«

»

Soga om den forsvunne pakka, eller: Simon hatar Posten

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

No har eg endeleg fått heile familien Simpson på hylla. Eg talar ikkje om videoar eller noko sånt, men små samlefigurar frå McFarlane i serien Simpsons Movie Mayhem. Dette er ein serie med figurar som kom ut i høve The Simpsons Movie for to år sidan, og motivet er familien på kinotur. Homer, Bart, Lisa og Marge sit i kvart sitt kinosete, og Maggie ligg under setet til Lisa. Det er popkorn og kinokliss på golvet. I tillegg har kvar av dei innebygd eit par replikkar frå filmen. Som vanleg er detaljane gode og nøyaktige frå produsenten McFarlane, og dei ser difor heilt fantastiske ut. Men eg kan ikkje skryta like mykje av leveringa. Her er soga i heiskap. Ei lita åtvaring fyrst: innlegget er litt langt og litt sinna, men neppe så veldig interessant… Antagonisten er det store, slemme, bokmålsskrivande føretaket Posten, som gjer sitt beste på å terga kundane sine.

Simpsons Movie Mayhem på hylla mi

Eg er jo berre ein fattig student, så eg må halda pengeforbruket mitt innafor visse grensar. Difor kunne eg ikkje kjøpa heile settet i ei tinging, men heller kjøpa ein figur og ein då. Eg starta med Homer til jol. Tinginga gjekk smertefritt, inkje problem med betalinga og pakka vart levert ganske snøgt.

I februar var eg litt vill og galen, og kjøpte både Marge og Bart i same slengen. Eg passa sjølvsagt på at total vareverdi var under 200 NOK, av di politikarane i Noreg har tvinna tommeltottar heilt sidan syttitalet og trur at 200 kroner framleis er like mykje det var då. Jau, faktisk. I 1973 eller der ikring sette dei ei tollgrense på 200 kroner, der me måtte betala toll og moms på den totale vareverdien (ikkje frakt og sånt) av det me importerte viss dette kosta over 200 kroner. Tida gjekk, og kursen på krona har sikkert gått både opp og ned. I følgje priskalkulatoren til Noregs Bank, svarar 200 norske 1973-kroner til 1 119,09 norske 2008-kroner. Viss tollgrensa hadde vore rettvis for oss, skulle ho ha vorte justert til dagens nivå, altså kring 1100 kroner i staden for berre usle 200 kroner. Dette høyrast kanskje ut som ein digresjon, men lesaren vil snart oppdaga at det ikkje er det. Ikkje heilt.

Då pakka kom fram, vart eg litt vonbroten. Marge var oppi øskja, men ikkje Bart. I staden hadde eg fått tilsendt ein ny Homer. «Faen,» tenkte eg. «Eg har lite lyst til å betala frakt attende for denne figuren og ny frakt for den ordentlege.» Heldigvis gjekk det ikkje sånn. SuperHeroToys, nettbutikken som eg hadde kjøpt figurane av (og som har mykje spennande og billeg!), sa at det skulle eg sleppa. Det var dei som gjorde feil, og dei orsaka. Eg skulle berre ha den ekstra Homer-en, så skulle dei senda meg Bart.

Hugsar du at eg sa at det med 200-grensa kunne sjå ut som ein digresjon men ikkje var det? Vel, no får du vita kvifor. Ikkje lengje etter fekk eg ein hentelapp. Bart var kome. Hurra! Heilt til eg las vidare på lappen. Posten ville ha 190 kronar av meg – eit forenkla fortollingsgebyr – av di dei hadde teke toll/mva på pakka. Kva i svarte?! Bart kosta kring 70 kroner, men eg hadde fått han gratis. Så kvifor i alle dagar hadde den plutseleg hamna i tollkøen for? Eg sendte eit sint brev til Posten der eg bad dei om å forklara seg. Dei sendte meg eit ekkelt bokmålsbrev attende, og i eit vedlegg var eit bilete av pakkeslippen (det var faktisk ei ekkel Word-fil, og inni denne låg biletet av heile skrivebordet. Det avsløyra at Posten – eller i det minste den avdelinga – nyttar IE6, Outlook 2007 og WinXP med klassisk startmeny (evt. Win2000, eg er ikkje sikker)). Der stod det, svart på kvitt på grått, at vareverdien var 50 USD, eller 348 kroner etter dåverande kurs.

