«

»

Vettlaust om sekstenåringar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

På Helgeland pågår det om dagen eit ordskifte om det er lurt eller ikkje lurt å gje sekstenåringar røysterett i kommuneval. Eg er positiv til ei slik ordning. Ungdom engasjerer seg kanskje meir om lokalmiljøet sitt enn ting som hender i politikken på nasjonalt plan. Dessutan trur eg at det går mangt eit smart hovud blant 16-åringane. Diverre er det mange negative røyster som skriker og gnåler. Dei kjem med tåpne argument om at vallokala ville verta overfylte av ungdom som berre ville ha fri snøskuterferdsel, lågare aldersgrense på alkohol, og generelt berre uviktige saker. Mange meiner at sekstenåringar som gruppe er dumme, bråkate og totalt ueigna til å ha ei politisk meining. Dette provoserer meg, så eg har eit kort lite lesarinnlegg i Rana Blad i dag.

Sekstenåringar har faktisk vett

I ordskiftet om røysterett for sekstenåringar, kjem folk ofte med argument om at dette er uandsvarleg, at sekstenåringar ikkje veit kva dei faktisk vil og heller vil røysta på dei som pratar om fest og moro. Eg tykkjer det er trist og ikkje minst naivt å tru at sekstenåringane berre er ein gjeng med vettlause bråkmakarar utan politiske meiningar. Difor vil eg fortelja om skulevalet ved Moheia VGS for seks år sidan: Eit parti kom med lovnader om fjerning av det dei kalla «unødvendig nynorsk grammatikkpugging», samt utvida ølsal i butikkane. Dette til vill jubel og applaus frå ungdommane i salen. Dei fekk på trass av dette berre 4,8 % av røystene. Det var dei seriøse partia med ordentlege kampsaker og viktige argument som sigra, trass i at salen var full av uandsvarlege sekstenåringar som ikkje visste kva dei faktisk ville og som heller ville røysta på dei som prata om fest og moro…

Simon Hansen

Klart det finst einskilde sekstenåringar som ikkje er eigna til å ha ei politisk meining, men det finst då saktens mange på 18 år, 25 år, 37 år, 49 år, osb, som heller ikkje skulle ha hatt røysterett. Men me kan jo ikkje utelukka ei heil aldersgruppe berre av di ein liten prosent av dei er useriøse. Dessutan tek som regel ikkje den prosenten seg bryet med å røysta lell, så eg skjøner ikkje kvifor det skulle skada.

1 innspel

  1. Simon

    Berre ein liten merknad: Rana Blad har «retta» ordet andsvarleg til ansvarleg den fyrste gongen det står, men ikkje den andre.

Gje innspel