Valspørsmål

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatert 29. august: Tabellar med meiningane til partia i dei ulike spørsmåla.

No er det tid for stortingsval att. Tykkjer ikkje det var lengje sidan førre gong, men fire år går tydelegvis snøgt. Kor som er, alle har sikkert ei eller fleire saker dei brenner for, og gjerne skulle fått vita kvar dei ymse politiske partia står før dei går til røysteboksen. Eg er inkje unnatak, og eg kjem difor med ei kort liste over somme av sakene som interesserer meg. Dette er saker eg gjerne vil høyra om i ordskifta under valkampen. Nokre av dei er allereie eit tema, medan andre framleis ikkje har vore oppe.

Datalagringsdirektivet

Den seinaste månaden har det pågått ein vevloggkampanje mot datalagringsdirektivet, så det er like greitt å byrja med dette. Eg ynskjer at alle partia tek stilling til dette direktivet, og at dei fortel klårt og tydeleg om dei vil at Noreg skal innføra det. Ikkje sit på gjerdet og låst som om direktivet ikkje finst. Direktivet vil få store konsekvens for personvernet av borgarane i Noreg viss det innførast. Det er difor å halda veljarane sine for narr om partia ikkje tek stilling før valet.

Parti Meining
Demokratane Ynskjer at Noreg skal nytta «vetorett i saker som vi ikke er tjent med at vedtas». Usikkert om dette òg gjeld datalagringsdirektivet.
Kystpartiet Nei til datalagringsdirektivet.
Miljøpartiet dei grøne Nei til datalagringsdirektivet.
Raudt Nei til datalagringsdirektivet.
Venstre Nei til datalagringsdirektivet
Senterpartiet Nei til datalagringsdirektivet.
Kristeleg folkeparti Nei til datalagringsdirektivet.
Sosialistisk venstreparti Nei til datalagringsdirektivet.
Høgre Kritiske til datalagringsdirektivet, men seier ikkje nei.
Framstegspartiet Usikre.
Arbeidarpartiet Positive til datalagringsdirektivet.

EU

Island vil kanskje inn i EU. Ja-folket her heime meiner difor det er på tide at me tek nok ein runde med dette i Noreg. Nei-folket viser attende til at det spelte inga rolle då Sverige, Finland og Danmark gjekk inn. Eg vil at alle partia er tydelege på om dei vil inn i EU eller ikkje, og om dei vil taka dette ordskiftet etter valet.

Parti Meining
Demokratane Nei til EU
Kystpartiet Nei til EU
Miljøpartiet dei grøne Kritiske til EU.
Raudt Nei til EU.
Venstre Vil respektera evt. folkerøysting.
Senterpartiet Nei til EU.
Kristeleg folkeparti Nei til EU.
Sosialistisk venstreparti Nei til EU.
Høgre Ja til EU.
Framstegspartiet Vil respektera evt. folkerøysting.
Arbeidarpartiet Positive til EU.

Sidemål

Mange meiner at elevane i Noreg slit med norskfaget. Dei meiner at det lyt meir tid til lese- og skrivetrening til, og dei ynskjer sidemålsundervisninga til livs for å få plass til dette. Andre tykkjer dette er eit totalt ugrunna argument, sidan sidemålsundervisninga ikkje startar ordentleg før på ungdomsskulesteget, når elevane same kva skal vera godt nok rusta i lesing og skriving til dette. Av desse igjen vil nokre peika på at sidemålsundervisninga på ungdomsskulesteget er svært mangelfullt, og kan koma med skrekkhistoriar om lærarar som fyrst tre veker før eksamen i tiandeklassen byrja på sidemålsopplæringa. Mange tykkjer sidemål=nynorsk (dette er sjølvsagt feil), og trur difor at sidemålsundervisninga er ubrukeleg (dette er sjølvsagt òg feil), og andre trur kanskje at elevane fort vert forvirra når dei må læra fleire språk (dette er, igjen, sjølvsagt feil). Alle er derimot samde i at sidemålsundervisninga ikkje er god nok. Eg vil vita kva dei ulike partia vil gjera for å styrkja den, viss dei vil halda fram med den i det heile.

Parti Meining
Demokratane Vil gjera sidemålsundervisninga valfri, ikkje forbetra den.
Kystpartiet Er for sidemål.
Miljøpartiet dei grøne Er for sidemål. Vil at læremiddel skal liggja føre i båe måla til same tid og pris, og opplæringa i skulen lyt ha fokus på lese- og skrivedugleik i båe måla.
Raudt Meiner at sidemål også gagnar hovudmål, og vil difor halda fram med sidemålsopplæringa. Vil ha positive sidemålsforsøk, meir fokus på dialekt, læremiddel i båe måla til same tid og pris, og at sidemålspedagogikk skal vera ein del av lærarutdanninga.
Venstre Er for sidemål. Vil at båe måla skal nyttast også i andre fag enn norsk i VGS.
Senterpartiet Vil ha fleire skulebøker på sidemål, slik at elevane får læra seg båe måla betre. Vil ta i bruk sidemål også i andre fag enn norsk, og ynskjer at sidemålsundervisninga skal starta tidlegare.
Kristeleg folkeparti Er for sidemål, og vil at lærebøker skal liggja føre i båe måla til same tid.
Sosialistisk venstreparti Vil at måla skal vera jamstilte, og vil styrkja norskopplæringa i hovudmål og sidemål. Læremiddel (bøker og dataprogram) skal liggja føre på båe målformene.
Høgre Vil gjera sidemålsundervisninga valfri, ikkje forbetra den.
Framstegspartiet Vil gjera sidemålsundervisninga valfri, ikkje forbetra den.
Arbeidarpartiet Er for sidemål, meiner at undervisninga kan forbetrast.