50 dollar, her merka i raudt

A propos bokmålsbrevet: Posten er eit AS, men er eigd av staten. Dette er ei særstilling til mållova, som ikkje seier noko om statseigde aksjeselskap. Dette til trass, så skal Posten og eit par andre AS etterleva mållova så godt dei kan, jamfør § 11 i Vedtekter for Posten og pressemelding 67/07 frå Samferdselsdepartementet. Det vil seia at når dei får brev frå eit privat rettssubjekt, til dømes meg, så skal svarbrevet deira vera i same målform, jamfør § 6 i Lov om målbruk i offentleg teneste. Javisst, paragrafryttaren slår til! Eg sendte ei klage på dette, og fekk eit svarbrev der takka meg for brevet mitt og orsaka seg så mykje. På nynorsk, sjølvsagt. Triveleg, men eg skulle ikkje vore nøgd til å senda ei sånn klage i det heile teke. Skjerpings!

Det førre avsnittet var ein digresjon, men eg kjem litt attende til det om eit par avsnitt. Så no sat eg altså med to Homer og ein Marge, og ein Bart låg og venta på posten med saman med eit fortollingsgebyr. Med heftig utskriving av kvitteringar, ordrestadfestingar og e-postmeldingar skrive att og fram mellom butikken og meg, så fekk eg overtyda tollarane om å få refundert tollen. Men ikkje fanden om Posten ville vera så grei. Å, nei du. Difor selde eg ein Homer, og gjekk akkurat i null på tolltullet som butikken og Posten stelte i stand.

I mellomtida hadde eg tinga Lisa-figuren m. Maggie. Den gjekk i posten 9. mars. Så var det berre å venta. Og venta. Og venta. Eg tenkte det tok så lang tid av di det var påske, men så kom eg på at det er jo til jol postgangen går treigt, ikkje påske. Teite kristenhøgtider, alt går i surr for ein stakkars heidning som meg… Kor som er, fyrste arbeidsdag etter påske skulle eg prøva å finna ut kvar Lisa vart av. Eg fann eit pakkenummer godt gøymd i ordrestadfestinga, så då skulle det gå an å nytta pakkesporinga. Men nei då, akkurat den dagen hadde Posten vedlikehald på eit par av nettenestene sine. Kan du gissa kva teneste som ikkje fungerte? Fyrste bokstav er p, og sluttar på -akkesporing. Så då måtte eg ringja dei. Fyren eg tala med var fyrst veldig skeptisk på om eg var den eg sa at eg var, og var difor ganske vag om kvar pakka mi var. Men så forstod han kva som hadde hendt. Pakka var sendt til feil postnummer. Berre eit usselt lite siffer i postnummeret var feil, men det var nok til at Lisa hamna i Kristiansund eller noko sånt i staden for Mo i Rana. Og der nede hadde pakka vorte sendt i ei uendeleg løkkje (teite programmerarar, har de nytta vassfallsmetoden eller noko?), av di gata mi ikkje ligg der nede.

