«

»

Godt plott (eller historie?)

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg les ofte filmkritikk. Ikkje berre for å få vita noko om ein film, men òg av di eg tykkjer filmkritikk er ein spennande tekstsjanger. Sjølv om det er veldig mykje dårleg, så finst det òg mange gode tekstar. Kor som er, eg reagerer litt når det faglege ordtilfanget vert nytta heilt feil.

Du har sikkert lese kritikkar der dei skryter av plottet eller historia, og kanskje ein sjeldan gong til og med forteljinga, men meir enn ofte blandar folk desse tre saman. Dei skryter av plottet, men meiner eigentleg forteljinga. Dei tykkjer historia var dårleg, men sikter eigentleg til plottet. Dei likte forteljinga, men eigentleg var det historia som fall i smak. Det er sanneleg ikkje lett å vita heilt kva dei meiner når me les slike tekstar. Så kva er eigentleg eit plott? Eller ei historie?

Før eg held fram, vil eg presisera at forteljing er «narrative», historie er «story» og plott er «plot» på engelsk. Dei norske orda (i alle fall ordet forteljing) fungerer ikkje like godt som dei engelske, men det kjem kanskje mest av at folk forvekslar dei, og ikkje at det er ein ibuande veikleik i sjølve orda.

Når folk høyrer ordet plott, tenkjer dei ofte på handlingsgangen i ein film. Eg trur til og med ordboka meiner dette. Rett nok er denne definisjonen i nærleiken, men den er ikkje heilt rett. Viss me skal gje ein banal definisjon, så er eit plott alt me ser og høyrer i filmen, medan historia er alt som hender frå det tidlegaste plottelementet til det seinaste. Ta til dømes denne vesle følgja av bokstavar:

ABCKLRSTÆØÅ

Me ser at det manglar nokre bokstavar innimellom. Me kan seia at dei bokstavane me ser her, utgjer plottet. Historia, derimot, startar med A og sluttar med Å, og ho har dessutan med dei bokstavane som me ikkje ser:

ABC DEFGHIJ KL MNOPQ RST UVWXYZ ÆØÅ

Slik fungerer filmane òg. Nokon ropar etter ei drosje, set seg inn, og i neste augneblink kjem dei ut av drosja ein heilt annan stad. Dette er plottet. Me som tilskodarar trur jo ikkje at drosja vart forflytta ved magi til den nye staden på eit augneblink, men forstår at ho har køyrt dit, og at det har teke ei viss tid. Det høyrer med til historia at drosja har køyrt gjennom byen, men det hendte ikkje noko viktig under turen, og difor er det ikkje ein del av plottet.

Det interessante er at filmen ikkje treng å gå kronologisk fram. Det vil seia, historia går rett fram, men plottet kan hoppa att og fram. Eit døme på dette er Edward Scissorhands. Filmen startar med Kim (Winona Ryder) som ei gammal bestemor. Så hoppar filmen attende til ein desember månad då ho var ung, og størsteparten av filmen føregår då. Heilt i slutten hoppar filmen attende til den gamle Kim. Dersom me skal setja opp plottet skjematisk, er dette den rette rekkjefølgja. Historia, derimot, startar sjølvsagt med den unge Kim. Alt som hender i filmen med henne, og alt som hender i tidsspranget fram til den gamle Kim, er historia. Også det som me ikkje får sjå. Openbert voks ho opp, fekk seg arbeidd, ein mann, ungar og til slutt barnebarn. Litt av dette er rein gissing, me veit jo ikkje at ho har fått seg arbeid, til dømes. Derimot veit me at ho har fått ungar, ettersom plottet inneber eit barnebarn.

Historia tek for seg alt som hender, og alt me trur eller reknar med har hendt.

Edward Scissorhands er eit døme på plott med attendeblikk. Nokre filmar kan ha fleire slike, til dømes Hoodwinked!, der Raudhette, ulven og tømmarhoggaren kvar for seg må forklara kva som hendte den vidkjende dagen for skogspolitiet. Plottet kan òg titta framover i tid, til dømes når Egon Olsen og banden hans legg ein ny plan, og me ser ein montasje av kvart småsteg i den planen – medan sjølve kuppet vert spara til notidshandlinga. Det finst også òg meir utfordrande plott som ser både att og fram i tid, til dømes Pulp Fiction, der plottet startar midt inni historia («Any of you fuckin» pricks move, and I’ll execute every mother fuckin» last one of ya»), hoppar att og fram, og slutten av historia («Zed’s dead baby, Zed’s dead.») er midt i filmen. Grunnen til denne hoppinga, er at dei einskilde scenene får ei anna tyding når dei er sett saman på dette viset. Hadde opningsscena i Pulp Fiction kome på rett stad, ville me ikkje tenkt noko serskild på Pumpkin (Tim Roth) og Honey Bunny (Amanda Plummer). Dei er ikkje viktige rollefigurar. Men ved å setja denne scena fyrst, kjem me som tilskodarar til å ha desse figurane i bakhovudet gjennom heile filmen, og vil gleda oss over å sjå dei att. I Memento går plottet baklengs, og speglar såleis tilstanden til Leonard (Guy Pearce), som ikkje har korttidsminne. Historia er altså kronologisk, medan plottet kan hoppa att og fram som det høver. Slik kan plottet manipulera oss til å vektleggja ei hending, eller gjera historia meir interessant enn ho kanskje er. På DVD-en til Memento kan du velja å sjå plottet i kronologisk. Sjølv om historia er nøyaktig den same, vert dette ein heilt annan film. Me som tilskodarar vil då ha mykje meir informasjon enn Leonard, i staden for å vera like forvirra som honom.

Me såg at historia inneheld meir enn plottet, men plottet kan faktisk innehalda meir enn historia. Filmmusikken er til dømes ein del av plottet. Kvar gong me ser haien i Jaws, høyrer me dudumm-dudumm-dududumm. Rollefigurane (og haien) høyrer ikkje dette, og det er ikkje ein del av historia, men det er ein del av plottet (me seier at musikken er «ikkje-diegetisk» eller utomverds, at den ikkje finst i den filmverda). For å vera ein del av historia, må rollefigurane høyra musikken («diegetisk»). Tenk deg at du skal fortelja om gårdagens episode av [ein kva som helst sitkom på TV3]. Du seier ikkje «… så ramla han ned trappa, og alle tilskodarane i studioet flira». Figurane høyrte ikkje latteren, og den er ikkje ein del av historia. Du tek difor ikkje dette med i attforteljinga di, men det er like fullt ein del av plottet. Tittelplakatar og anna innsett tekst er forresten òg ein del av plottet. I Trainspotting får tilskodarane vita at Renton (Ewan McGregor) vitjar «The dirtiest toilet in Scotland», av di orda «The dirtiest» og «in Scotland» er sett inn attmed «Toilet»-skiltet på filmen. Renton ser ikkje dette, men tilskodarane grøsser berre med tanken på å vitja det toalettet, og forsterkar avskyen vår over det neste som hender.

Plottet tek for seg alt som hender, og alt me ser og høyrer av ekstra informasjon.

Så kva med foreljinga? Jo, ho inneheld både historie og plott. Dette er sjølvsagt berre ein grov gjennomgang. Både plott, historie og forteljing inneber meir, men dette er det grunnleggjande. Hugsar du berre på dette når du skriv filmkritikk, er teksten din godt på veg til å vera ein av dei gode.

Venndiagram for forteljing, historie og plott

1 innspel

  1. Karl Ove Hufthammer

    Takk for oversikta. No vart eg litt klokare! 🙂

Gje innspel