«

»

Fyrste arbeidsdag

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det er utruleg. Arbeidet eg gjorde i dag var nøyaktig likt det eg elles plar gjera heime om kveldane. Eg kan nesten ikkje tru at det er mogleg å få betalt for sånt! Då eg gjekk derifrå i dag, var det med eit tåpent glis klistra i andletet. Folk snudde seg etter meg på gata, for kva slags galning er det som er så munter i så hustrig eit vêr?

Det var ein sur vind i byen, og regnet hang i lufta. Tidlegare i dag snødde det, så temperaturen er ikkje så veldig høg nett no. Men det gjer meg ikkje noko. Eg har kjøpt meg ei god jakke av bursdagspengane eg fekk i førre veke, og er dessutan nesten lukkeleg for tida. Ja, eg er nesten lukkeleg. Misantropen Simon, viss verste fiende er seg sjølv, tykkjer verda er herleg. Og kva gjer vel litt frisk vind då? Eg får kanskje ein draumejobb. Det vil seia, eg har ein draumejobb nett no, men berre i halv stilling for ei lita tid framover, og det er for mange usikre faktorar til å seia noko om når og om eg kjem til å gå inn i full stilling. Same kva, eg har det veldig kjekt no, men kan nok ikkje kjøpa husvære og bil før innkomene er sikra.

No sit eg på bussen heim. Den er halvfull, men folk er roleg. Det er godt. Eg liker ikkje når bussen er heilt full. Folk som sit mest oppå kvarandre. Folk som hostar kvarandre i nakken. Og i dette vêret, klamt og ekkelt. Og mykje støy. Er du riktig uheldig, har du ein gjeng attom deg som kaukar og herjar. I dag slapp eg heldigvis det. I staden fekk eg tre søte tenåringsjenter framfor meg, og dei pratar med normal «innerøyst». Dei ser no at eg tittar bort på dei og skriv. Undrar kva dei trur eg gjer. Eg smiler til dei. Litt skeptisk, ja. Men sjå der, der fekk eg då eit smil attende! Oppdrag utført – ein person går heim litt blidare i dag.

Nei, no skal eg straks ut i det friske regnet att, så eg lyt avrunda. Kjenner eg er litt trøyt og litt svolten. Gler meg til å koma heim.

Dette innlegget skreiv eg på bussen heim frå arbeid måndag 28. september.

3 innspel

  1. Odin Omdal Hørthe / Velmont

    Ahh. Dette minner meg um då eg var i Oxford.

    Skreiv du det på papir og so yver til maskin? Eg skriv ofte på mobiltelefonen no. Elder, vel, ofte og ofte. Det hev hendt 😉

    Godt å høyra at arbeidet er moro! Skulle ynskja eg hadde meir utviklingsandsvar i min jobb, men det gjeng mest på drifting og uppsett av nye tenester, testing osb. Men slik som eg bytar hobby heile tidi hadde det vore litt vandskeleg å finna ein jobb der eg fekk gjera det slik.

    So det beste eg kann gjera er å prøva å få firma mitt til å gå rundt. Då kann eg jo kannhenda driva med eitkvart. 🙂

  2. Simon

    Jepp, på papir. Gjekk ofte rundt med blokka mi før, men så slutta eg med det. Fann ut at eg skulle prøva att. Kjekt å kunne skriva ned ting når du har lyst.

  3. Vegard

    Gratulerer med å ha funnet en arbeidsplass som faktisk er givende.

    Men vær på vakt! Man kan fort bli narret av den såkalte honeymoon-effekten. Nytt og kjekt, lett i hodet, glad … og så synker hverdagen inn.

    Hvis det skjer – bare slutt og finn noe annet – var inne på det i et annet innlegg 🙂

    Talast

Gje innspel