Tollgrensa

Fyrst vil eg nytta høvet til å kjefta på dei raudgrøne, som lova oss 1000 kr ved førre stortingsval. Det valløftet braut dei allereie fem månader etter valet. Skammeleg!

Sidan syttitalet har me hatt ei innføringsgrense på 200 kroner. Dette var for å fremja norske varar framfor utanlandske, ikkje for å tena pengar på import. Mange meiner at me i dag lever i ei anna verd enn på syttitalet, og at me med netthandel og billeg flyfrakt helst lyt setja denne grensa endå lågare. Andre meiner at dette er å forvrengja stoda – at det er å tru at 200-grensa finst for å tena pengar på importen – og at det heller lyt vera kroneverdien som skal vera førande på grensa. Viss så, skulle grensa helst ha vore kring 1000 kroner i dag. Eg vil vita kor høg/låg partia meiner denne grensa lyt vera.

Parti Meining
Demokratane Vil ha ei grense på 1500 kroner.
Kystpartiet ?
Miljøpartiet dei grøne ?
Raudt Tollgrensa lyt aukast, men dei seier ingenting om kor mykje.
Venstre Vil ha eit enklare regelverk og eit enklare avgiftssystem. Vil auka grensa, men dei seier ingenting om kor mykje.
Senterpartiet Vil ikkje auka grensa.
Kristeleg folkeparti Vil ha ei grense på 400 kroner.
Sosialistisk venstreparti Vil ikkje auka grensa.
Høgre Vil ha ei grense på 1000 kroner.
Framstegspartiet Vil ha ei grense på 1000 kroner.
Arbeidarpartiet Vil ikkje auka grensa.

Norsk film

Norske filmar har gjennom fleire år hatt rykte på seg å vera dårlege (kanskje dårlegare enn dei er), men dei siste åra har me sett ei rivande utvikling av både gode filmar og publikumsvinnarar. Sjå t.d. på salstala til Max Manus. Dette er det nok fleire grunnar til, og eg vil tru at både filmskulen på Litlehamar, fleire freistnader på sjangertypiske filmar og ikkje minst ein filmpolitikk som haustar skryt, alle er bidragsytarar til denne «Norwave» av filmar frå Noreg. Vil dei ulike partia halda fram satsinga på norsk filmproduksjon, og i så fall kva tiltak ser dei for seg at dei kan gjera for å halda fram sigersgangen til norsk film?

Parti Meining
Demokratane Ingenting i programmet om film.
Kystpartiet Vil satsa meir på fjernsynsdrama.
Miljøpartiet dei grøne Vil ha statsstøtte til kultur, ingenting elles om film.
Raudt Vil gjera den norske filmarva fritt tilgjengeleg på Internett, ha kompensasjonsordningar til dei som legg ut film på fritt tilgjengeleg på Internett, og auka løyvingane til norsk filmproduksjon.
Venstre Vil styrkja Noreg som filmnasjon. Vil mellom anna auka løyvingane til filmfond og regionale filmsenter.
Senterpartiet Vil halda fram den positive utviklinga i norsk film. Vil styrkja filmfond, og syta for at fleire norske filmar vert produserte. Kinoen er ein viktig institusjon, og vil ha kinotilbod også på stader der det ikkje er kommersielt grunnlag for eigen kino. Meir pengar i Frifond til unge filmskaparar. Syta for at alle norske filmar etter 1945 gjevast ut på DVD. Vil dessutan gje stønad til videotekting på nynorsk.
Kristeleg folkeparti Vil sikra eit godt og mangfaldig filmtilbod. Viktig med produksjonar av høg kvalitet til barn og unge. Vil styrkja regionale produksjonsmiljø, og at alle norske filmar vert teksta for hørselshemma.
Sosialistisk venstreparti Har som mål at Noreg skal verta leiande i Norden på film, og at 25 % av kinomarknaden i Noreg skal vera norske filmar. Vil at norsk film skal hevda seg internasjonalt, ha ei satsing på regionale filmmiljø og at minst 40 % av nøkkelposisjonane i norsk film skal vera kvinner.
Høgre Vil styrkja regionale filmfond.
Framstegspartiet Meiner at norsk film lyt vera kommersielt, og vil difor minka løyvingane.
Arbeidarpartiet Auka løyvingane til produksjon og lansering av norsk film, og styrkja regionale filmmiljø.

