«

»

Opera 10.00

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Hurra. I går kom Opera endeleg ute i versjon 10. Som vanleg fungerer vevmysaren utmerkt, og har mykje spennande å by på.

Under panseret finn me den nye motoren, Presto 2.2. Denne er snøggare og betre, og gjev 100/100 i ACID 3 (som eg såvidt har skrive om tidlegare). Ingen av mine faste stoppestadar på veven visast feil i den nye Opera 10. Vel, bortsett frå ein, men det kjem av at den er programmert for Internet Explorer 6 med Flash.

Nytt i denne utgåva er Opera Turbo. Dei som nyttar Opera Mini kjenner til denne, og veit at sidene vert lasta opptil 8 gonger snøggare viss du sit med ei dårleg line. På ei god line har denne funksjonen ikkje så veldig mykje å seia, men den er uvurderleg på mobiltelefon med svindyrt Internett. Har du Opera Turbo slege på (lite fartsmålar-ikon nederst til venstre), vil alle vevsidene du vitjar verta sendt til ein Opera-tenar, kor dei komprimerast, og så sendast dei til deg. Du kan best sjå dette på bileta, som er meir blokk-aktige med Turbo enn utan. Og sjølvsagt på farta, som er raskare.

Eit anna kjekt nyhende er stavekontrollen. Dette har til no berre vore tilgjengeleg som UserJS, men det er jo frykteleg knotut og keisamt å ordna med. Det slepp me no. No kan me skriva i veg i ymse vevskjema (til dømes innspelfeltet her på Boba.no *host*hint*hark*), og sjå ei stripla raud line under ord me har skrive feil. Med mindre me skriv ordet andsvar, som ikkje står i ordboka. Men då kan me høgreklikka på det ordet, og sjølv leggja det til i ordlista vår. Kjekt.

Eit par estetiske endringar har òg hendt. Du kjenn att standardbunaden, men han framstår som finare og friskare enn i Opera 9. Ikkje så mørk og dyster lenger. Me kan forresten få fanerada som faner med tekst, som me er vane med frå nittitalet då Opera fann opp fanebasert surfing, eller som faner med bilete. Denne rada kan stå vassrett topp eller botn, eller loddrett til høgre eller venstre. Eg mistenkjer at eg neppe kjem til å nytta meg av biletfanene så veldig mykje, men dei ser flotte ut viss du liker sånt. Nytt er også snøggtastane. No kan du velja kor mange snøggtastar du vil ha, i staden for dei 9 (3×3) som er standard. Er du riktig vill og galen vel du 25 (5×5) snøggtastar. Du kan òg leggja til eit bakgrunnsbilete til dei. Dette er kanskje ikkje framand for Opera-entusiastar som veit vegen kring om i .ini-filene, brukarmappene og opera:config-vala, men no er det så enkelt som å trykkja ein knapp som står på snøggtastsida. Den mest merkbare estetiske endringa er det nye bumerket:

Gammalt og nytt bumerke

Dei to beste nyhenda har eg spara til slutt: Feilrapportering og autooppdatering. Om Opera plutseleg skulle finna på å gå i dørken, mest truleg på grunn av overdriven bruk av Flash-dritt eller svært Explorer-venleg kode på ei vevside, så vil du no mykje lettare kunne melda frå om feilen. Det er jo kjekt. Utviklarar som aldri får attendemelding frå brukarane sine, vil heller aldri kunne forbetra produktet sitt. No vil utviklarane av Opera få melding frå oss viss noko går gale, og viss dette er ein feil som går igjen, vil dei kunne retta han opp mykje snøggare no enn tidlegare då dei måtte finna feilen sjølv. Og når han er retta opp, vil me brukarane mykje snøggare få oppdatert vevmysaren vår no, sidan Opera endeleg har fått ein autooppdatering på plass. Dette er ein funksjon som Opera ikkje var fyrst ute med. Både Firefox og Safari har ein slik funksjon frå før. Vel, det var jo på tide at Opera fekk stela noko frå dei andre, etter at dei andre har stelt frå Opera i alle år…

Skaff deg Opera 10!

PS: Du finn ei liste med alle endringane på Opera-veven

3 innspel

  1. Simon

    Gløymde å nemna dette, men det er kanskje ikkje er av interesse for dei fleste lell: Opera Dragonfly er endeleg vorte betre. Dragonfly er utviklarverktyet som følgjer med, og er no vorte eit kjempekjekt verkty for vevutviklarar og interesserte. Eit anna kjekt verkty er Opera Unite, som gjer vevmysaren din om til ein vevtenar. Genialt! Diverre vart Unite ikkje ferdig til 10.00, men er kanskje med i 10.10. Då 10.00 framleis var i alfa, kom det ut ei prøveutgåve med Unite, og denne kan du lasta ned frå unite.opera.com. Inntil vidare får du altså anten velja den ferdige utgåva av Opera 10.00 utan Unite, eller ei uferdig utgåve av Opera 10.00 med Unite. Same kva, eg vonar du lastar ned og testar. Verdas beste nettlesar – no endå betre!

  2. Odin Hørthe Omdal

    Er langt i frå berre autouppdatering andre netlesarar hadde fyrst; t.d. hev me jo andre netlesarar hatt stavekontroll ei halv æva.

  3. Simon

    Jau, og også i Opera. Det vil seia, me måtte lasta ned ekstra ordlister før me kunne taka stavekontrollen i bruk, og fikla med innstillingar. Men den har same kva vore i Opera lengje. Skjønt viss me skal vera pedantiske, så er det fyrst no at stavekontrollen har vore enkel nok å taka i bruk til at alle kan gjera det.

    Mykje av det me ser på som standard i vevmysarar i dag, er det Opera som fyrst implementerte. Faner, tilgjenge på mange språk, fullforstørring (alt, inkludert bileta, i staden for berre teksten), nyhendestraumlesar, hurtigval, bokmerkesynkronisering, søk frå adresselina (på kva som helst søkjemotor), ACID 2 og ACID 3, lagring og av økter og automatisk oppretting av økt etter programfeil, brukarstyrt agentstreng, bittorrentnedlastar, … Alt dette kjem frå Opera. Så den der «langt i frå» er kanskje ikkje så lang lenger…

Gje innspel