Snøggare OpenOffice

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

OpenOffice er ein kjekk programpakke for skrivarstova, anten du er student eller berre liker å ha eit godt verkty til å skriva handlelista i. Og det er gratis. Ingen ekkel reklame, ingen ekkel 30-dagers prøveperiode – heilt fritt. Og det fungerer som fy. Kvifor i helvete betalar folk då 1000–6000 kroner for noko som OpenOffice gjer like godt?! Faktisk betre! *kremt* Dette innlegget handlar ikkje om det der andre ekle greiene, men om farta til OpenOffice. Versjon 3.1 av OpenOffice er ganske snøgt samanlikna med eldre utgåver, men det er faktisk mogleg å gjera det endå snøggare. (Så fremt du ikkje treng dei meir avanserte funksjonane, då.) Og det er kjempelett. Her skal eg visa korleis.

Klikk i menyen: Verktøy – Innstillingar. Under OpenOffice.org-valet, gå til Java. Som standard er det ei hake for «Bruk eit Java-køyremiljø». Fjern denne, klikk OK og start OpenOffice på nytt. Verre er det ikkje.

Som standard vil Java starta opp fyrst, og OpenOffice køyrast gjennom det. Fint for nokre funksjonar, men det er strengt teke ikkje nødvendig. Sjølv ikkje for skikkeleg dokumentformatering. Ved å skru dette av, startar OpenOffice direkte utan omvegen innom Java. Programma i OpenOffice vil no starta mykje snøggare, og den gjengse brukaren vil ikkje sakna funksjonane som krev Java for å verka. Og skulle du trenga det, er det berre å skru på Java att.

Lukke til!

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/10/sn%c3%b8ggare-openoffice/

2 comments

    • Egil on 26. oktober 2009 at 10:47

    Det er vel berre database-saka som krev Java? Eg har uansett for mange dårlege minner frå Access til å prøva eit liknande program.

    • Simon on 26. oktober 2009 at 17:59
      Author

    Ja, Base krev Java for å fungera skikkeleg, og elles er det eit par småfunksjonar kring om som òg krev det. Vegvisarar (til å laga brev, t.d.) og eksport til sære filformat, mellom anna. Ikkje noko du saknar.

Comments have been disabled.