«

»

Orsakingspakke frå Stabburet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

For eit par veker sidan fann eg ein framandlekam på pizzaen min (Grandiosa Spelt, «for du er min helt»). Det var ei slags flis av uvisst opphav, litt over ein centimeter lang og kanskje tre-fire millimeter tjukk. Sjølv om pizzaen var stekt og det difor ikkje var nokon fare for bakteriar, så var det litt ekkelt å plutseleg setja tennene i noko som ikkje skulle vera der.

Eg sendte difor ei melding til Stabburet med alt mogleg av informasjon. Litt seinare fekk eg svar om at dei ville ha framandlekamen tilsendt, slik at laborantane kunne få undersøkja den. (Veit du forresten kva laboranten gjorde då han kom til labyrinten? Han labba rundt den. Ha-ha!) Eit par dagar etter at eg sendte inn framanlekamen, fekk eg eit nytt straumbrev frå Stabburet. Dei på laboratoriet hadde funne ut at det var litt av stilken av speltkveiten som hadde snike seg med. Dei orsaka om at slik ikkje skulle skje, og sa at dei hadde sendt ei pakke i posten til meg som takk for at eg sa i frå.

Eg rekna med at det var snakk om ei t-skjorte eller noko sånt, men i dag fann eg ein diger bobleplaskonvolutt som definitivt ikkje hadde noka t-skjorte inni. Nei, i staden fann eg ein matboks med innhald:



«Apology accepted, Captain Needa»

Gje innspel