Vampyrar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Vampyrane er over oss att. Det merker i alle fall me som arbeider i videokioskar, kinoar, bokhandlar og liknande. Mellom anna har skrikande tenåringsjenter som drøymer om Edward i New Moon, sette preg på kinoatmosfæren denne helga (filmen er allereie på 23.-plass over mest sette filmar i Noreg i år, med 127 254 billettar seld etter berre tre dagar). Men det er ikkje berre Twilight som syg (syg blod, that is… Sorry, kunne ikkje dy meg). Neste veke kjem sesong 1 av HBO-serien True Blood ut på DVD her til lands. Der Twilight-serien handlar om seksuelt avhald, er True Blood langt meir frivol.

The fair girl went on her knees, and bent over me, fairly gloating. There was a deliberate voluptuousness which was both thrilling and repulsive, and as she arched her neck she actually licked her lips like an animal, till I could see in the moonlight the moisture shining on the scarlet lips and on the red tongue as it lapped the white sharp teeth. Lower and lower went her head as the lips went below the range of my mouth and chin and seemed about to fasten on my throat. Then she paused, and I could feel the hot breath on my neck, the soft, shivering touch of the lips on the super-sensitive skin of my throat, the hard dents of two sharp teeth, just touching and pausing there. I closed my eyes in a languorous ecstasy and waited – waited with beating heart.

Koplinga mellom vampyrar og sex fascinerer, men det som er meir påfallande, er kjønnsskiftet. No til dags er det den elegante gentlemanvampyren dei fleste har eit bilete av. Eg har inntrykk av at vampyrar oftast var kvinner tidlegare (derav til dømes Edward Munch-målarstykket, eller ordet vamp). Sjølvsagt finst det supersexy vampyrkvinner òg. Sitatet over er frå romanen Dracula av Bram Stoker. Juristen Jonathan Harker er hjå den ljossky greven, og treff på tre forførariske kvinner. Eit svært dampande og heitt treff, men som ender med at grev Dracula kjem og jagar vekk brurene/døtrene sine (javisst, romanen inneheld både homoerotikk og blodskam).

Same kva, det finst sjølvsagt vampyrar som slettast ikkje speler på sex. Eg fekk lyst til å laga ei topp ti-liste over dei beste vampyrfilmane eg veit om. Det er vel på tide?. Problemet er at eg ikkje kjem på så frykteleg mange gode vampyrfilmar. Underworld er kult å sjå, men berre av di Kate Beckinsale er heit. Blade er tøff, men eg vil aldri kalla den filmserien god. KLM-filmen Noe helt annet er ein kuriositet, men god? Neppe. Og så har me jo den vidgjetne Buffy-filmen, då. Veldig artig, men ikkje veldig god. Ofte går vampyrfilmar andre vegen for meg. At dei er dårlege. Dracula 2000, til dømes, og dei fælslege oppfølgjarane. Eller Legion of the Dead. For ikkje å snakka om BloodRayne. Eg grøssar. Og ikkje på grunn av at desse filmane er skumle. Kor som er, eg har vridd hjernen min, og kome på eit par titlar. Eg vonar lesarane mine kan koma med endå fleire.

Nesten på topp

Martin

George A. Romero er nok mest kjend for zombiane sine, men har med denne filmen laga ein solid vampyrfilm om den unge karen Martin som trur at han er ein vampyr. Ein film om galenskap og avhengnad.

Barberblad fungerer like godt som hjørnetenner
Martin (1977)

From Dusk Till Dawn

Eg har tidlegare ytra misnøye med denne filmen – og då særskild den plutselege sjangerblandinga midtvegs. Etter å ha varma opp for denne ideen, innser eg at filmen er ganske så fornøyeleg lell. Det er framleis mykje eg ikkje liker med den, men den er utruleg artig når protagonistane våre kjem til skjenkestova Titty Twister.

Kven har sagt at vampyrar må vera vakre og elegante?
From Dusk til Dawn (1996)

The Lost Boys

Med unnatak av dei grueleg fæle hårfrisyrane, er denne filmen ganske artig. Kiefer Sutherland som sjefsvampyr i ein liten by. Festar heile natta, søv heile dagen. Filmen handlar om to brør som flyttar til staden, og fortel ei god historie om det å vera tenåring, om å ynskja høyra heime ein stad, og om å trassa autoritetar. Rebel without a cause, berre med vampyrar!

