Sei nei til datalagringsdirektivet!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati. Personvernet inneber ein rett til å vera i fred frå andre, men også ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som du opplever som personlege. Etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen, artikkel 8, er personvern sett på som ein menneskerett.

Med ei mogleg norsk innføring av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagra trafikkdata om den elektroniske kommunikasjonen (e-post, sms, telefon, Internett) til borgarane i inntil to år, vil personvernet til nordmenn krenkjast på det grovaste.

Datalagringsdirektivet vart vedteke av EU 15. mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtala har Noreg ein reservasjonsrett. Denne har aldri før vore nytta, men så har me heller aldri stått overfor eit direktiv som representerer ein så stor trugsel mot dei grunnleggjande verdiane i demokratiet som det datalagringsdirektivet gjer.

Me krev at regjeringa seier ifrå no før valet om dei vil gjera datalagringsdirektivet til norsk lov eller ikkje. Å ikkje taka stilling, slik regjeringa har gjort i over tre år, er det same som taus aksept.

Regjeringa må taka stilling no – sei nei til datalagringsdirektivet!

Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Norway License
Opphavleg tekst: carlchristian.net. Denne teksten er publisert med lisensen Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Norway License. Du står difor fritt til å nytta teksten som du vil, og gjera endringar på han, så lengje du nyttar same lisens sjølv og lenkjer attende til den opphavlege teksten.

Sprei bodskapen du òg! Post dette innlegget på din eigen vevstad, send ut lenkjer på mikrobloggane Kvitre, Identi.ca, Twitter osb, signer oppropet mot direktivet, prat med vener og familie, få i stand eit ordskifte. Det viktigaste er å få folk medviten og merksam på kva datalagringsdirektivet er, slik at alle skjøner kva det inneber for personvernet i Noreg.

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/07/sei-nei-til-datalagringsdirektivet/