Hadde Posten teke seg bryet med å faktisk titta på adresselappen, hadde dei funne ut av problemet. Det finst ingen 4614  Mo i Rana, men det finst ein 8614  Mo i Rana. I staden lita dei på datamaskina, som sa at personen og gatenamnet ikkje fanst (på det postnummeret), og sendte like gjerne heile pakka attende til Sambandstatane. Jævla Posten! Så då måtte eg kontakta nettbutikken og beda dei halda utkikk etter pakka. Eit par dagar seinare fekk eg melding om at dei hadde fått returen, og dei spurde om eg ville ha pengane (minus frakta) attende, eller om eg ville betala for ny frakt. Nei, elles takk. Eg vil ha pakka mi, som eg har betala for, levert til meg så snøgt som mogleg og utan at eg må betala noko ekstra, for no er eg drittlei av heile affæren. Det stod rett postnummer i både betalingsdetaljane og i ordrestadfestinga, så feilen var ikkje gjort av meg. Nettbutikken hevda (utan at dei ville svara på førespurnader om å senda prov på det) at det stod rett på pakkeslippen. Posten ville veldig gjerne betala for frakt viss det var dei som hadde gjort feil, men berre til nettbutikken og berre viss dei tok kontakt. Nettbutikken ville ikkje kontakta Posten, men ville at eg skulle betala. Og sånn gjekk dagane.

Til slutt vart eg så lei at eg stilte eit ultimatum til nettbutikken: Dei skulle senda pakka til meg, og viss det faktisk var tilfelle at adressa var rett påskriven, så skulle dei kontakta posten og få attendebetaling frå dei. Det var ikkje mitt andsvar korkje å betala ny frakt eller få posten til å betala den, og det skreiv eg i eit ganske beiskt tonelag. No var det trass alt snart mai, nesten to månader sidan eg tinga Lisa. Då vart nettbutikken plutseleg høfleg, og sa at dei kunne senda meg pakka vederlagsfritt «as a one time courtesy». Heilt blid var dei nok ikkje, for i slutten av brevet truga dei med å betala ut vareverdien utan frakt til meg viss pakka kom attende på nytt. Og dei gidda heller ikkje å senda meg pakkenummeret, så eg kunne ikkje nytta pakkesporinga på den.

No ville eg høyra om Posten var villige til å halda eit ope auge for meg, og samstundes uttrykkja misnøya mi om måten dei handsama saka på til å byrja med. Eg sendte dei eit lite brev:

Hei.

Den 7. mars tinga eg ein figur frå ein amerikansk nettbutikk, SuperHeroToys.com. Pakka vart sendt den 9. mars, men kom aldri fram. Etter mykje att og fram klarte nettbutikken å finna eit pakkenummer og Posten fekk spora han opp. Det viste seg at han hadde hamna på postnummer 4614 i staden for 8614, og var sendt attende til USA att:
[pakkesporingslenkje]

Ingen ser ut til å vita kvifor dette hendte. Nettbutikken hevdar at dei skreiv 8614, men de på Posten kunne korkje stadfesta eller avkrefta dette. Alt eg veit, er at det står rett tilskrift på ordrestadfestinga, så feilen ligg ikkje hjå meg. Eg har difor endeleg fått overtala nettbutikken om å senda pakka på nytt vederlagsfritt, og det har dei no gjort. Men dei truga om at viss den kom i retur att, så ville dei gje attendebetaling på varen men ikkje på frakta. Altså vil eg tapa 20 USD viss dette hender på nytt. Diverre gløymte nettbutikken å taka vare på den nye kvitteringa, så eg sit utan pakkenummer.

Eg har lite lyst til å både tapa 130 kroner og ikkje få fullførd figursamlinga mi, så eg vonar de på Posten ikkje leverer pakka feil på nytt. Pakka er sendt til same tilskrift som før: [tilskrifta mi]. De får sikkert inn tusenvis av pakker til vanleg, men eg er sikker på at de kan klara å halda eit auge med dette. Eller? De klara jo ikkje å sjå at det faktisk stod «Mo i Rana» attmed postnummeret som tilsynelatande var 4614 før de sendte pakka attende til USA, og dimed nesten kosta meg 130 kroner…

Helsing
Simon Hansen

Svaret eg fekk var ikkje uventa ganske så lite imøtekomande. Dei stadfesta det eg allereie visste – at dei trengte pakkenummeret for å kunne spora pakka – og avslutta likesælt med: «Er det riktig postnummer på den,vil den gå til ditt postkontor». Jadda, på bokmål. Dei hadde altså ikkje lært noko som helst av klagesaka eg fekk oppretta berre nokre veker tidlegare. Og dessutan: etter alt å døme var det rett postnummer førre gong! Og i dag, når pakka endeleg kom fram, stod faktisk den gamle adresselappen framleis på. Kan de gissa kva som stod der? Ja, nemleg, 8614. Posten, de er forbanna idiotar!

