«

»

Er eg vaksen snart?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Andsvarsfråskriving fyrst: Dette innlegget er skrive i feberørska, og eg kan ikkje garantera for at logikken alltid heng på greip. Når det er sagt, kos deg med eit lite innblikk i tankeverda mi, kor enn omtåka den måtte vera.

Eg er ein aktiv lesar (men passiv innspelgjevar) av mange vevloggar, anten dei held seg til eitt tema eller skriv om kva som helst. Som loggførar av Boba.no er det eit par typiske vevlogginnlegg eg prøver å liggja unna. Det eine er sånne «orsak for få oppdateringar, lovar å skriva meir»-innlegg. Eg har sikkert eit par sånne, eg òg, men eg tykkjer ikkje noko særskild om dei. Skjønt, somme loggførarar høyrer me ingenting frå på fleire månader, og så dukkar ei slikt innlegg opp. Det er då kjekt å sjå at dei framleis er i live, sjølv innlegget er keisamt. Eit anna svært vloggate innlegg er dei som handlar om privatlivet til skribenten. Den er eg ikkje så flink på sjølv, og har aldri heilt forstått kvifor nokon vil leggja ut om seg sjølv på det viset. Heilt til no.

Eg har hittil tenkt at denne typen innlegg ikkje har nytteverdi. Det som hender meg i kvardagen min kan vel umogleg vera av interesse for andre folk, eller? Eg har ikkje stemnemøte med kjendisjenter, og eg er så umoderne og keisam at eg kallar denne aktiviteten for «stemnemøte». Eg lev eit ganske roleg liv utan mykje festing og sladring, og kan såleis ikkje koma med saftige bilete frå nattelivet på Mo. Dei to hovudaktivitetane mine går båe ut på å sitja stille og stirra på ein skjerm (skjønt ikkje på same skjerm). Så kvifor i alle dagar skulle eg plutseleg leggja ut om meg sjølv på det viset? I min søken etter svar på dette spørsmålet, oppdaga eg kanskje ein annan funksjon på desse postane: Dei kan hjelpa forfattaren å få litt perspektiv på saker og ting. Sjå på hendingar med litt andre briller. Ytra det for andre folk, slik at også dei kan ta lærdom av det. Eller berre vera eit vis å halda orden i tankane. Dette kan kanskje vera kjekt. Det er lite effektivt å gå rundt med mange halvfullenda tankar som svirrar kring om i hovudet, så kvifor ikkje skriva dei ned slik at du slepp å tenkja meir på det?

Den seinaste tida har mykje endra seg for meg. Eg har fått nye folk i livet mitt, og treft ein del frå fortida. Eg er ikkje lenger utan jobb og pengar, sjølv om det førebels ikkje gjev dei fantastiske pengesummane. NTNU har godkjend faga mine frå Høgskulen i Nesna, og fekk dimed nyleg tilsendt ein attest på at eg har ein bachelorgrad i filmvitskap. Dette er ei stor omstilling frå å vera arbeidslaus og pengelens, utan prov på utdanning, og meir til. Sjølvsagt ikkje den største omstillinga i verda, men lell nok til å smøra dei knirkande tannhjula i hovudet med nye tankar og idear. Det er forfriskande; Og litt skremmande. Men for det meste kjekt. Eg skreiv ned ein manusidé her om dagen, den fyrste eg har hatt på over eit år no. Tidlegare pla eg skribla ned fleire idear i veka, men tida på HiNe var uinspirerande.

