«

»

Star Trek-undringar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I vinter og utover våren såg eg kring 730 episodar og filmar av Star Trek. Det var til saman 33 177 minutt (eller 553 timar, som vil seia 23 døger og ein time). Eg starta i slutten av november på den opphavlege Star Trek-serien (1966–1969), og arbeidde meg gjennom teikneserien (1973–1974), The Next Generation (1987–1994), Deep Space 9 (1993–1999), Voyager (1995–2001), Enterprise (2002–2005) og sjølvsagt dei ti filmane (1979, 1982, 1984, 1986, 1989, 1991, 1994, 1996, 1998 og 2002). Eg tok meg òg tid til å sjå dei to Trekkies-dokumentarane (1997 og 2004), og Futurama-episoden Where no fan has gone before (2002). Kvifor, spør du? Difor, svarar eg. No når eg har no sett alt dette, sit eg att med ein del ting eg undrar på:

  • Hadde Kirk ADHD?
  • Kva rase var borg opphavleg?
  • Kvifor er borg-drotninga så sensuell og forførande? Borg formeirer seg ved å assimilera andre til ein kollektivhjerne, og seksualitet er dimed ikkje berre overflødig, men verker også destruktivt!
  • På 2200-talet oppdagar dei at transportøren visstnok kan kurera sjukdom, alderdom og meir. Kvifor er det ingen som hugsar dette på 2300-talet?
  • Vart maqui-gjengen fengsla då Voyager kom heim?
  • Kvifor finst det ikkje setebelte på stjerneskipa?
  • Kvifor eksploderer kvart einaste panel på brua til stjerneskipa heile tida? (Det verkar ikkje spela nokon rolle kvar på skipet det hender noko – panela på brua eksploderer lell)
  • Viss «warp-fart» er over ljosfarta, kvifor går tida inni stjerneskipa like snøgt som tida utafor?
  • Viss universelle omsetjarar er så utbreidd og vanleg, korleis klarar folk å læra seg eit morsmål? Eller språk i det store og heile?
  • Kva for ein idiot var det som fann på at alle knappar, panel og skjermar om bord på Enterprise NCC-1701 skulle laga ekle gnikkeljodar?
  • Var det same idiot som fann på at alle knappane, panela og skjermane om bord på Enterprise skulle vera heilt uforståelege? (Dei er jo berre vilkårlege ljosdiodar!)
  • Korleis er interstellarisk forplanting mogleg? Til dømes er Spock halvt vulcan og halvt menneske, og B’Elanna er halvt menneske og halvt klingon. Er det ikkje større sjanse for eit jordisk menneske å få barn med ei jordisk rose enn eit romvesen? Blomen og mennesket kjem jo trass alt frå same genetiske opphav…
  • Viss tidsreiser er så enkelt å få til, kvifor er det ingen fleire som gjer det?
  • Kvifor har T’Pol høgare rang enn Trip når rangtittelen hennar er «Sub-Commander» og Trip har rangtittelen «Commander»?

Eg trur eg skal stogga her, sjølv om det er mykje, mykje meir som var ulogisk i seriane og filmane.

9 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Kristoffer Egil Bonarjee

    Heilt off topic :), men når kjem det noko om kvitre twitterfeed-saka du spamma rss-straumen din med her om dagen? Eg vil ha 🙂

  2. Simon

    Tja, får sjå. For tidleg enno til å seia noko om det fungerer godt eller dårleg, og dessutan er alle innstillingar hardkoda. Skal eg sleppa det fri, må eg laga ein meny fyrst, i det minste.

  3. Synnøve

    Har du sett 2009-filmen enno? So langt er det min einaste freistnad på å trengja inn i ST-materien…

    Når det gjeld korleis t.d. Spock vart til: Kanskje menneske- og vulkan-rasane har same genetisk opphav, av ein eller annan vanvittig grunn?

  4. Simon

    Jau, eg var på noregspremiera. Det var veldig aude i salen til å vera premieredag, så Trek stend ikkje like høgt som Wars her i byen i alle fall. Filmen var OK, men ikkje for dei som elskar Trek, og heller ikkje for dei som irriterer seg over teite ting som heile vasskliestuntet til Simon Pegg, den hyperrussiske aksenten til Anton Yelchin, Winona Ryder som Amanda, eller ørten linsebluss kvart einaste jævla sekund. Og den var jo litt småfrekk som nullstilte alt som har hendt i fem (av seks) seriar og ti filmar. Dei som har sett alt, fekk plutseleg vita at det var bortkasta. Skjøner at somme hardbarka trekkie (det er dei som insisterer på at dei er trekker, ikkje trekkie, og som vidare vil skråla om kor gode spesialeffektane var i den fyrste serien, nekta for at Kirk var litt kjønnsdiskriminerande, og kan tittelen på alle dei 80 fyrste episodane på rams – på engelsk OG klingon) tykkjer det er kjipt.

  5. Synnøve

    Kven var Amanda? (Eg har litt problem med å hugsa namnet på alle som dukka opp undervegs.)

    Å vera ST-fan verkar veldig slitsamt, ikkje minst av di du *må* gå slik opp i det, elles vert du sett på som wannabe og frosen ut av det gode selskap (ok, dette er ikkje noko eg veit, berre noko eg innbiller meg). Litt sånn som dei som tykkjer at du ikkje kan kalla deg Tolkien-fan før du har lese Silmarillion OG alle dei ukjende notatbøkene OG lært deg Quenya…

  6. Simon

    Amanda var (menneske-)mora til Spock.

  7. Synnøve

    Javisst, stemmer.

    Er det forresten slik at alle i filmen er menneske, bortsett frå dei som heilt klårt ikkje er det (som t.d. Spock)? Eller kjem nokon av dei frå andre planetar?

  8. Simon

    Tja, no hugsar eg ikkje filmen så godt, men eg trur dei fleste som ser menneskeleg ut er menneske. Men jf. seriane og filmane føreåt, har jorda romstasjonar og koloniar kring om i solsystemet, og også på planetar i andre stjernesystem. Eit menneske kan dimed godt vera frå Mars, Alpha Centauri VII eller ein heilt annan planet.

    Når me ser seriane, er det påfallande mange menneskeliknande vesen på planetar utan telluskoloni. Dei gjer ingen forsøk på å forklara dette (som så mykje anna i Star Trek). Det gjer derimot Stargate! I følgje desse seriane og filmane, er det to grunnar til at det finst menneskeliknande raser der ute. Den eine grunnen er at dei gruelege goa’ould-ane kom til jorda i dei gigantiske romskipa sine (pyramidene var landingsplattformar for desse, faktisk), og tok med seg menneske som slavar til andre planetar dei herska over. Dei fleste samfunna der ute er ikkje kome lenger enn jarnalderen, sidan goa’ould-ane held populasjonen i sjakk. Her på jorda var dei eit stort opprør kring år 3000 fvt, då menneska her byrja å skjøna at goa’ould-ane slettest ikkje var gudar (goa’ould-en som var her då, kalla seg sjølv Ra). Goa’ould-ane reiste her i frå, og sidan det var nok av menneske å herska over andre stadar, gløymde dei etterkvart bort jorda. Eg skreiv det var to grunnar, og den andre grunnen vil eg ikkje gå inn på no då dette vil avsløyra mykje av historia i seriane. Dette med Ra fekk me vita allereie i den fyrste filmen (og utover den fyrste sesongen av Stargate SG-1). Stargate er langt betre enn Star Trek!

  9. Synnøve

    Hm, endå ein god grunn til å sjå Stargate… Får sjekka ut om han finst på biblioteket. 😀

Gje innspel