Etter mange månader og mykje tøv hjå Posten er dei endeleg samla!

6 innspel

Gå til innspelskjema

  1. PoPSiCLe

    Hei.

    Jeg skriver på bokmål, rett og slett fordi det nok blir mer kaudervelsk om jeg skal begynne å skrive nynorsk. Selv om jeg gjerne skulle vært såpass flink (eller hatt hukommelse fra ungdomsskolen) slik at jeg kunne gjort det.

    Uansett!

    Posten ja. De er noen artige dyr. Får jeg tilsendt pakker til mine foreldres adresse (enklere, ettersom jeg fremdeles har postadressen min der), så kan de ende opp på ett av to postkontor. Hvorfor? Fordi postadressen mine foreldre har ligger nokså midt mellom disse to postkontorenes distrikt, og dermed blir det litt usikkert hvilken av de to postkontorene som skal ha pakken. Det at det ene kontoret ligger ca. 3 minutter unna i gåavstand, mens det andre ligger 10 min. unna med bil…

    Og, et annet lite eksempel: jeg bestilte litt datautstyr fra en bedrift tilhørende på Østlandet (selv holder jeg til i Bergen) – samme dag som jeg la inn bestillingen hos butikken, så bestilte jeg også et par småting fr Ebay, som skulle bli sendt til meg fra Hong Kong.

    Ettersom jeg trengte småtingene før jeg kunne bruke det jeg bestilte fra den norske nettbutikken, så ble hele greien lagt litt på vent – jeg vurderte det slik at jeg kom til å få pakken fra nettbutikken ganske kjapt, men at jeg vel måtte vente et par uker på pakken fra Hong Kong.

    Så feil kan man ta! 5 dager etterpå var pakken på Hong Kong levert i min postkasse. Ingen gebyrer, ingen forsinkelser, ingen problemer. Den ble riktignok levert via et budfirma, med beskjed om å legge den i min postkasse, og det gikk smertefritt. 6 dager etter det igjen, dukket det endelig opp en pakkelapp i postkassen min. Jippi, tenkte jeg, endelig får jeg varene. Pakken ble sendt fra nettbutikken 2 dager etter min bestilling, men hadde da altså brukt 9 dager på postgangen fra Østlandet til Bergen. Ja, så klart, tenkte jeg, det er jo fjell og ganske langt og sånn…

    Velvel, jeg tropper glad og fornøyd opp på Postkontoret, og spør om ikke jeg kan få utlevert min lenge etterlengtede pakke. Den snille, unge, nye damen bak disken ser litt forvirret ut, men scanner pakkelappen, og begynnr å lete. Og leter. Og leter. Før hun må tilkalle en litt mer erfaren ansatt, som sjekker systemet, og ser litt rådvill ut. Før hun usikker kommenterer at «denne pakken er ikke sendt hit, altså – vi har den ikke». Neivel? Hvor kommer pakkelappen fra da, spør jeg? Den er mest sannsynlig bare lagt i postkassen av postbudet, sier hun. Men vi har ikke pakken her. Da må du ringe Posten sentralt. Hun viste meg pakkesporingen, og den viste at pakken var utlevert(!)

    For å ta en VELDIG lang historie kort: 17 dager etter bestilling fikk jeg pakken min levert på døren av et postbud. Da hadde den vært innom Drammen, Bergen, Stavanger, Oslo og Bergen igjen, før jeg fikk den. Jada, Posten. Dere er flinke, er dere!

    (Beklager laaaaang kommentar!)

