«

»

Ope eller proprietært filformat?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Nokon har sendt deg bilete inni eit tekstdokument, men du har ingen teksthandsamar på maskina di. Du kan heller ikkje lasta ned nokon, av di nettet ramla ut nett no. Du vil veldig gjerne sjå kva for bilete det er. Kva gjer du? (Me kan jo spørja oss kvifor i alle dagar nokon ville senda bilete som tekstdokument i staden for, vel, til dømes biletfiler, men det lyt så vera.)

Om fila er ei Word-fil, lyt du senda den i retur saman med eit kvast brev til avsendaren. Det er frekt gjort av dei å rekna med at du også har kjøpt ein svindyr lisens på ein programvare med lukka og løynd filformat. Er derimot fila ei OpenOffice-fil, har du flaks. Fila heiter undresimon.odt, og slik kan me finna biletet i den:

  1. Fyrst endrar me filendinga frå .odt til .zip 1 (vis fram filendingar i mappeinnstillingane dine, viss du ikkje har gjort dette allereie)
  2. Me opnar så fila, som no heiter undresimon.zip, i ein pakkehandsamar.
  3. I fila finn me ei mappe som heiter Pictures. Me går dit, og finn ei fil der. Denne fila, som har det litt kryptiske namnet 10000000000003900000050BF20F2F72.png, pakkar me ut.

Ferdig! Det var jo råenkelt? Det er tilsvarande lett å henta ut eventuell tekst i dokumentet (det er meir logisk at eit tekstdokument inneheld tekst, eller kva?): det er berre å pakka ut fila content.xml. Her vil du finna innhaldet og formateringa. Sjølv om det kanskje ser litt skremmande ut viss du aldri har sett XML-kodar før, så er det eigentleg veldig logisk og (ikkje minst) berre reintekst. Attende til biletet, så vil dette faktisk vera i full storleik slik originalfila var då avsendaren sette det inn i tekstdokumentet, og ikkje minimert, strekt ut og tilpassa sidebreidda eller liknande. Kjempekjekt, ikkje sant?

Grunnen til at dette verker, er at OpenOffice lagrar filene sine i eit ope filformat. Ei .odf-fil er berre eit kjerald («container» på moderne bokmål) som inneheld all den informasjonen som trengs for å syna fram tekstdokumentet. Det vil seia at dersom samtlege utgåver av OpenOffice i heile verda heilt plutseleg skulle eksplodera i ein virtuell sky av null og eitt, og dimed opphøyra å eksistera, så vil me framleis kunne henta ut absolutt alt som er lagra i OpenOffice-dokumenta. Viss dette derimot skulle henda med Microsoft Office, vil me slita. MSO-filer vert krypterte før dei vert lagra. Det er nesten umogleg å få ut informasjon av desse utan å faktisk vita krypteringsalgoritmen. Dette er sjølvsagt ein salsstrategi av Microsoft, som vil at me berre skal nytta MSO. Ikkje berre det, men Microsoft endrar krypteringsalgoritmen for kvar nye versjon av Office, og på det viset syter for at me må kjøpa oss den nye utgåva jamvel om den gamle er god nok. Det at me kan opna MSO-filer i OO eller andre ikkje-Microsoft-produserte teksthandsamarar, kjem av at dei er veldig flinke på å gissa seg fram til kva som finst i den krypterte datastraumen. Heilt perfekt gissing er det sjølvsagt ikkje, og det vil det aldri kunne vera så lengje Microsoft held filformatet sit gøymd og løynd.

Dette er sjølvsagt eit godt argument for å nytta programvare med open kjeldekode, og eg har ingenting i mot dette. Derimot tykkjer eg det er langt viktigare at filformatet er opent enn sjølve programvara. Eg nyttar OpenOffice av di dette er ei fantastisk god programvare med eit ope filformat. Det er berre bonus at også programvara er open.

  1. Eller .ace, .rar, .tar, .cbz eller kvasomhelst anna pakkeformat, så lengje du har ein programvare som kan opna dette. []

1 innspel

  1. Kristoffer Egil Bonarjee

    Opne filformat er særs viktig, men som Stallman svara Håkon Wium Lie når han spurde om ikkje opne standarder var viktigst: Er programvaren fri, så er jo protokollen implisitt fri. Derfor er fri programvare meir enn berre bonus 🙂

Gje innspel