Når eg talar om skulen; eg har det seinaste året lagt merke til kor mykje ting endrar seg når du er vekke frå ein stad ei tid (var i Nidaros i tre år, og har budd heime i eitt no). Det byggjast hus, det gravast parkeringsplassar, butikkar stengjer og nye opnar. Der me før kunne eta usunn mat etter skulen, kan me no kjøpa blomar (og faktisk kunne me kjøpa sko der for under eit halvår sidan). Men det er særskild folk som ber preg av at det har gått tre år. Dei vaksne i livet mitt er vorte eldre. Rynkar kring augekroken. Ikkje fullt så spreke lengre. Somme er ikkje blant oss meir. Andre, verker det som, sit og ventar på å forlata oss. Det er litt dystert å tenkja på, og eg har meir enn ein gong dette året tenkt på at eg òg er dødeleg. Eg har vonleg mesteparten av livet att, men eg merker at tida herjar med meg òg. Eg har eit hårfeste som sakte men sikkert kryp attover. Eg har eit syn som stadig svekkjast. Eg er ingen ungdom lenger. Fleire av dei eg gjekk på grunnskulen i lag med har slått seg ned med hus, make, ungar og stasjonsvogn. Kanskje er det på tide at eg byrjar å tenkja på meg sjølv som vaksen snart? Tanken skremmer meg. Desse vaksengreiene har eg ikkje interesse for. Kanskje er det difor eg kjøpar figurar og anna leikety (innlegg om dette kjem seinare er skrive 2009-09-26). Eit siste forsøk på å unngå vaksenlivet?

Alt er ikkje dumt med at tida går. Andre folk som endrar seg er dei unge. Eg har mellom anna to småsysken som faktisk ikkje er så små lengre, som snart skal velja om dei vil gå den yrkesretta eller teoretiske vegen vidare i skuleverket – viss dei vil gå vidare etter grunnskulen sjølvsagt. I vår konfirmerte den eine seg kristeleg, og den andre borgarleg, og om få år er dei båe unge menn. Dei irriterande småungane i gata er plutseleg vorte staute ungdomar. I veka som gjekk hyra arbeidsplassen min ein ny ekstrahjelp, ei som eg kjente til gjennom familiane våre før. Sist eg traff henne, for ein del år sidan, var ho ei keitete og sky lita jente (og viss ho les dette, vonar eg ho ikkje tek seg nær av dette), som no plutseleg er vorte ei ven ung kvinne som er triveleg og artig å omgåast.

Jau, arbeid ja. Eg er atter ved min gamle arbeidsstad som ekstrahjelp, men med eit meir spennande prosjekt rett rundt hjørnet. Ikkje det at videokiosken er ein fæl stad å arbeida. Å, neidå, eg trivst der, men trur kanskje ikkje ei ekstrahjelpstilling er ei framtid for meg. Igjen desse vaksengreiene… Kor som er, eg veit ikkje kor mykje eg kan fortelja om prosjektet enno, men eg kan seia at eg får brukt utdanninga mi i større grad enn i kiosken. Det vert kjekt, men det kan ta ei stund før eg kan byrja å arbeida der på fulltid. Og fulltid er meir enn kva ekstrahjelpstillinga kan tilby. No har eg rett nok vore veldig heldig dei vekene eg har arbeidd på kiosken, med feriar og sjukdomar som har stått i kø etter kvarandre. Eg har mest arbeid kvar einaste dag, og det har vore veldig kjekt. Etter ein sumar utan noko som helst å gjera, og eit dvask årsstudium før det, har det å få laupa att og fram med filmar, vaska luftfilter, fylla på smågodt, klemt flat pappøskjer, løfta bruskassar m.m., vore veldig kveikjande. Var litt sliten den fyrste veka, men det var vel ikkje anna å venta.

