«

»

Kvalitetsfilmfest ’09

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

(Dette er ein oppfylgjar til Kvalitetsfilm på kino)

Så var det i gang igjen. I fjor rakk eg ikkje så veldig mange filmar i kvalitetsfilmserien til Rana Kino (og skreiv difor heller ikkje noko om den), men i år vil eg gjera mitt beste – sjølv om det er midt i eksamenstida. I år samarbeider kinoen med Mosjøen Kino og Steinkjer Kino.

  1. 24.04–04.05: The Wrestler
  2. 04.05–11.05: Hunger
  3. 15.05–21.05: Vin i vrangstrupen
  4. 15.05–25.05: Gran Torino
  5. 22.05–28.05: Milk
  6. 29.05–11.06: The Reader
  7. 12.06–18.06: To verdener
  8. 12.06–18.06: Varg
  9. 12.06–23.06: Den raude ballongen & Den kvite hesten

Og før dei i Nidaros, Bergen eller Oslo el.l. skrik ut at desse filmane har jo vel allereie vore på kino: nei, tenk, det finst kinoar i landet som ikkje har kapasitet til å visa fram alt av nye filmar. (Eg ventar til dømes framleis på Tropa de Elite…) Bur du på ein stad der kinoen er på 30-plass i landet over vitjingstal, så er det ikkje denne kinoen som er fyrsteprioritet for dei litt «smalare» (men eigentleg breiare) filmane med berre fem kopiar på deling i heile Noreg. Me må venta, og venta, og venta – heilt til me anten gløymer kva me ventar på, eller til me ikkje gidder å venta lenger og heller kjøpar filmen på video. Desse filmane her har ikkje gått på Rana Kino før, og dei ville heller aldri ha vorte sendt på den normale sendeplanen. Difor forten kinoane skryt for dette samarbeidsprosjektet.

Den siste filmen er forresten to kortfilmar sett i hop til ein. Filmane er regissert av Albert Lamorisse, og er frå 1956 og 1953. Denne nylanseringa er det noregspremiere på den 15. mai, og finst berre i tre kopiar her til lands. Og ein av kopiane har altså Steinkjer/Mosjøen/Rana kapra. For ein gongs skuld er det me som kan peika nase mot Bergen, Tromsø og alle desse andre storkinoane som ikkje får filmen før etter at me har hatt han. Omtale frå FilmWeb/Arthaus:

DEN RAUDE BALLONGEN handlar om vennskapen mellom ein liten gut og ein magisk ballong. Guten løyser ballongen som har festa seg til ein lyktestolpe. Naboane blir overraska over at ballongen følgjer guten gjennom gatene i Paris. Men det gjer også at dei andre barna i nabolaget blir misunnelege.

DEN RAUDE BALLONGEN vart ein enorm publikumssuksess på 1950-talet, og blir no rekna som ein av dei store klassikarane i filmhistoria. Dessverre har filmen vore vanskeleg å få tak i dei siste åra – og han har dermed vorte ein uoppdaga skatt for nye generasjonar. DEN RAUDE BALLONGEN kan glede vaksne like mykje som barn med humoren sin og dei utsøkte bileta frå gatelivet i Paris på 50-talet. Det er tid for å unne seg ei magisk stund på kino og la seg sjarmere av denne perla.

DEN RAUDE BALLONGEN (36 min) og DEN KVITE HESTEN (40 min) blir lansert saman på kino som eitt program på til saman 76 minutt.

Eg oppmodar alle ranværingar, vefsningar og [Steinkjer-folk – anar ikkje kva dei kallar seg] om å støtta opp om prosjektet, og kjøpa minst to billettar til Kvalitetsfilmfest ’09.

3 innspel

  1. Synnøve

    Av desse har eg sett The Wrestler, Milk og The Reader. Eg likte best dei to fyrstnemnde, men alle er verde å sjå.

    Heia Steinkjer/Mosjøen/Rana!

  2. Simon

    Eg var på The Wrestler før helga, og skal prøva å få med meg så mange som mogleg.

    Eg tykte The Wrestler var heilt grei. Eg tenkte veldig tidleg på kva som kom til å henda, og slik vart det òg. Heldigvis slutta filmen på ein veldig bra stad. Å halda fram historia noko meir enn dette, ville frårøva den for dramaet den hadde byggja opp til då, og trekkja heile filmen ned. Dette var ikkje den beste filmen til Darren Aronofsky. Eg likte Requiem for a Dream og The Fountain, og Pi var glimrande. Og oscarnominasjonane til Marissa Tomei og Mickey Rourke? Ikkje så sikker på dei…

  3. Simon

    De kan lesa om filmane i brosjyra.

Gje innspel