MacGyver og Tore på Sporet ville passa godt inn her.
The Lost Boys (1987)

Salem’s Lot

Ofte når Stephen King-bøker kjem til filmmediet, går det rett vest. Men ein sjeldan gong i blant klarar filmutgåva å klatra ut av stinkholet som er Stephen King-filmatiseringar, og vera god. Dette er ein av desse. Sjølvsagt kan du ikkje samanlikna boka og filmen/miniserien, det er heilt ulike medium. Set deg heller attende og nyt vampyrane og regien til Tobe Hooper, mannen som praktisk tala fann opp ungdomsskrekk/slasherfilmen med The Texas Chain Saw Massacre.

Ingenting er så skummel som ungar
Salem’s Lot (1979)

Interview with the Vampire: The Vampire Chronicles

Det er mykje du kan seia om denne filmen, men eg tykkjer han i hovudsak handlar om anger. Og der klarar han å teikna eit fantastisk bilete. Brad Pitt speler greit, men det er Tom Cruise som verkeleg eig filmen i rolla som Lestat.

Brad Pitt og Tom Cruise
Interview with the Vampire: The Vampire Chronicles (1994)

Sjølve lista

# 10: The Last Man on Earth og The Omega Man

Vincent Price (The Last Man on Earth) eller Charlton Heston (The Omega Man), båe er like spennande. No har eg ikkje sett Will Smith-utgåva (I am legend), men trur nok eg vil føretrekkja Price og Heston over Smith. Postapokalyptiske filmar er alltid artig, og her får me altså i tillegg vampyrar. Kult!

Vincent Price
The Last Man on Earth (1964)

# 9: Persona

Ja, eg veit at dette er å strekkja vampyr-omgrepet litt. Dette er ein film der inga einskild tolking er korrekt, så det kan godt henda at du ikkje tykkjer denne høyrer heime her. Eg opplevde i alle fall at Elisabeth Volger var vampyrisk, som saug til seg løyndommane og etterkvart personlegdomen til pleierska Alma.

Bibi Andersson og Liv Ullmann
Persona (1966)

# 8: Vampyr: Der Traum des Allan Grey

Det er fornøyeleg å sjå denne filmen. Så flotte visuelle inntrykk, og veldig stemningsfullt filma. Vampyrar, skrømt, draumar, skuggar. Det er kjekt å vera tilskodar når filmar er så flotte som denne.

Mannen med ljåen(?)
Vampyr: Der Traum des Allan Grey (1932)

# 7: Paris, je t’aime: Quartier de la Madeleine

Paris, je t’aime er ei novellefilmsamling om Paris og ulike forhold i og til byen. Sekvensen Quartier de la Madeleine handlar om ein turist spelt av Elijah Wood, som vert forfølgd av ein vampyr spelt av Olga Kurylenko, gjennom gatene i kjærleiksbyen ei natt. Regi og manus for kortfilmen er Vincenzo Natali, som tidlegare har laga Cube.

Elijah Wood
Paris, je t’aime: Quartier de la Madeleine (2006)

# 6: Horror of Dracula

For eit stjernelag! Peter Cushing, Michael Gough, og i tittelrolla finn me Christopher Lee! Beste Hammer-film?

Grev Dooku… orsak, Grev Dracula
Horror of Dracula (1958)

# 5: Dracula

Kunne jo ikkje ha ei vampyrfilmliste utan den fyrste offisielle filmdebuten til Dracula, vel? Denne utgåva er basert på eit teaterstykke, ikkje på sjølve boka, og kjenst difor litt mindre ut. Men med god hjelp frå kinematografien og ikkje minst Bela Lugosi i tittelrolla, er denne filmen svært fornøyeleg.

Faen glor’u på?
Dracula (1931)

# 4: X-Files: Bad Blood

Jada, dette er ikkje ein film, men eg har jo allereie teke med ein kortfilm, så kvifor ikkje ein episode frå ein fjernsynsserie? Episoden opnar med at Mulder jagar ein vampyr gjennom skogen, tek honom att, og køyrer ein trepåle gjennom hjartet hans. Men kva skal ein vampyr med hjørnetenner av plast? Mykje artig, mykje spennande. Godt skrive, godt utført. Dette er ein av dei beste episodane til X Files.

