The Guild

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Snart er det dags for sesongpremiere av ein av dei mest sjarmerande vevseriane som finst: The Guild.

The Guild handlar om Cyd AKA Codex, ein smånevrotisk videobloggar og MMORPG-spelar. Kjærasten har dumpa henne, ho er sparka frå jobben og terapauten hennar blokkerer telefonsamtaler frå henne. Det einaste ho har att er Knights of the Good, rollespellauget i kyperrommet. Det er ikkje sunt å stengja seg inne på det viset, men stoda snur seg snart når Zaboo frå lauget plutseleg dukkar opp på dørstokken hennar. Me følgjer forviklingane til Codex og Zaboo, samt resten av lauget: Vork, Tinkerballa, Clara og Bladezz.

I går kom The Guild ut med ein musikkvideo, «Do you wanna date my avatar?» (du kan kjøpa videoen frå iTunes og MP3-en frå Amazon, og dimed støtta denne fantastiske gjengen):

Videoen er regissert av Jed Whedon (bror til Joss Whedon). Han står òg for musikken. Teksten er skrive og framførd av Felicia Day (Codex), med Maurissa Tancharoen (kona til Jed) og Jed som oppbakking. Jeff Lewis (Vork) and Sandeep Parikh (Zaboo) rappar. Maurissa er òg ein av bakgrunnsdansarane, og elles er Vincent Caso (Bladezz), Amy Okuda (Tinkerballa) og Robin Thorsen (Clara) med.

Sesong 3 startar på XBox Live den 25. august, og kjem til MSN/Zune den 1. september. Heile gjengen er med, og med seg denne gongen har dei mellom anna Wil Wheaton (Wesley frå Star Trek TNG). Følg med på WatchTheGuild.com.

Har du ikkje sett The Guild før? Kjøp sesong 1 og sesong 2 på Amazon, då vel!

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/08/the-guild/