Eg skulle berre ynskja at eg betre visste kor mykje løn eg til ei kvar tid fekk. Det går ikkje som ekstrahjelp – somme veker arbeider eg mykje (seks skift på sju dagar den andre veka mi), og andre ingenting (denne veka, til dømes. Skjønt, eg vart tilbydd eit skift i dag, men måtte takka nei grunna sjukdom). Eg har lyst til å flytta ut frå loftet heime. Det er så trongt her. Og ein vrang veslebror – som liker å lytta til den same jævla song om og om og om att medan han speler det idiotspelet Counter-Strike og nektar å skru ned ljoden – hjelp ikkje stort på. Eit lite husvære, ein stad der senga, fjernsynet og datamaskina ikkje treng å stå i same rom. Ein stad der eg kan stå opp og bråka så mykje eg vil på kjøkenet utan å vera redd for å vekkja nokon. Ein stad der eg kan sjå ein film før eg sovnar utan å måtte nytta hovudtelefonar (og dimed få vondt i nakken). Ein stad der eg kan kjeldesortera bosset skikkeleg utan «ver no ikkje så nøye»-snøft frå mamma (fulgt av «men, syltetyglas skal jo ikkje i restavfallet!»-grynt frå meg). Ein stad der det står «Reklame, nei takk» på postkassa. Det hadde vore veldig kjekt. Og kanskje ein eigen bil. Kollektivtrafikk er eit totalt ukjend ord her i Rana. Det går sjølvsagt bussar her, men dei går for sjeldan, og til teite tidspunkt som gjer at du er ein halvtime (etter kl. 17: ein time) for tidleg eller fem minutt for seint ute, same kva du skal gjera. Og eg bur langs den ruta som har flest avgangar! Det er dessutan for langt mellom stadar til å gå overalt. Du kan kanskje klara deg med sykkel til og frå butikk og post om sumaren, men vil du koma deg fram her, lyt du nesten ha bil. Men bil – som bustad – kostar pengar, og då lyt du ha stødige innkomer. Nok ein gong desse vaksengreiene…

Kanskje lyt eg berre bita i det sure eplet og innsjå at eg snart lyt kalla meg vaksen. Men kan det i det minste venta til eg er 25? Då har eg eit år og to veker på meg å mogna!

6 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Synnøve

    Samd i at innlegg som handlar om heilt trivielle ting, som t.d. kva bloggaren åt til middag, ikkje alltid er so interessante – men det er fint å vita kva som går føre seg i livet til folk ein ikkje ser so ofte. 🙂

    Elles kjenner eg meg att i det du skriv om å føla seg gamal/vaksen før ein er klar for det…

  2. Odin Omdal Hørthe / Velmont

    Hah, veldig godt skrive. Og kjekt å lesa.

    Du må ikkje dissa privatskriving for mykje herane, det er jo einaste grunnen til at netsida mi finst. Og eg fær stadig klager frå Spania (der familien min bur no for eit kort år) um at eg ikkje uppdaterer og skriv um livet mitt. Dessutan er det jysla kjekt å lesa det sjølv etter ei tid. Hadde aldri klart å hatt ei eiga dagbok som ikkje var offentleg, då er det jo ingen press for å skriva noko nytt.

    Likevel so er det mange private bloggar eg veldig sjeldan les, eg ser kjappt gjennom. Eg tenkjer dei fleste gjer det med min òg, men det er no like greitt for det er jo litt arkivering for min eigen del.

    Klageinnlegg er eg ikkje so stor tilhengar av då, eg hev mange av dei og det gjer alltid ilt å lesa dei etter dei er skrivne og lagt ut. Hev fjerna dei verste frå verdsveven, er ikkje godt for noko 😉

    Forresten likar eg «stuttloggen» veldig godt. Eg trur eg skal gå vekk frå å skriva µblogg til stuttlogg, so mykje flottare.

  3. Simon

    Takkar for innspel, Synnøve og Odin.

    Synnøve, kjekt å høyra frå deg. Lengje sidan sist.

    Vaksenpanikken er litt ekkel. Det kjem støtt innom folk eg kjente på grunnskulen innom videokiosken, og det er slåande kor mange av dei som har tredd inn i vaksenlivet med stasjonsvogn m.m. Men eg kan nok trøysta meg med at dette truleg kjem av at dei som bur på Mo av dei eg voks opp saman med, er dei som ikkje tok høgare utdanning. Dette er folk som gjekk yrkesfag (eller ikkje VGS i det heile teke), og som var ute i arbeid medan eg framleis tusla rundt på ålmennfag. Det er klart at dei har eit forsprang på meg med desse vaksengreiene då. Og dei av dei som tok høgare utdanning og har stifta familie, bur ikkje her på Mo. Denne staden er ikkje freistande å koma attende til med ein universitetsgrad i baklomma.