Obligatorisk «mørk kyrkjegard»-scene
The X Files S05E12: Bad Blood (1998)

# 3: Låt den rätte komma in

Ein film med mange nivå. Alkohol, mobbing, psykosar og pedofili med meir, samt ei knall historie om einsemd og venskap.

Slepp meg inn
Låt den rätte komma in (2008)

# 2: Night Watch

Nochnoy dozor, og Dnevnoy dozor, kom heilt ut av det blå for meg. Sjølvsagt er eg ikkje så veldig oppdatert på russisk film, og det er kanskje litt av grunnen, men fy faen eg vart teke på senga då eg stifta kjennskap med filmen/filmane. Så utruleg kul, jævla tøff og tvers gjennom fantastisk! Eit notabene her er at mannen bak denne stilorgasmen, Timur Bekmambetov, kjem med ein film til neste år som skal heita The Knights Templar, og den skal handla om den heilage gralen og – ja, nettopp – vampyrar. Digg!

Anton er høg på griseblod
Nochnoy dozor (2004)

# 1: Nosferatu, eine Symphonie des Grauens

Viss du berre skal sjå éin vampyrfilm, er dette det rette valet. Basert på Dracula, men med visse endringar av rettslege grunnar. Tysk ekspresjonisme på sitt beste. Ingen gestaltar rolla som vampyren heilt som Max Schreck – ein rolleprestasjon så fantastisk at det gjekk gjetord om at skodespelaren faktisk var ein ekte vampyr. Skikkelege skrekkfilmar speler på stemning, ikkje på skvetteeffekten. Nosferatu er stemning tvers gjennom, og eg kjenner det går kaldt nedover ryggen min berre av å skriva om den. Ikkje gløym Werner Herzog-utgåva, med Klaus Kinski i rolla som greven. Ta gjerne òg ein titt på Shadow of the Vampire, filmen om filmen, med Willem Dafoe i rolla som Max Schreck.

Skuggar er skumle
Nosferatu, eine Symphonie des Grauens (1922)

Permanent link to this article: https://boba.no/2009/11/vampyrar/

4 comments

Skip to comment form

    • Sofie on 25. november 2009 at 19:43

    Fine lister! Takker for mange tips 🙂 Night Watch er blodharry spør du meg, men det er muligens noe av sjarmen. Likte den på et merkelig vis.

  1. Ja! Du kommer meg i forkjøpet. En veldig tilsvarende post har ligget og rumlet i magen min lenge, der jeg vil grave frem de aller beste vampyrbøkene – og samtlige filmer du ramser opp, som jeg har et skikkelig forhold til, stammer fra bøker. Låt den rätta komme in! Vampyrvri på queerteori, iført vakre menneskeskildringer! Interview with a vampire, som er en genial nyskaping av vampyrmyten, hva en enn måtte mene om Anne Rice. Og Dracula, den originale, den stadig like fantastiske.

    Den eneste som ikke er en bok, men som til gjengjeld kanskje er min favoritt av alle filmene du nevner – from dusk til dawn. Første gang jeg så den, hadde kjæresten min nektet meg å lese bakpå coveret, og jeg trodde derfor dette var en vanlig Tarantino/Rodriguezfilm. (Kjæresten min vet hva jeg synes om vampyrer. Han holdt kjeft med vilje. Det er en av de deiligste filmopplevelsene jeg har vært ute for.)

    Jeg stemmer i, takk for listen. Jeg skal ha det morsomt i julen.

    • Simon on 8. desember 2009 at 0:19
      Author

    Takkar for innspel!

    Sofie: Tja, kanskje det. Men det er deilig det ein gong i blant, det òg! Filmen er ei visuell frygd. Skru av ljoden, drit i historia, berre sjå på kinematografi, klipp, mise-en-scène, ljos, effektar… Herleg!

    Engeline: Eg må innrømma at eg ikkje har lese så frykteleg mykje vampyrlitteratur utover Dracula, sjølv om eg er klar over bakgrunnen til fleire av filmane her. Men éin bokvampyr eg kan trekkja fram, er Rydiger, Den vesle vampyren 😛

    • jamie on 30. desember 2009 at 3:32

    Om du liker HAMMER filmene da anbefaler jeg The Devil Rides Out. Christopher Lee og Peter Kushing er begge med og Lee har sagt at den er favoritten hans. En annen er Horror Express, med Lee og Kushing den ogsaa

Comments have been disabled.