«

»

Til minne om John Hughes

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Torsdag kveld norsk tid gjekk John Hughes bort. Hughes var ein av mine favorittfilmskaparar. Han var regissør, produsent og ikkje minst manusforfattar, og hadde stor innflyting på oppveksten til dei som vaks opp på åtti- og nittitalet. Humoren hans var varm, og dramaet hans var menneskeleg. Alle som vaks opp kunne kjenna seg att i ungdomsfilmane hans. Filmskaparar som Judd Apatow, Wes Anderson, Kevin Smith, osb. er alle inspirert av Hughes.

Ei av scenene frå Dogma av Kevin Smith tek for seg John Hughes og filmane hans. Jay og Tause Bob er i Illinois. Dei har nett redda Bethany frå ein gjeng med pøblar, og sit no i ein kafé. Jay har fortald at dei er eigentleg frå New Jersey:

Bethany: McHenry is pretty far from Jersey, might I ask what brings you guys to Illinois?

Jay: Some fuck named John Hughes.

Bethany: «Sixteen Candles» John Hughes?

Jay: You know him too? That fucking guy. Made this flick «Sixteen Candles», right? Not bad, it’s got tits in it, but no bush. Of course Ebert over here don’t give a shit about that stuff cause he’s all in love with this John Hughes guy and rents every one of his movies. Fucking «Breakfast Club», where all these stupid kids actually show up to detention. Fucking «Weird Science», where this one chick wants to take off her gear and get down, but aw, no she don’t «cause it’s a PG movie. And then there’s «Pretty In Pink», which I can’t watch with this tubby muthafucker any more, because everytime we get to the part where the red head hooks up with her dream guy, he starts sobbin» like a little eight-year-old with a skinned knee and shit. And nothing is worse then watching a fat man weep. See, all these movies take place in a small town called Shermer, in Illinois, where all the honies are top-shelf, but all the dudes are whiny pussies – except for Judd Nelson, he was fuckin» harsh – but best of all, there was no one dealin», man; then, it hits me: we could live like phat rats if we were the blunt connection in Shermer, Illinois. So we collected some money we were owed, and we caught a bus. You know what the fuck we found out when we got there? There is no Shermer in Illinois. Movies are fuckin» bullshit.

Til minne om John Hughes har eg laga ei topp ti-liste med dei beste filmane han har medverka i:

#10: Planes, Trains & Automobiles

Neste stopp Chicago, som filmen heiter her til lands, handlar om to menn som prøver å koma seg heim til hausttakkefesten. Flyet til Steve Martin vert kansellert på grunn av snøstorm, og han må finna seg ein alternativ transport. (U)heldigvis for honom, treff han på John Candy, som er den rake motsetninga hans. Humor av motsetningar er kanskje eit gammalt triks, men det fungerer som fy i hendene hjå John Hughes.

Planes, Trains & Automobiles

Hughes var produsent, regissør og manusforfattar.

#9: Uncle Buck

Me held oss til John Candy, som i denne filmen speler den upålitelege, ugifte men lell godhjarta onkel Buck. Bob, broren hans, og Cindy, versystera hans, må tinga honom som barnevakt til ungane sine medan dei reiser bort. Buck er snøgg om å feila som barnevakt, men det lyt berre stå til. Macaulay Culkin speler sonen i huset, og kjemien mellom Candy og Culkin er ein av drivkreftene i filmen. Døme på dette er i den følgjande videosnutten, der ungane i huset nett er vakna og finn den frammande onkelen sin på kjøket. Culkin gjer som ungar flest; spør og grev:

Hughes var produsent, regissør og forfattar.

#8: Vacation

Hjelp, vi må på feire, tenkte familien når den velmeinande faren Clark Griswold finn ut at årets bilferie skal gå til Walley World lystpark. Chevy Chase glimrar i rolla som Clark, og set standarden for alle roadtrip-komediane som fylgde. Anthony Michael Hall har rolla som sonen Rusty, og John Candy har òg ei lita rolle i filmen.

Vacation

Hughes var manusforfattar, og forfattar av novella som filmen er basert på.

#7: Weird Science

Den eksplosive drømmekvinnen, som det stod på dei norske plakatane, handlar om to nerdate tenåringsgutar. Dei ynskjer å vera populære, å verta godteken av dei andre på skulen, og kanskje mest av alt å ha mot til å nærma seg jentene i klassen. Løysinga er jo enkel nok: bruk modemet til å hacka seg inn på hovudkortet, mat inn bilete av supermodellar i diskettstasjonen, vent litt og vips har dei fått seg ei kvinne. Denne kvinna er sexy, smart og berre deira. Og alt ho ynskjer er at gutane skal vera populære, verta godteken av dei andre på skulen, og mest av alt ha mot til å nærma seg jentene i klassen. Anthony Michael Hall spelte den eine guten.

Weird Science

John Hughes var regissør og manusforfattar.

