produsert ein til episode, men då var visstnok allereie episode tolv meint å vera sesongavslutning. Dei hadde ikkje bruk for den nye nummer 13. Det vart med andre ord produsert fjorten episodar til saman, der den fyrste vart vraka og den siste var bortkasta. Du kan vedda på at rekneskapsavdelinga i Fox ser raudt når to heile episodar er kasta rett i dass på dette viset.

Så no er det berre å venta og sjå. Kjem Prison Break, som tek over plassen til Terminator no når sesongen (og truleg serien) er over, til å trekkja fleire folk til dokkehuset? Vil dei tre siste episodane få høgt nok sjåartal til at Fox kan tinga ein ny sesong? Kan Fox for ein gongs skuld setja kreativitet over kvantitet, og prøva å hjelpa seriane sine i staden for å gjera alt dei kan for å stogga dei?

4 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Odin Omdal Hørthe / Velmont

    Bah. Ikkje skriv slik 🙁

    Eg vert rakt leid meg. Men det gjer meg endå meir yvertydd um at me treng ein ny modell for å laga slikt.

  2. Simon

    Jau. Eg ventar på den programbladfrie fjernsynskanalen, som «sender» favorittseriane mine når eg ynskjer å sjå dei med eit par trykk på fjernkontrollen. Sjåartal er eit upresist og dårleg mål på verdien av ein serie. For det fyrste har dei jo faktisk ikkje tald kvar einaste person som såg programmet, men får data frå ein ørliten prosentdel som er påmeld til brukarpanelet og representerer resten av USA. For det andre er ikkje USA heile verda, og det er jo mange som vil sjå serien også utafor den vesle sfæra Fox lev i. For det tredje er det enormt mange sjåarar på nedlasting, reprisesendingane og ikkje minst videosalet som ikkje vert teke med. Og til slutt: det er jo verket som er hovudpoenget, ikkje kor mange tilskodarar det til ei kvar tid har. Er Mona Lisa mindre verd om natta, når berre nattevakta kan sjå henne? Eller i litt mindre format: Er amatørfilmen til veslebror totalt bortkasta tid berre av di den ikkje skal synast fram på kino og fjernsyn? Men det heile står jo på pengane, som alltid. Så kan ein undra om kvifor NRK klarar å kapra halve Noreg med ein serie om ein forblåst knaus på Helgeland, og HBO nesten har totaldominans i mediestudium på universitet kring om i verda, endå desse ikkje følgjer reklamemodellen for finansiering.

  3. Simon

    I ei overraskande vending har Fox fornya Dollhouse. Me får altså sesong 2! Og ikkje berre det, men den skal gå både på haustprogrammet og vinterprogrammet, noko som tyder på ein full sesong (20+ episodar). Hurra! I tillegg til at Fox-sjefane har sett på tala for strøyming over nett og innsalet til butikkar av den kommande videoen, seier rykta at ein av grunnane til fornyinga er at dei faktisk likte serien sjølv. Og ikkje berre det, men dei tykte siste halvdel var veldig god. Den halvdelen dei ikkje blanda seg inn kreativt. Så då veit me det. Det som derimot ikkje er så bra, er at Fox framleis held serien attende ved å senda han på fredagskvelden. Og i tillegg ser det ut til at det vert budsjettkutt. Men, sesong 2; Whohooo!

  4. Simon

    Det vart berre 13 episodar av sesong 2. Og ingen sesong 3. Fox meldte i dag at dei kansellerte Dollhouse. Whedon og co. speler i desse dagar inn episode 11. Er vel heller ingen sjanse på at me får ei skikkeleg avslutning då heller. FUCK FOX!

Gje innspel