  2. Isobel

    Aaaargh, jeg kjenner blodtrykket stige. Det er bare en ting som gjør meg mer sint enn generell udugelighet i servicebedrifter, og det er kombinasjonen av udugelighet og manglende serviceinnstilling.

    Jeg har nettopp vært igjennom en runde med feilfordolling selv. Tollbehandler hos posten hadde ikke vært i stand til å trekke shipping and handling fee, som selvsagt var nøye spesifisert, fra totalsummen og se at totalbeløpet var lavere enn 200 NOK. Siden jeg hadde hentet ut pakken før jeg oppdaget dette, hadde jeg ved å signere papiret samtykket i at fortollingen var riktig. Noe jeg selvsagt ikke kunne vite noe som helst om før jeg hadde hentet ut pakken. Etter mye om og men og mange krasse mailer fra min side, fikk jeg (uten spor av innrømmelser eller unnskyldninger) refundert fortollingsavgift og utlagt mva. De varene fikk jeg i det minste, jeg har fortsatt 4 pakker lost in transit siden desember… jeg lurer på om posten har et svart hull under skjørtekanten som svelger alle varene jeg bestemmer meg for å bestille fra det store utland.

  3. Odin Omdal Hørthe / Velmont

    Hmmm. Viss eg hadde send klage kvar gong posten gjorde noko galt hadde dei fengje mange klagar.

    Det er kannhenda lurt å gjera. Denne nynorskklaga lyt eg vel òg fylgja upp. Kannhenda du lyt senda han endå ein gong? Eg kunne vore mykje flinkare å klaga på statlege føretak som ikkje svarar meg på nynorsk.

  4. Simon

    PoPSiCLe og Isobel: Gjævt å sjå at det ikkje berre er eg som har problem med dei. Eg skjøner ikkje korleis dei kan halda på sånn, når til dømes DHL/Meyership klarar å levera ei pakke på under ei veke, rett i handa, i skulekantina.

    Odin: Eg skulle vore litt flinkare til å vifta med mållova. Det vert ofte berre klaging når det statlege føretaket gjer meg urett fyrst. Vondskapsfulle hemntankar, med andre ord.

  5. Kristoffer Egil Bonarjee

    Tollgrensa er skikkeleg teit. Eg kjøpte eit minnekort frå DealExtreme til 299kr. Er jo latterleg at toll skal auka prisen med 50%! Jaja, politikarane er jo for oppteke med viktige sakar som islamisering og terror. Kombinert med resten av Postens inkompetanse, blir det særs keisamt. Sist eg handla pensumbøker, nytta eg Amazons dyraste sending. Det gjekk veldig raskt (like lang tid som Posten nyttar frå brevsentralen i Oslo til mitt postkontor nokre kilometer borte) og blei levert på døra. Og ikkje minst billigare enn i bokhandelen 🙂

  6. Simon

    *snøft*
    Har ei merkeleg kjensle av deja vu for tida. Fekk ei pakke frå Amazon no nett. Feil vareverdi, må ut med 2-300 kroner meir enn forventa viss eg hentar den. Eg sendte førespurnad til Tollvesenet om det var greit å syna fram ordren og bankutskrifta. Dei vidaresendte meg til Posten Kundeservice. Der lytta dei intenst på heile forteljinga mi, før dei fann det for godt å vidaresendte meg til Posten Kundeservice Utland. Igjen ut med same historie, for så å verta sett på vent i fem-ti minutt, før sakshandsamaren sa at ho gjerne ville sjå ordren min. Eg fekk ei e-postadresse. Eg skreiv meldinga mi, og la ved ordren som PDF-vedlegg. Så var det berre å venta. Og venta. Etter eit døger, eit par timar frå eller til, fekk eg svar per e-post. Dei gjentok berre det eg visste allereie før eg tok kontakt med Tollvesenet, nemleg at det var kome pakke til meg, og opplyste om vareverdien og kva som hendte viss eg ikkje henta den. Og dette skreiv dei sjølvsagt på bokmål! Er det mogleg?!

Gje innspel