Empire Cryptic Canvas

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Filmtidsskriftet Empire feirar 20 år. I høve dette har dei laga ein artig leik for sløve dagar: Cryptic Canvas. Dette er eit målarstykke som gjev ære til 50 filmtitlar som har kome ut i tidsrommet 1989–2009, men me må sjølv finna ut kva titlane er. Kring om på biletet finn me ymse folk, ting og hendingar som gjev hint om ein filmtittel. Hadde det til dømes vore stjerner med gevær på biletet, kunne det ha vore eit hint om Star Wars (dette er ikkje med).

50 skjulte filmar

Eg har funne alle no, og det tok meg kring ein time til saman. Mesteparten av tida gjekk til to-tre ganske slemme – mellom anna ein som faktisk er 36 år, ikkje 20. Kor lang tid nyttar du? Viss du ikkje finn alle, har eg laga ein fasit (sortert alfabetisk, for ikkje å gjera det altfor lett).

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/05/empire-cryptic-canvas/

2 comments

  1. Eg var inne på den etter du kvitra um han, men eg såg ingenting. Berre ein grå skjerm…

    • Simon on 26. mai 2009 at 14:38
      Author

    Så sanneleg, det fungerte dårleg i Firefox. I Opera, derimot, gjeng det heilt fint. Noko som er ganske merkeleg, sidan båe nyttar det same Flash-tillegget. Nokon som veit kva stoda er i Windows eller Mac?

Comments have been disabled.