Helikopteret

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Endeleg! I dag fekk eg pakke i posten. Det var eit radiostyrt minihelikopter. Har lengje hatt lyst på eit. Som lova kjem eg med innlegg om det no.

Eg hadde tenkt å kjøpa frå ThinkGeek i april, men dollarkursen var på veg opp og eg var redd $29,99 ville vera over 200 NOK innan pakka var kome til landet, for då ville eg plutseleg måtte ut med dobbelt så mykje pengar. Dessutan ville fraktprisen vera nesten like dyr som gjenstanden, og eg var ikkje villig til å betala så mykje meir enn 2–300 kroner for eit slikt. Ingen norske butikkar hadde det eg var ute etter til denne prisen. Dei fleste tok over 500 kroner for eit radiostyrt helikopter med tre kanalar, og det er meir enn kva eg hadde lyst å bruka.

Ein studiefelle av meg på HiNeMo hadde skaffa seg eit slikt helikopter, og kunne dimed visa meg til DealExtreme. Der hadde dei mange helikopter til særs overkommelege prisar. Det billegaste i skrivande stund kostar 17,68 dollar, som nett no er kring 105 kroner. Dette er inkludert frakt frå Hong Kong, og lyt vel seiast å vera eit kjekt tilbod.

Når du handlar på DealExtreme, ver merksam på at ting tek tid. Står det at ei vare ikkje finst på lager, så kjem den vara neppe att. Ikkje ting den. Står det at det vil taka 3 til 5 dagar å pakka ei vare, så rekn med to veker – minst. Du gjer også lurt i å venta med å tinga til etter den kinesiske nyttårsfeiringa i januar/februar og andre høgtider. Elles er opningstidene deira frå 9.00 til 18.00 GMT+8 (02:00 til 11:00 norsk normaltid). Tek du òg omsyn til at produkta deira ofte er annanrangsutgåver (med tanke på merkevarer, men ikkje nødvendigvis kvalitet), så trur eg ikkje du får nokon overraskingar. Du kan kjøpa optisk ljodkabel til ein femtedel av prisen i norske butikkar, og dei har hundrevis av artige små gåveartiklar og kjekt utstyr til ein billeg penge. Kva med ein grøn laserpeikar til ein femtilapp? Eller vekkjeklokke til 20 kroner. Det billegaste produktet nett no er ei LED-lommelykt forma som ein gris, 4 kroner. Og alle prisene er inkludert frakt.

Helikopteret eg valde kosta 24,48 dollar. Alle desse radiostyrte helikoptera nyttar seks AA-batteri, så eg kjøpte eit par firepakningar med billege batteri i tillegg. Dette er ikkje av den høgste kvaliteten, og er (diverre) berre eingongs. Oppladbare er dyrare, så i fyrste omgang lyt det berre stå til.

Det tok som sagt litt tid før det kom. Eg tinga dette den 24. august. Den 29. august vart batteria sendt som rekommandert brev, som kom fram til Bunnpris Båsmo (post-i-butikk) den 11. september. Henta dei etter arbeid dagen etter. Det var ein liten bobleplastkonvolutt som var fastlimt med skikkeleg «heavy duty» pakketeip. Vedlagt låg òg ein lapp om at resten av ordren enno ikkje var sendt (ikkje at eg var uviten om det, F5-tasten i Opera er flittig nytta på kundesida mi hjå DX.). Eit av batteria hadde losna frå pakken, men elles var dei OK. Helikopteret tok endå lengre tid. Etter at batteria vart sendt, endra statusen på helikopteret på brukarsida mi seg frå «Processing» til «Waiting for supplier». Den 9. september endra dette seg endeleg til «Packaging», og eg rekna med at dei ville postleggja det på fredag den 11. september. Dette hende ikkje. I staden endra statusen seg attende til «Processing», men «Contact us for updates» attmed. Det lovar aldri bra.

Eg tok kontakt med DX via kundestøttesystemet deira. Sidan dette var i ei helg, fekk eg ikkje svar før torsdag den følgjande veka. Då skreiv dei at dette helikopteret diverre var utseld, og lurte på om eg ville byta i eit anna eller heva kjøpet. Eg fann to andre tilsvarande helikopter til omlag same pris, og sa at eg kunne taka ein av dei i staden. Laurdag den 19. september fekk eg melding om at noko var postlagt, og kort tid etterpå fekk eg høyra frå kundestøtta at dei faktisk hadde fått inn det fyrste helikopteret att. Kjempekjekt! Pakken vart sjølvsagt liggjande på postkontoret i Hong Kong over helga, men vart sendt natt til tysdag den 22. september, og så var det berre å venta. Allereie onsdag formiddag var han i Oslo, og i dag kunne eg henta den (eigentleg i går, men nokon rota vekk hentelappen og gløymte å fortelja meg det). Posten er til vanleg ikkje min beste ven, og plar vera skikkeleg trege med pakkane som skal til Rana. Idiotisk nok sendast dei til Fauske (18 mil nordover), før dei sender dei attende hit. Dette gjev minst to dagar ekstra ventetid. Heldigvis gjekk det ganske snøgt denne gongen. Hurra til det.

Vel heime pakka eg det spent opp. Bruksrettleiinga var ikkje heilt lett å skjøna seg på, då det var veldig mykje kinesisk tekst og utydelege bilete. Den engelske teksten som stod, var stutt, knotut og stundom litt teit: «Troubleshshooting guide. Problem: Can No control. Cause: It is a windy day». Eg heiv den vekk, og prøvde heller å finna ut av ting sjølv. Fekk ladda opp batteria utan problem, og eg forstår korleis eg skal ta av og landa, venda helikopteret rundt og få det til å fara framover og attover. Eg forstår til og med korleis eg stabiliserer det, viss det viser seg at eg er i ferd med å mista kontrollen. Alt dette til inga nytta.

Jau, for du hadde kanskje trudd at dette innlegget skulle enda med ei artig skildring av korleis eg gjekk i barndommen no og storkosa meg med den nye leiken min? Sorry, Mac, den gong ei. Djevelskapen vil nemleg ikkje starta. Alle ljosa blinkar og står på, men motoren reagerer ikkje i det heile teke. Eg er følgjeleg dritskuffa. Eg hadde ikkje forventa at dette skulle vera av høg kvalitet, men eg trudde eg skulle få minst ein flygetur ut av det før det ramla saman. Merkeleg nok har eg ikkje vorte sint enno. Det kjem truleg av at eg har andre ting å tenkja på for tida. Same kva, eg skal lata det liggja til i morgon, og få sjå på greiene med eit par friske og opplagte auge. Og viss ikkje, sender eg det attende til Hong Kong og tingar frå ThinkGeek i staden1. Dyrare frakt, men der går ting i det minste fortare.

  1. Viss eg gidder å tinga nytt i det heile teke []

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/09/helikopteret/