Monarki eller republikk

Mange meiner at det ikkje er rom for ei ætteline med statsoverhovud i eit moderne demokrati. Det einaste rette er ein folkevald leiar. Andre meinar at kongehuset i Noreg er ein lang tradisjon og ein viktig del av kulturen vår, og at Harald og seinare Haakon, er gode representantar for Noreg utåt. Kvar stend dei politiske partia? Vil dei halda på monarkiet eller vil dei ha ein norsk republikk?

Parti Meining
Demokratane Monarki.
Kystpartiet Monarki.
Miljøpartiet dei grøne Ikkje prinsipielt viktig, men vil ha meir folkestyre.
Raudt Republikk.
Venstre Meiner at monarki ikkje høyrer heime i ein moderne stat, men vil ikkje fjerna det.
Senterpartiet Monarki.
Kristeleg folkeparti Monarki.
Sosialistisk venstreparti Republikk
Høgre Monarki.
Framstegspartiet Monarki.
Arbeidarpartiet Monarki.

Tannhelse

Mange folk kvir seg for å gå til tannlækjaren av di det er så dyrt. Tannhelse inngår ikkje i den generelle helsestønaden i Noreg. Når folk endeleg finn ut at dei må, kan ventetida vera svært lang på grunn av den store mangelen på tannlækjarar mange stader i landet. Kva vil partia gjera for å: a) få betre tannlækjardekning, og b) få prisane ned?

Parti Meining
Demokratane Gratis tannhelse. Ingenting om tannlækjardekning.
Kystpartiet Gratis tannhelse. Kosmetisk tannpleie skal framleis vera privat andsvar. Ingenting om tannlækjardekning.
Miljøpartiet dei grøne Gratis tannhelse og «et offentlig finansiert helsevesen som får tilført de midler som trengs for å håndtere de til enhver tid ønskede oppgavene».
Raudt Gratis tannhelse. Ingenting om tannlækjardekning.
Venstre Meiner prinsipielt at tannpleie skal gå inn under helse, men vil ikkje at det skal vera gratis. Vil dekkja 50 % av kostnader mellom 3000 og 15000 kroner per år, og 85 % av kostnader over 15000 kroner, samt bidra til prisinformasjon om tannlækjartenester for at konkurransen mellom tannlækjarar skal vera reell. Ingenting om tannlækjardekning.
Senterpartiet Gratis tannpleie fram til fylte 21 år, og større informasjonskampanje kring god tannhelse i grunnskulen. Ingenting om tannlækjardekning.
Kristeleg folkeparti Betre tannhelseteneste til eldre. Ingenting om tannlækjardekning.
Sosialistisk venstreparti Tannpleie og andre helsetenester skal ha full likestilling. I fyrste omgong med gratis tannpleie fram til fylte 21 år, inkludert tannregulering. Store tannpleieutloger skal i større grad refunderast, og deretter skal ein del av utlogene dekkjast innan målet om likestilling er nådd. Ingenting om tannlækjardekning.
Høgre Betre støtte til tannpleie for dei med høge utloger og dårleg økonomi. Andsvaret for tannhelsetenesta skal liggja hjå kommunane.
Framstegspartiet Meiner at munnhola skal jamstellast med resten av kroppen, og vil utreda moglege refusjonsordningar. Ingenting om tannlækjardekning.
Arbeidarpartiet Vil at det offentlege gradvis tek større andsvar for tannhelsetenesten. Gratis tannhelsekontroll til dei over 75 år, betre tilbod til institusjonsbuarar og psykisk sjuke, gratis tannhelse fram til fylte 21 år og til dei som deltek i kvalifiseringsprogrammet til Nav samt dei som har sosialhjelp. Vil òg setja eit tak på utlogene, slik at alle får råd. For å få betre dekning, vil dei auka utdanningskapasiteten for tannpleiarar, leggja til rette for desentralisert spesialistutdanning og regionale kompetansesenter innan tannhelse, og arbeida for at det skal vera tannlækjarvakt i alle fylke.

Til slutt

Dette er berre einskilde saker. Det er heilskapen i politikken som er viktig. Eg kjem ikkje til å røysta på eit parti som har ei sak eg er samd i, utan at eg set meg inn i tufta (prinsipprogrammet) og resten av politikken deira fyrst. Eg vonar andre gjer det same.

Måtte me få ein rein valkamp og eit godt val!

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/08/valsp%c3%b8rsmal/

2 comments

    • Mads on 19. august 2009 at 0:15

    Sør-Trøndelag SV ska iallfall køyre tannhelse som ei av dei viktigaste sakene i årets valkamp – saman med bolig, likeløn og miljø. Sjekk Adressa i morgon 🙂 I likskap med deg vil eg ha denne saka høgt oppe på dagsordenen i valkampen, òg einig i å ville ha fram datalagringsdirektivet og EU.

    Elles verkar det som om du har mykje fornuftig å komma med, Simon. Godt innlegg!

    • Simon on 29. august 2009 at 16:33
      Author

    Takk for innspel, Mads!

    Har oppdatert innlegget no med svar frå partia.

Comments have been disabled.