    Og Odin, eg tykkjer det er artig å lesa klageinnlegga dine. Men det er jo klart, målgruppa (dei som til sist skal lesa vevloggen) vil ha mykje å seia på kor personleg du skal vera. Eg har til dømes få familiemedlem som les. Det er ingen av dei som har sett seg inn i den kulturen, og dimed som knapt finn fram til vanlege nettaviser. Eg har rett nok ei kusine som skriv, men trur ikkje ho er så veldig aktiv elles i den såkalla «blogosphere». I alle fall, sidan eg ikkje får så mykje trafikk frå slekt og familie, har det heller ikkje vore nokon poeng i å føra dagbok på nett.

    Dessutan tykkjer eg, som Synnøve òg seier, at det får vera grenser på kor detaljrik slike innlegg skal vera. Eg kunne jo ha lagt ut her i det lange og breie om den nylege sjukeleia, med ord som slim, sveitte og snørr i prominent stilling, komplett med skildringar om nattlege feberrike doturar. Eg ser berre for meg at det er totalt uinteressant. Og som du sjølv peiker på, er slike innlegg kanskje mest nyttig for din eigen del i ettertid. Då vil du jo heller lesa om når du fekk nytt arbeid og kva tankar du gjorde deg då, enn at du stod opp, sat heilt i ørska og stirra ut vindauget eit kvarters tid for å vakna, dusja, laga frukost, mista det eine rundstykket i golvet, såg at nypemarmeladen var oppeten, tykte det andre rundstykket var seigt, krangla med deg sjølv i fem minutt om du hadde tid til å sjekka e-post før du drog ned på busshaldeplassen, kom for seint til bussen av di du krangla med deg sjølv om du ville rekkja det, osb. ein dag, eller kva?

    Og til slutt får me vona at ordet stuttlogg breier om seg og snart er på leppene (eller her: fingertuppane) til kvar einaste kvinne, mann og hermafroditt i Noregs land!

  4. Synnøve

    Det er fullt mogleg å få vaksenpanikk i Oslo òg, for å seia det slik… Eg må forresten oppdatera min eigen logg snart. Ops.

  5. Skjalg

    Kjekt å lese tankar om vaksenlivet! Eg vart vaksen i ein alder av 29. Då eg fekk born for fyrste gong (det var Odin det). Kan godt seie at ein ikkje treng få panikk, det er frykteleg mykje kjekt å ta seg til som vasken, men eg har mykje av barnet/ungdomen inne i meg framleis, det må ein ikkje gøyme vekk! Helsing frå ein som er blitt 56 år!

  6. Vegard

    Heihei, Simon

    Genialt innlegg! 🙂

    Føler jeg var i mye av den samme situasjonen for 5-6 år siden.

    Mine tanker rundt dette:

    «Å være voksen» er verken sort eller hvitt. Det er heller tilknyttet ansvar i forhold til nåværende arbeidsgiver, karriere, barn/partner/familie og betalingsforpliktelser.

    Jeg har svært liten tro på at man blir «blir voksen» bare man blir gravd hardt nok ned i arbeidsoppgaver delegert av en eller annen sjef (som ofte er i slekt med satan). Tro meg; jeg vet hva det vil si å være nedgravd i arbeid. Lærte jeg noe av det: Nei. Mistet jeg mer hår? Ja. Det samme gjelder det å ha ansvar for 1-5 barn. I praksis trenger et barn oppmerksomhet 24/7, og selv om det kanskje avtar noe etter hvert, må man huske på at barnehage, barnetrim, fotball, gitartimer, bursdager, venner osv. kommer i tillegg til alle forpliktelsene man har som partner, venn, arbeidskollega, for å nevne noen. Selvfølgelig er barn en berikelse, men tenk fire ganger om du virkelig har ressurser, tid og er villig til å ofre det som ofres trengs. Og ja, så er det dette med partner. Her må man velge riktig. En god partner kan man ha det endeløst gøy med, en dårlig derimot, kan være til plage og stress livet ut. Mange trives med å veksle partner støtt og stadig. Dette må man finne ut av på egenhånd. Kom deg ut, eksperimenter.

