Filmåra 2000-2009

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Oppsummeringa av tiåret 2000–2009 held fram.

Drittfilm

Diverre er ikkje alt godt i filmverda. Det lagast utruleg nok dårleg film, og frå tiåret som gjekk kan eg nemna i fleng: Ultraviolet, Gigli, Starship Troopers 2, Glitter, Home Alone 4 eller den «norske» scifi-filmen Lies Inc. – som eg framleis får frysningar på ryggen av, så dårleg som den var. Men viss eg skulle laga ei liste over dei dårlegaste filmane eg såg i tiåret som gjekk (og det er jo nett det eg skal gjera no), så vil ho sjå om lag slik ut:

#10: BloodRayne

Det finst mange dårlege vampyrfilmar. Det finst mange dårlege videospelfilmar. Det finst, tru det eller ei, mange dårlege filmar med vakre kvinner i. Denne filmen kombinerer alt dette og meir til. Før denne kom, ville eg aldri trudd at det gjekk an å gjera Kristanna Loken usexy i ei topplaus sexscene, men det viste seg altså å vera fullt mogleg. Filmen er full av artige namn, som Ben Kingsley, Meat Loaf, Udo Kier, Michael Madsen, Michelle Rodriguez og Geraldine Chaplin, men ingen klarar å løfta filmen. Den sistnemnte er den einaste som faktisk ser ut til å prøva, men det er ikkje nok. Men kva anna er det å venta når doktor Uwe Boll, den tyske amatørboksaren, står for regien?

#9: Catwoman

X-Men hadde nyss opna for nyrenessanse for superheltfilmen, og Spider-man hadde fullbyrda det. Studioa kasta seg over kvart einaste produkt som lukta supert av og som enno ikkje var nemneverdig filmatisert. Kattekvinna kvessa rett nok klørne i Batman Returns tolv år tidlegare, men hadde ikkje fått sin eigen film å mala i. Med den ferske oscarvinnaren Halle Berry, legenda Sharon Stone, den populære Benjamin Bratt frå fjernsynet, og 100 millionar dollar i budsjettet, kunne det vel ikkje gå gale? Eller? Vel, med berre 40 millionar dollar i innkomer, har ikkje regissøren Pitof fått meir arbeidd i Hollywood. Denne fælslege filmen vann ikkje mindre enn fire razzie-prisar, for verste regi, verste skodespelarinne, verste manus og ikkje minst hovudprisen for verste film. Halle Berry gjorde historie ved å vera ein av dei få skodespelarane som har møtt opp for å ta i mot prisen, og ikkje berre det, men ho gav ein parodisk takketale med sjølvinnsikt. Men filmen var grueleg lell!

#8: Dumb and Dumberer: When Harry Met Lloyd

At oppfølgjarar ikkje plar å svara til forventingane, er ei kjensgjerning. Særleg når dei er mest attpåklattar, etteridear til ein sjølvstendig og avslutta film. Dumb and Dumberer hadde litt å tevla mot, og det hjelpte svært lite på at ingen av dei originale skodespelarane var med. Jim Carrey og Jeff Daniels gav oss ekte blautkakehumor ni år før, og så kjem Eric Christian Olsen og Derek Richardson her for å taka over desse rollene. Kvenfornokon, sa du? Nettopp. Kor som er, det som hadde vore blautkake i fyrstfilmen, var no berre noko vassent og ekkelt. Filmen vart nominert til tre razzie-prisar, deriblant verste manus som Gigli stal frå denne.

7: Book of Shadows: Blair Witch 2

The Blair Witch Project, som kom ut heilt på slutten av 90-talet, kosta berre 60.000 dollar i produksjonen. Trass i den billege prislappen, gjekk folk mann av huse for å sjå den, og filmen tok inn kring 4144 gonger sitt eige budsjett. Til samanlikning drog Titanic, som ligg på topplista over billettinnkomer i verda, inn berre ni gonger sitt eige budsjett. Med ein slik vinst, er det ikkje rart at studioet heiv seg over det fyrste oppfølgjarmanuset dei fann. Når me ser Blair Witch 2, kan me nesten undra på om dei faktisk las manuset før dei gjekk til produksjon. Den fyrste filmen hadde ein gjennomført atmosfære, godt hjelpt av ein dugeleg skrekkhistorie av leirbåltypen. Den andre filmen gjekk heilt bort frå båe desse, og gav oss ein heilt standard skvettefilm – du veit, med falsk ungdomssjargong, ingen skodespelarprestasjonar å sjå, fullstendig umotivert nakenheit, og med eit plott som du har sett ørten gonger før. Ikkje uventa vann filmen ein razzie for verste oppfølgjar, og den var òg nominert i fire andre kategoriar.