#6: Christmas Vacation

Hjelp, det er juleferie, tenkte familien då den velmeinande Clark Griswold (Chevy Chase) inviterer foreldre, verforeldre, tantar og onklar til jolemiddag. Alt som kan gå gale, gjer det – og litt til, men Clark klamrar seg i kjend stil fast til det han har sett seg føre, og vil ikkje gje seg før kalkunen er oppeten og jolenissen har vore innom.

Christmas Vacation

John Hughes var manusforfattar og produsent.

#5: Sixteen Candles

Å vera ungdom er vanskeleg nok. Tenk kor frustrerande det hadde vore om foreldra dine gløymde bort bursdagen din! Dette hender med Samantha i Å, for en bursdag. Molly Ringwald speler bursdagsjenta Samantha, og vart stjerne over natta med denne filmen. Dette er eit fantastisk treffande bilete på korleis det kjennast å vera femten-snart-seksten år, og ingen i heile verda forstår seg på deg.

John Hughes var regissør og manusforfattar.

#4: Home Alone

Alene Hjemme er om ikkje den mest kjende Hughes-filmen, så i alle fall den mest sette. Filmen går kvart år på fjernsynet, ofte fleire gonger i fleire kanalar. Oppfølgjarane er ikkje like mykje å skryta av, utan å snakka stygt om arbeidet til Hughes. (Han var heldigvis ikkje involvert i den heilt forferdelege fjerdefilmen!) Filmen er enkel: gut (Macaulay Culkin) vert aleine heime, tjuvar bryt seg inn i nabolaget, gut legg fantastiske feller for tjuvane; og det er stikkordet for blodlaus ultravald. Herleg!

Home Alone

John Hughes var manusforfattar og produsent.

#3: Pretty in Pink

Dette er den ultimate kjærleikshistoria i Hughes» filmografi. Den ville nok ha hamna høgare på lista viss ikkje studioet blanda seg inn og øydela slutten. Stor tabbe! Men resten av filmen er veldig kjekk. Andie (Molly Ringwald) er jenta frå feil side av byen. Ho har draumar, men familien på to (far og dotter) er for fattige til at ho kan følgja dei. Den einaste andre som trur på henne bortsett frå faren hennar, er Duckie, som har vore forelska i henne lengje. Ein dag treff ho Blane, ein av dei populære og rike gutane. Lat trekantdramaet utfalda seg!

Pretty in pink

John Hughes var manusforfattar og produksjonsleiar.

#2: The Breakfast Club

Eit fantastisk karakterstudium, og ein god kommentar på elevar i vidaregåande skule. Fem personar frå heilt ulike venekrinsar må tilbringa ein laurdag på skulebenken som avstraffing. Anthony Michael Hall speler nerden Brian, Emilio Estévez speler sportsidioten Andy, Molly Ringwald speler «prinsessa» Claire, Judd Nelson speler den halvkriminelle John og Ally Sheedy speler den smårare Allison. Ingen av dei liker kvarandre når dei møter opp om morgonen, men kanskje har dei meir sams enn dei trur?

The Breakfast Club

John Hughes var regissør, manusforfattar og produsent, og spelte faren til Brian (Anthony Michael Hall).

#1: Ferris Bueller’s Day Off

Skulk med stil er den perfekte Hughes-filmen. Eit velskrive og morosamt manus, passande skodespelarar og ein god flyt gjennom heile filmen. Sumaren er på hell og skulen er starta att. Det er berre det at det er ein så forferdeleg flott dag, at det vil vera dumt å sløsa bort den på skulebenken. Ferris Bueller skulkar, og får med seg kjærasten Sloane og kompisen Cameron, og saman nyter dei denne siste sumardagen. Ferris er typen me alle skulle ynskja at me var, men det er Cameron dei fleste av oss kjenn oss att i. Ein artig sak er at Ferris «bryt den fjerde veggen», dvs. pratar direkte til kameraet (og dimed oss som ser på).

Ferris Bueller’s Day Off

John Hughes var regissør, manusforfattar og produsent, og var statist i ei scene.

2 innspel

  1. Jamie

    Utrolig synd er det at John Hughes har gått bortt. Han er mannen bak noen av mine favoritt filmer også. Filmer som The Breakfast Club, Home Alone, Vacation og Ferris Bueller’s Day Off er filmer jeg aldri vil slutte å se.

    R.I.P.

    Takk for innlegget Simon!

  2. Simon

    Ja, veldig trist. Helga gjekk med til mimring og filmtitting. Hughes skreiv om livet, på godt og vondt. Om dei slektningane du ikkje kan velja bort, om dumme sosiale klikkar, om jenta/guten du aldri fekk, om å ha mot til å tru på seg sjølv, og ha velvilje til å tru på andre.

    I ungdomsåra kjende eg meg ofte som Duckie, som Cameron, som Brian, som Samantha, som Gary og Wyatt, og det trur eg mange av oss gjorde (og framleis gjer). Det at ungdom på 2000-talet kan kjenna seg att i ungdommen i desse åttitalsfilmane er eit vitnesbyrd om kor gode John Hughes-manusa var.

    Det vesle som ikkje fungerer like godt i dag, vel, det er berre nostalgisk og koseleg.

Gje innspel