    Hvis du ser på informasjonsoverfloden og antall pågående prosjekter et «voksent» menneske i middelklassen har i dag, handler det om å bli voksen i stadig økende grad om å ofre seg selv for et statusjag som ikke likner grisen.

    De «rike» i dag er de som har finansiell og hverdagslig frihet til å si: Vet du hva – fuck off. Jeg gjør akkurat som jeg vil. Så kan alle dere andre dra på jobb kl. 8. Det handler IKKE om å kjøpe dyre biler, iPhone og fete leiligheter. Det handler heller ikke nødvendigvis om å ha millioner av kroner på kontoen. Til å begynne med handler det om å kutte ned på alle de «voksne» greiene og fokusere energien på ting som gir avkastning (ikke økonomisk – men for DEG personlig og i hverdagen). Her må man bare være egoistisk. Det handler om å ha tid og mulighet til å velge. DET er makt det. «Nyrike» kan gjerne dra på jobb kl. 8 – men fordi det gir mening; ikke fordi de MÅ (av ovennevnte grunner).

    Det Store Spørsmålet er: Hva ønsker du VIRKERLIG å gjøre, og da tenker vi ikke på karrieremuligheter du har lest i en brosjyre på NTNU. Forsøk å tenke utenom den sosiale programmeringen. Og vær spesifikk. Fra du står opp om morgenen, til du går til sengs om kvelden (eller kanskje vil du være våken om natten?) – hva VIL du gjøre?. Det er altfor mange folk som jobber som advokat, lege eller ekstrahjelp på en kiosk som EGENTLIG skulle ha bodd i en bungalow i Spania og drevet med Yoga-timer i ny og ne.

    Det vakre med arbeidslivet i 2009 og utover – selv om det er mer krevende og «voksent» enn noen gang: Mulighetene er mer enorme enn noen gang. Før i tida var veien din staket ut og lenket fast til en industriarbeidsplass i Mo i Rana. I dag kan man reise verden rundt og leve fri som en fugl ved å snakke om vin. Man kan bo hvor man vil og gjøre hva man vil.

    Du var inne på det selv: Livet er kort, og hvem vet HVOR kort. Det er nå du har sjansen. Når du er «blitt voksen» er det i mange, mange tilfeller for sent.

    Det som viser seg, gang på gang, er at når du først vet hva du vil, og er mann nok til å kreve inn det du har rett på og vil ha, så skaper du verdi automatisk. Og når du skaper verdi, kommer pengene og alle de «voksne» greiene faller på sin rette plass etter hvert. Ja, kvinnfolk og folk generelt synes det er attraktivt når menn vet hva de vil her i livet.

    For min egen del pakket jeg kofferten og dro mutters alene til Berlin, Tyskland med 250 000 kr på bankkontoen. På under 16 måneder var alle de «voksne» pengene borte, og karakterene hadde sunket i hvertfall tre trinn. Samtidig har jeg aldri vært så lykkelig som jeg var da, og er nå. Gjett om jeg hadde mange venner på byen 😀

    Siden den dag har jeg bestemt meg for å gjøre det jeg vil og ta livet som det kommer og ha det gøy underveis. Det har gitt fabelaktige resultater. Jeg OPPFORDRER til å gjøre det samme (tja, ikke feste som en idiot på tre hundre utesteder i utlandet på litt over ett år) men rett og slett bare følge impulsene og flytte på seg (utlandet gir impulser og provoserer frem tankeprosesser som heimplassen bare ikke makter), stille spørsmål og delta på sprøe prosjekter etter hvert som muligheten dukker opp.

    Tenk stort, lev stort. Det er mitt råd i hvertfall 😀

    Snakkes Simon

Gje innspel