#6: Legion of the Dead

Å skrekk og gru, denne var fælsleg dårleg. Eg har fortrengt mesteparten av handlinga, men minnest at eg tykte det var eit slit å sjå filmen ferdig. «Skodespelarane», dei fleste kjent frå b-filmar, wrestling og porno, var kanskje det verste med filmen, med manuset hakk i hæl. Og når me snakkar om manuset: høgdepunktet i filmen er vel meir eller mindre «lånt» frå From Dusk till Dawn, men er ikkje i nærleiken av den filmen.

#5: Doom

Eg har aldri spelt Doom, videospela, og hadde såleis ingen forventingar. Derimot har eg sett barske-militærtypar-filleskyter-alt-som-rører-på-seg før, og det er alltid like keisamt. Og det som ikkje var keisamt, var berre forvirrande. Kva verre er – og ein av dei mest irriterande tinga i filmen – vart kameraet styrt som om filmen skulle vera eit videospel. Me fekk handhalde kamera med fyrstepersonperspektiv, med våpenet midt i synsfeltet, nett som om me sat og spelte sjølv. Problemet var berre det at me ikkje hadde nokon kontroll sjølv. Det er ingenting som er så dumt som å berre sjå på FPS utan å spela sjølv. Film er film, videospel er videospel, to heilt ulike medium med kvar sin uforeinlege estetikk. Spel som prøver å likna på film er dønn keisame, og som Doom provar går det heller dårleg med filmar som prøver å likna på spel.

#4: Meet the Spartans

I 2000 opna Scary Movie døra for hyperparodiar – filmar som ikkje gjer anna enn å gjera narr av andre filmar. Korleis denne filmen fekk tre oppfølgjarar, er ufatteleg for meg, men eg må innrømma at eg har humra litt av eit par av dei. Mot slutten av tiåret, derimot, var dette utbruka. Det var ikkje artig lenger. Og det var då dei dukka opp. Disaster Movie… Date Movie… Superhero Movie… Stan Helsing… Meet the Spartans. Urk, er det mogleg å vera så tåpeleg? Ein god parodi vil peika nase mot originalverket, men òg heidra det. Ein god parodi vil setja ting frå opphavet på spissen, overdriva dei litt for den komiske effekten, og samstundes ha eit poeng. Ein kvar jypling kan ta ein kva som helst film og gjera hovudpersonen stokke dum. Det er ikkje vanskeleg. Men finst det ikkje eit bodskap i denne fordumminga, er det berre tåpeleg. Meet the Spartans er ikkje ein god film. Meet the Spartans er ein dum, teit, tåpeleg, idiotisk, fantasilaus, tannlaus og tvers gjennom dårleg film. Nominert til fem razzie saman med Disaster Moive, og ligg i skrivande stund på plass nummer 100 over verdas dårlegaste filmar.

#3: Dracula 3000

Å hjelpe meg, denne var ille. «In space, the sun never rises», heiter det seg, og me finner Van Helsing ombord på eit romskip med femti kister – ei av dei full av vondskap i form av grev Dracula. Langley Kirkwood speler den vidgjetne rollefiguren, men klarar ikkje å fengja som greven. Han har mange å tevla mot – Max Schreck, Bela Lugosi, Christopher Lee, Gary Oldman, Frank Langella, Klaus Kinski, berre for å nemna nokre – men det er ingenting i Kirkwood si tolking som skil seg positivt ut og gjev honom retten til å vera i same selskap som desse gigantane. Dessutan høyrer ikkje greven heime i eit romskip. Lærte dei ingenting av Jason X? Filmen er søppel.

