«

»

Nynorsk på fjøset, bokmål i dass

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Ja, så har dei gjort det igjen. Unge Høgre. Valkamp. Tankelaus nynorskhets. Det gjorde dei under førre valkamp, og det var ikkje fyrste gong. Under ein skuledebatt, kom Amara Butt frå Unge Høgre med det følgjande usaklege utsegnet: «Nynorsken skal tilbake i fjøset der den hører hjemme». Dette tykkjer eg er særs irriterande, både som nynorskbrukar og som politisk interessert. Slikt høyrer ikkje heime i valkampen. Slikt høyrer ikkje ein gong heime i ein vaksen samtale. Barnehageåtferd!

Eg kunne godt ha kome med ei lang remse med motargument, men når utsegna som krev svar er så ufatteleg idiotisk, er det ei stor utfordring å unngå å gjeva svar på tiltale på same nivå. Difor skal eg ikkje ein gong prøva på det. Det ser nok uheldigvis ut som om eg må oppdatera Spynorsk.net att. Eg gjev dykk No er det nok – i dass med det, og gjev Butt svar på tiltale på same nivå som henne:

Eg hiv bokmålet i dass, der det høyrer heime

Og så kryssar eg fingrane for at eg slepp å oppdatera Spynorsk.net om to år.

PS.: Last gjerne ned PDF-en, teip fast ein høveleg stad og send meg eit bilete, så skal eg publisera det på spynorsk.net

2 innspel

  1. Marianna Hansen Petersen

    Hvorfor har dere lyst til at vi skal lære nynorsk?
    Er det fordi dere vil holde på tradisjoner? Fordi dere vil at vi alle skal forstå hverandre? Hvorfor?

    Jeg tror det er fordi dere vil plage oss.

    Vi har jo ingen grunn til å lære det! For det første:
    1. Grunnen til at vi lærer språk på skolen er at vi skal forstå hverandre rundt om i verden. Snakker man bokmål til en person kan den andre svare på nynorsk helt uten problemer med å forstå hverandre.
    2. Hvor stor prosentandel er det av ELEVENE som har lyst til å lære nynorsk? Jeg har ingen statistikk, men forventer et veldig stort tall! Og vi, elevene, misliker ikke nynorsk fordi vi misliker å lære, vi misliker det fordi vi sløser bort tid på å lære andre ting.
    3. Hvorfor, hvorfor, hvorfor? Hvorfor bryr DU deg om at vi skal lære nynorsk? Jo, det er fordi
    DU VIL PLAGE OSS!

  2. Kristoffer Egil Bonarjee

    Du har nok knekt koden der Marianna. Einaste grunnen til at me har nynorsk i skulen er jo fordi politikarene er sadistar! Evt ikkje…

Gje innspel