#2: Epic Movie

Hei, hugsar du plass #4? Mannlorten til Jason Friedberg og Aaron Seltzer, Meet the Spartans? Vel, denne er verre. Mykje verre. Ei smørje utan like. Ei søppelfylling av dårlege idear og prompevitsar. Kan me få sleppa slike filmar i det nye tiåret? Epic Movie ligg nett no på plass 72 over verdas dårlegaste filmar.

#1: Frost: Portrait of a Vampire

Å, fy faen! Er det mogleg? Eg berre spyr. No kan det sjå ut til at eg har noko i mot vampyrfilmar, ettersom fire av desse ti er det. Dette er reint tilfeldig, sjølv om det også kan tenkjast at vampyrfilm er lett å gjera feil med. Same kva, filmen handlar om at ein militærkar vart bite av ein vampyr i Afghanistan. Ti år etter vert han sjølv om til ein vampyr, og no må kapteinen hans jaga honom, eller noko sånt. Eg klarte ikkje å følgja så mykje med, for kvaliteten (= mangelen av den) på skodespelet var utruleg distraherande. Nesten like distraherande som effektane. Skummel? Nei. Spennande? Slettast ikkje? Dårleg? Å, jadda. Så dårleg at berre kring 240 personar på IMDb har gjeve den karakter. Så dårleg at eg nærmast vert deprimert av å tenkja på den. Så dårleg at eg godt kan sjå Epic Movie ein gong til viss det tyder at eg slepp minnet av denne!

På neste side tek for eg for meg litt av det norske filmtiåret.

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/01/film2k/

5 comments

Skip to comment form

    • Ola on 5. januar 2010 at 22:44

    Eg hugsar ikkje Vømmøl-scena i Gymnaslærer Pedersen. Kva hende då? Men Folque-scena (med Reinlender) er veldig minneverdig!
    Kule lister forresten.

  1. Veldig moro! Eg må nok sjå eit par av desse du hev tilrådd som eg enno ikkje hev fengje sett, ja.

    • Simon on 22. januar 2010 at 16:15
      Author

    Takkar, båe to.

    Ola: Pedersen treff Skåtøy på marknaden. Ho har kjøpt den nye plata til Vømmøl. Dei fer heim til henne for å lytta til den.

    Odin: Ja, det lyt du! Men som alltid med listene mine, er dette sjølvsagt berre mi subjektive meining. Eg hevdar ikkje at dette er dei definitive listene, det beste av det beste, men snarare mine favorittar. Vil gjerne høyra kva du – og alle andre som les dette – tykkjer om dei, og om de har framlegg til andre titlar som de meiner passar betre.

    • Simon on 29. januar 2010 at 1:06
      Author

    Denne veka vakna me opp til at noko grueleg fælt hadde hendt. IMDb hadde endra på/fjerna PowerSearch. Dette av di den gamle varianten innehalda mykje feil, t.d. at TV-seriar ikkje vart ekskludert viss du valde dette. No skal slike feil vera ordna. Og det er jo fint. Problemet er berre at dei har fjerna ein av dei aller, aller viktigaste funksjonane i PowerSearch, nemleg høve til å søkja i Vote History. Er du som meg, med over 1300 titlar merka av hjå IMDb, er høvet til å velja å søkja blant berre titlar eg har sett eller berre titlar eg ikkje har sett uvurderleg. Dette var stort sett det einaste eg nytta PowerSearch til (t.d. finna ut kor mange filmar med Bruce Willis eg har sett. Eller, som under førebuinga til dette innlegget, kva filmar frå 2000–2009 innan t.d. sjangeren science fiction eg hadde sett). Dette er stort sett den einaste grunnen til at eg gjev karakterar til filmar på IMDb. Utan høve til å søkja i dei på dette viset, har det ingenting for seg lenger å gje karakterar og dimed merka dei som sett. Skikkeleg låkt gjort, IMDb!

    • Simon on 28. mars 2010 at 20:11
      Author

    Endeleg er det mogleg å søkja i røystene sine att. Diverre ikkje ein fullgod erstatning av den gamle PowerSearch, men godt på veg. Eg viser deg korleis i innlegget Lengje leve PowerSearch.

Comments have been disabled.